Historisk arkiv

Utprøving av ny teknologi i beitenæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har overfor Mattilsynet presisert at tilsynet må legge til rette for utprøving av ny teknologi som kan bidra til auka utnytting av beiteressursar basert på god dyrevelferd.

Det har over fleire år blitt gjort utprøving av ein elektrisk klave (halsband) med innebygd GPS som kan nyttast til å halde oversikt over kvar dyra er og avgrense beiteområdet, utan eit fysisk gjerde (NoFence).

– Eg synest det er svært interessant med norsk utvikling av ny teknologi som kan betre utnyttinga av beiteressursane i utmarka, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Mattilsynet har konkludert med at det førebels ikkje er dokumentert at klaven er eigna ut frå omsynet til dyrevelferd. Tilsynet har påpeika at dagens bruk av NoFence må stoppast.

– Dyrevelferd har høg prioritet. Bruk av utmarksbeite er positivt både for dyra og for husdyrnæringa. Det er viktig at Mattilsynet legg til rette for at den nye teknologien kan bli prøvd ut i Noreg og dokumentert med omsyn til dyrevelferd, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Departementet har i brev til Mattilsynet 2. september bede om nærare orientering om Mattilsynet sine vurderingar i denne saka og understreka at Mattilsynet må legge til rette for den utprøvinga som er naudsynt, for å avklare om NoFence er eigna ut frå omsynet til dyrevelferd.