Utdrag frå olje- og energiminister Terje Aaslands kalender for veke 46

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 13. november

Kl. 13.30: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Anna Mascolo, som er global direktør for hydrogen, karbonfangst og -lagring og lågutsleppsdrivstoff i Shell.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 14.30: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på sentralstyremøte i Arbeidarpartiet.

 

Kl.  17.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på Shell Energy Dialogue i Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 20.20: Olje- og energiminister Terje Aasland held innlegg på konferansen International Energy Forum 2023, på Gamle Logen i Oslo.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Tysdag 14. november

Kl. 12.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på ein arbeidslunsj med ambassadørane frå dei nordiske og baltiske landa. Tema for lunsjen er aktuelle energispørsmål.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 14.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Hitec Vision, der Hitec Vision kjem for å presentere sine investeringar.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 16.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Næringsforeningen i Kristiansandsregionen og Næringsforeningen i Stavanger-regionen. Tema for møtet er kraftsituasjonen i straumprisområdet NO2. Møtet går føre seg i Olje- og energidepartementet i Akersgata 59.

Det er mogleg å fotografere ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar seinast kl. 15.45. Ta med pressekort og gyldig ID. Etter møtet, om lag kl. 17.00, er deltakarane tilgjengelege for presse.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 17.20: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med administrerande direktør Jean Paul Prates i Petrobras. Tema for møtet er blant anna energiomstilling og norske erfaringar med karbonfangst og -lagring.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Onsdag 15. november

Kl. 11.30: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades i den ordinære spørjetimen i Stortinget.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Torsdag 16. november

Kl. 08.00: Olje- og energiminister Terje Aasland er til stades på eit frukostmøte i samband med OG21-forum 2023. OG21 arbeider for effektiv, sikker og miljøvennleg verdiskaping frå norske olje- og gassressursar. På frukostmøtet deltek om lag 20 toppleiarar frå selskap som arbeider med forsking og utvikling i petroleumssektoren.

 

Kl. 09.30: Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på OG21-forum 2023. Årets konferanse har tittelen "På lag med Europa: Teknologi som sikrer norske energileveranser gjennom det grønne skiftet". Statsråden skal òg dele ut prisen «OG21 Technology Champion».

Frukostmøtet og konferansen går føre seg hjå Forskingsrådet. Adresse: Drammensveien 288, Lysaker.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Kl. 11.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med direktør Christian Zinglersen i EUs energibyrå ACER, i samband med at Zinglersen er på besøk i Oslo.  

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Fredag 17. november

Kl. 08.00: Olje- og energiminister Terje Aasland har møte med Seagust og Vattenfall om Sørlige Nordsjø II.

For meir informasjon, kontakt pressevakta i Olje- og energidepartementet på 41 57 35 00, e-post info@oed.dep.no.

 

Lørdag 18. november

Kl. 11.00: Olje- og energiminister Terje Aasland deltar på stiftelsesårsmøte i Telemark Arbeiderparti.

For meir informasjon, kontakt politisk rådgiver Jorid Nordmelan på 959 42 084, e-post jno@oed.dep.no.

 

Søndag 19. november og måndag 20. november

Olje- og energiminister Terje Aasland deltek på ministermøte i Nordsjøsamarbeidet (NSEC). NSEC er ein sentral arena for utvikling av havvind i Nordsjøen. Ministermøtet går føre seg i Haag i Nederland.

Måndag reiser statsråden vidare til Brussel for å delta på EU Hydrogen Week der han skal halde innlegg og møte norske bedrifter.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Henrik Hoel, telefon 48 13 61 94, e-post heh@oed.dep.no.