Historisk arkiv

Statsministerens program veke 37

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren besøkjer denne veka mellom anna Telemark og Vestfold.

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 12. september
Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg taler ved opninga av konferansen «Energetics 2016 – Konferanse om fleirkulturelle ressursar, innovasjon og verdiskaping» på Gardermoen. Konferansen vert arrangert av Norsk senter for flerkulturell verdiskaping, i samarbeid med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet og Buskerud fylkeskommune.

Adresse: Clarion Hotel & Congress Oslo Airport, Hans Gaarders vei 15.

Pressekontakt er politisk rådgivar Hans Christian Kaurin Hansson, telefon 924 58 181.

Tysdag 13. september
Kl. 09.50: Statsministeren besøkjer Asko i samband med at bedrifta tek i bruk dei første elektriske lastebilane i kommersiell drift i Noreg.

Adresse: Nedre Kalbakkvei 22 (innkøyring frå Bedriftsveien 9) i Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 13.30: Statsministeren besøkjer Elkem Solars nye fabrikk på Herøya. Statsministeren møter ein del av dei som har fått jobb på anlegget, før ho står for den offisielle opninga av den nye fabrikken. Adresse: Fjordgata 48 i Porsgrunn.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 16.30: Statsministeren besøkjer Telemark Toppidrettsgymnas i Skien, der ho får ei orientering om drifta og møter elevar ved den nye ungdomsskulen.

Adresse: Fritjof Nansensgate 19c.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 19.00: Statsministeren står for den offisielle opninga av «Den magiske fabrikken» på Sem i Tønsberg. Fabrikken produserer biogass og biogjødsel.

Adresse: Tarandrødveien 97.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458. Ved praktiske spørsmål kan kommunikasjonssjef Kaia E. Ross Lind i Greve Biogass kontaktas, telefon 934 05 003.

Torsdag 15. september
Kl. 18.00: Statsminister Erna Solberg og justis- og beredskapsminister Anders Anundsen inviterer til innspelsmøte i samband med arbeidet med ny handlingsplan mot radikalisering, i Parkveien 45.

Det er mogleg å fotografera ved starten av møtet. Oppmøte for fotografar i Riddervoldsgate 2 seinast kl. 17.30. Kort oppsummering for presse etter møtet.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987. Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren er kommunikasjonsrådgivar Raheela Chaudhry, telefon 91 88 35 68.

Akkreditering til uformelt nordisk statsministermøte på Åland
Statsminister Erna Solberg treff sine nordiske statsministerkollegaer på Åland 27. og 28. september. Journalistar som ønskjer å dekke besøket må akkreditere seg her seinast 20. september kl. 16.

Dei nordiske statsministrane vil mellom anna diskutere nordiske og internasjonale spørsmål, som utviklinga av nordisk samarbeid, EU-utfordringar, tryggingspolitikk i regionen rundt det Baltiske hav, og samarbeid mellom dei nordiske landa og USA.

Utdrag frå programmet:

27. september
Kl. 12.00: Arbeidslunsj i Mariehamn. Foto ved starten av møtet.
Kl. 15.00: Uformelt program for statsministrane på Havsvidden hotell. Foto og korte intervju ved starten av programmet.

28. september
Kl. 09.00: Statsministrane diskuterer. Foto ved starten av møtet.

Kl. 11.15: Felles pressekonferanse.

Kl. 13.30: Dei nordiske statsministrane, representantar frå Åland, Grønland og Færøyene, presidenten og direktøren i Nordisk Råd, og generalsekretæren i Nordisk ministerråd møter pressa etter ein felles arbeidslunsj. Foto og korte intervju.