Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Utsyn over norsk landbruk

Handboka Utsyn over norsk landbruk frå Nibio inneheld ei rekke nøkkeltal frå ulike kjelder som til saman gir eit godt overblikk over utviklinga i landbruket.

Gjennom tala ser ein korleis landbruket har utvikla seg. Tala viser enkelte linjer som følgjer føreseieleg bane, som til dømes denne: Utviklinga i potetproduksjon – og forbruk. Forbruket av matpotet per innbyggjar har gått jamt nedover i fleire tiår, medan industrielt handsama potet som chips og pommes frites har auka. Andre linjer viser nedgang i mjølkekyr og mjølkeproduksjon. Nordmenn flest drikk mindre mjølk og et meir youghurt enn før. Midt på 1980-talet var mjølkekonsumet 225 liter per innbyggjar. I dag er det 135 liter. Innanfor samla mjølkekonsum har det og skjedd ei omfordeling frå heilmjølk til lettare mjølketypar.

Lågjæren sett frå Hola, Time i Rogaland.
Lågjæren sett frå Hola, Time i Rogaland. Foto: Oskar Puschmann
Til toppen