Historisk arkiv

Utgreiing om å etablere sentral valeining

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

På oppdrag frå departementet har Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) lagt fram rapporten ”Valgets kval? Utredning for etablering av sentral valgenhet”.

På oppdrag frå departementet har Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) lagt fram rapporten ”Valgets kval? Utredning for etablering av sentral valgenhet”.

Departementet har bede DIFI greie ut alternative modellar for organisering av valarbeidet på sentralt nivå. DIFI foreslår i rapporten at det blir oppretta ei sentral valeining her i landet. Dei meiner at flest muleg av dei oppgåvene som i dag ligg i departementet bør overførast til denne eininga. Lovutviklingsoppgåver bør likevel liggje i departementet.

– Over tid har vi sett eit behov for å vurdere om dei meir operative oppgåvene knytt til val bør skiljast ut frå departementet. No vil vi gå nøye gjennom forslaget frå DIFI, seier kommunalminister Liv Signe Navarsete.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.