Utgreiing om kunstnarøkonomi overlevert til kulturministeren

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Onsdag 28. januar vart utgreiinga om kunstnarøkonomi levert til kulturminister Thorhild Widvey. Utgreiinga skal bidra til å utvikle ein kunstnarpolitikk med meir merksemd mot etterspurnad og næringspotensiale.

Utgreiingsleiar Vigdis Moe Skarstein overleverer rapporten "Kunstens autonomi go kunstens økonomi" til kulturminister Thorhild Widvey 28 jan 2015.
Utgreiingsleiar Vigdis Moe Skarstein overleverer rapporten "Kunstens autonomi og kunstens økonomi" til kulturminister Thorhild Widvey. Foto: Foto: Ketil Frøland/Kulturdepartementet

- Regjeringa ynskjer ei breiare finansiering av kulturlivet og meir entreprenørskap i kultursektoren. Samstundes er det å yte offentleg støtte til smale kunstuttrykk ei viktig investering i ny og annleis tenking som utviklar samfunnet og gjer det rikare, seier kulturminister Thorhild Widvey. Ho vonar utgreiinga vil gje viktige bidrag til fornying av kunstnarpolitikken slik at fleire kan leve av kunst som næring.

Rapporten "Kunstens autonomi og kunstens økonomi"

I tillegg til å kartleggje kunstnarane sin økonomi tar utgreiinga opp korleis den private delen av marknaden kan utviklast samt viktige spørsmål om digitalisering, opphavsrett og entreprenørskap.  

Utgreiinga tilrår ein eigen instans for forvalting av kunstnarpolitikken, anten som eige organ, eller som ei avdeling under Norsk kulturråd. Samstundes peikar utgreiinga på det store potensialet som ligg i entreprenørskap og næringsutvikling, og tilrår forenklingar  av regelverket for sjølvstendig næringsdrivande.

- Vi treng meir målretta verkemiddel i samsvar med utviklinga i samfunnet. Eg ynskjer debatt om tilrådingane for kunstnarpolitikken. I tillegg til ei brei høyring vil vi invitere til innspelseminar i høyringsperioden, seier kulturministeren.

Vigdis Moe Skarstein har leia arbeidet med utgreiinga. Med seg i arbeidet har ho hatt ei referansegruppe der aktive kunstnarar har vore med, dette gjer at dette er første gong kunst- og kunstnarpolitikken har blitt gjennomgått sett frå kunstnaren sin ståstad. Medlemmene i  referansegruppa har vore:

  • Anne Katrine Dolven, kunstner
  • Esperanza Rosales, gallerist og leder av prosjekt for samlere
  • Jo Strømgren, koreograf, regissør og danser
  • Knut Schreiner, musiker, skribent og student
  • Stein Bjelland, kulturentreprenør
  • Ellen Aslaksen, forsker og FoU-leder i Norsk kulturråd
  • Randi Eek Thorsen, styreleder i Sparebankstiftelsen DNB
  • Christian P. Iversen, Brønnøysundregistrene
Referansegruppa frå venstre: Anne Katrine Dolven, Christian P. Iversen, Ellen Aslaksen, Vigdis Moe Skarstein (leder), Arne Gundersen (sekretær), Michelle A. Tisdel (sekretær), Knut Schreiner, Esperanza Rosales og Stein Bjelland. Jo Strømgren og Randi Thorsen var ikkje til stades. Foto: Foto: Finn Mølmen / Kulturdepartementet

 

Nett-tv Nett-TV: Kulturministeren mottar utgreiing om kunstnarøkonomi

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her