– Verdifullt bidrag til helsehjelp i Ukraina

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Ein ny ambulansebuss finansiert av Utanriksdepartementet og planlagt av norske helsemyndigheiter kjem denne veka til Ukraina. Bussen skal nyttast av ukrainsk helsepersonell og vil styrke deira moglegheit til å frakte pasientar både inne i Ukraina og ut av landet.

Utvendig bilde av ambulansebuss
Den første av dei totalt fem ambulansebussane. Biletet er tatt i Rzeszów i Polen, der ukrainsk helsepersonell får opplæring i bruk av bussen. Foto: Helsedirektoratet

Bussen er den første av totalt fem bussar som norske myndigheiter gjer til Ukraina. Bussane er produsert ved Volvo-fabrikken i Säffle i Sverige. 

– Desse bussane vil vere eit viktig bidrag til helsehjelp i Ukraina. Det er også veldig nyttig for Noreg, då norske myndigheiter og norsk helsepersonell får verdifulle erfaringar med helseberedskap i ein krevjande og høgst reell situasjon, seier helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol.

Mogleggjort av EU-samarbeid

– Bussane er eit konkret døme på norsk støtte til Ukraina. Desse bussane er mogleggjort av vårt samarbeid med EU gjennom EUs sivile beredskapsordning, UCPM (Union Civil Protection Mechanism), fortel utanriksminister Anniken Huitfeldt.

– Ukraina gjer uttrykk for konkrete behov og Noreg, som fullverdig medlem i denne ordninga, har moglegheit til å levere. Bussane vil gjere transporten internt i Ukraina og ut av Ukraina, medisinsk forsvarleg. Desse bussane vil bidra til å redde liv, opplys utanriksministeren.

Sikrar behandling utanfor Ukraina

Bussane kan frakte alt frå krigsskadde pasientar til pasientar med andre alvorlege sjukdommar. Det viktigaste er at det gir Ukraina moglegheita til å flytte sjuke og såra og til å frakte pasientar ut av landet.

– Dette gjer at Noreg og andre land enklare kan ta imot pasientar til behandling også utanfor Ukraina, seier Kjerkol.

Rullande intensivsjukehus

Helsedirektoratet har i samarbeid med Oslo universitetssykehus hatt det faglege ansvaret for planlegginga og arbeidet med ambulansebussane. Bussane fungerer som eit rullande intensivsjukehus, dei har fem sengeplassar og det meste av medisinsk utstyr til blant anna pustehjelp og overvaking av hjarte og blodtrykk.

Legar frå Oslo universitetssjukehus med lang erfaring frå luftambulanse- og intensivmiljøet er ansvarlege for å lære opp ukrainsk helsepersonell i bruken av ambulansebussane.