Historisk arkiv

Ytre Steinsund bru kan få midlar i 40 år

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Ytre Steinsund bru i Sogn og Fjordane er eit ferjeavløysingsprosjekt. Det gjev fylkeskommunen høve til å byggja bru i staden for å ha ferje og få ferjeavløysingsmidlar inntil 40 år etter at ferja er lagt ned.

- Vi ønskjer å leggja til rette for effektive løysingar i reisekvardagen til folk flest. Dette ferjeavløysingsprosjektet vil vera til beste for innbyggjarane i Solund kommune. Det meste av kultur- og tenestetilbod i kommunen ligg i kommunesenteret Hardbakke. Ei realisering av dette prosjektet gjer det lettare for innbyggjarane i Ytre Solund å delta så vel i kulturaktivitetar som arbeidsliv. No er det opp til Sogn og Fjordane fylkeskommune å realisera prosjektet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.

Ferjeavløysingsordninga for fylkesvegferjer vart innført frå 2016. Med ferjeavløysingsordninga kan fylkeskommunane disponera pengar som i dag går til ferjedrift, til å delfinansiera bruer og undersjøiske tunnelar som erstattar eit ferjesamband. Fylkeskommunane vil kunna få ferjeavløysingsmidlar i inntil 40 år etter at ferja er lagt ned.

- Ordninga legg til rette for å realisera fleire bru- og tunnelprosjekt, slik at kommunar og regionar kan knytast saman på ein betre måte enn i dag. Det vil kunne stimulera til vekst og verdiskaping, seier samferdselsministeren.