Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 42

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 17. oktober
Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland møter leiarane for dei tre arbeidsgruppene i samarbeidsforum for havvind. På møtet får statsråden ei orientering om arbeidet i gruppene og erfaringar til no.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.


Kl. 13.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Tysdag 18. oktober
Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med behandlinga av fleire saker på energiområdet.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Onsdag 19. oktober
Kl. 16.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er tilgjengeleg for presse som ønskjer kommentarar til NVE sine rapportar om kraftsituasjonen og vassmagasina. Stad: Vandrehallen i Stortinget.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Torsdag 20. oktober

Kl. 10:00: Olje- og energiminister Terje Aasland er i Stortinget i samband med ein interpellasjon om utviklinga av bølgekraftteknologi.

Kl. 11:30: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Norges Energidager 2022. Stad: Scandic Fornebu, Martin Linges vei 2.

Pressekontaktar er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@oed.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Jo Henrik Jarstø, telefon 99 55 75 23, e-post jo-henrik.jarsto@oed.dep.no.