Historisk arkiv

Utgreiing av behov for matkastelov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I tråd med Stortinget Vedtak nr. 422 og 424 (2016–2017) har Landbruks- og matdepartementet gjennomført ei utgreiing av behovet for ein matkastelov. Utgreiinga konkluderer med at det ikkje synest å vere nødvendig med ei matkastelov på noverande tidspunkt.

Arbeidet med å førebyggje og redusere matsvinn har hatt positive effektar, og matsvinnet har blitt redusert med 12 prosent i perioden frå 2010 til 2015. I juni 2017 blei det underskrive ein avtale mellom matbransjen og styresmaktene om å halvere matsvinnet innan 2030. Arbeidet med matsvinn fortset i oppfølginga av denne avtalen. Utgreiinga viser at det er usikkert om ein lov vil tilføre ein meirverdi samanlikna med arbeidet som allereie er i gang. Ettersom det er sett i verk ei rekkje tiltak, meiner departementet det er viktig at ein vinn erfaring med desse tiltaka, og vil difor ikkje gjere framlegg om eit nytt lovverk på området.