Historisk arkiv

Verneforskrift i Rogaland og Agder endra i statsråd i dag

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

No er det mogleg å gje løyve til tidsavgrensa maskinpreparering av fleire skiløyper i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.

Landskapsvernområdet vart oppretta i 2000 og er om lag 2344 km2 stort. Føremålet med vernet er blant anna å ta vare på leveområdet for den sørlegaste villreinstamma i Europa. Etter ei klagesak viste det seg at det ikkje var heimel til å maskinpreparere skiløypa til turisthytta Sloaros. Fylkesmannen sende difor på høyring forslag til endringar i verneforskrifta slik at det i nokre få tilfelle vert mogleg å søke om preparering av aktuelle skiløyper som også tidlegare har vore preparert.

Villreinen i området har ifølgje forvaltningsplanen for verneområdet klart seg relativ godt dei siste 15 åra, også dei åra då skiløypene før klagesaka vart maskinpreparert. Bykle kommune har tidlegare lagt ned dei etablerte høgfjellsløypene Galteløypa og Tjønnbrotsbuløypa i Setesdal Austhei for å skåne villreinen. Ein føresetnad frå kommunen var då at løypa til Sloaros kunne vidareførast. Området er også viktig for friluftslivet. Regjeringa har derfor endra verneforskrifta slik at det i ein avgrensa del av sesongen er mogleg å gje løyve til maskinpreparering av skiløypa til mellom anna Sloaros. Av omsyn til villreinen er det særleg i løypa til Sloaros fastsett noko strengare vilkår samanlikna med høyringsforslaget.  

Kongelig resolusjon

Forskrift