Vil gjere det enklare å samle inn underskrifter på listeforslag

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Under pandemien fekk dei politiske partia og andre grupper som skulle stille til val, høve til å hente inn underskrifter på listeforslag elektronisk. – Vi har fått mange positive tilbakemeldingar på denne løysinga, og vil difor vidareføre den, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

No kan ein samle inn underskrifter på listeforslag både på papir og elektronisk. Det vil lette jobben for partia og andre som skal stille lister. For å bruke elektronisk underskrift, må dei som skal stille liste ved valet, bruke ei digital løysing som Valdirektoratet har utvikla.

Valdirektoratet har på oppdrag frå departementet utvikla ei permanent løysing for elektroniske underskrifter på listeforslag. Både forslagsstillarane og fylkeskommunane som brukte løysinga ved valet i 2021, meinte den var nyttig. Ein kan framleis samle inn fysiske underskrifter, slik fleire høyringsinstansar har etterspurt.

Departementet jobbar med å følgje opp vallovutvalet si utreiing og vil leggje fram ein proposisjon med forslag til ny vallov tidleg i 2023. Den nye lova vil gjelde frå stortingsvalet i 2025. Å opne for elektronisk underskrift på listeforslag er i tråd med utvalets forslag.

Løysinga er tilgjengeleg på www.valg.no  


Kommunal- og distriktsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00