Historisk arkiv

Varslar ny gründerpolitikk:

Vil ha fleire gode gründerar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

– Norsk næringsliv må få fleire bein å stå på. Derfor treng vi fleire gode, nyskapande gründerar som startar nye og lønsame bedrifter, seier næringsminister Monica Mæland. 

Næringsminister Monica Mæland møtte morgondagens gründerar på Kuben vidaregåande skule for å få innspel til gründerplanen.
Næringsminister Monica Mæland møtte morgondagens gründerar på Kuben vidaregåande skule for å få innspel til gründerplanen. Foto: Ragnhild Steenvaagnes/NFD

Næringslivet står framfor tøffe omstillingar i åra som kjem. For å legge til rette for meir nyskaping og fleire nye bedrifter, startar regjeringa arbeidet med ein gründerplan. 

- Gründerar fornyar næringslivet og skaper dei bedriftene vi skal leve av i framtida. Derfor er det avgjerande at Noreg er eit godt land å starte og utvikle ny verksemder i, seier næringsminister Monica Mæland. 

Noreg kjem til å leve av oljen i lang tid framover, men vi treng fleire bein å stå på. Den internasjonale konkurransen blir stadig sterkare, og vi må takle overgangen til eit meir klimavennleg samfunn. Samtidig får Noreg fleire eldre å forsørgje. 

- Vi har allereie tatt eit historisk løft for å legge til rette for meir innovasjon og fleire nyetableringar i heile landet.  Mange gründerar manglar likevel nødvendig kompetanse og kapital i startsfasen. Unødig byråkrati stel tid og ressursar. Vi held derfor fram med arbeidet for å fornye, forbetre og forenkle vilkåra for gründerar i Noreg, seier næringsministeren. 

Gründerplanen skal leggast fram i år.

- No ønskjer eg innspel til korleis regjeringa på beste måte kan betre vilkåra for dagens og morgondagens gründerar. I tillegg vil eg møte gründerar for å diskutere relevante utfordringar, seier Mæland.