Kontakt Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Besøksadresse: Akersgata 64 - Vis kart
Postadresse: Postboks 8019 Dep, 0030 Oslo
Organisasjonsnummer (for digital post): 983887457 Telefon: Sentralbord 22 24 90 90
Varelevering/budlevering: Varemottak Akersgata 59, innkøyring Munchs gt. 0180 Oslo
E-post
Arbeids- og inkluderingsdepartementet: postmottak@aid.dep.no
Arbeids- og inkluderingsministeren: postmottak@aid.dep.no
Tilsette i AID: Depkatalog
E-post til tilsette: fornamn.etternamn@aid.dep.no
Arbeids- og inkluderingsdepartementet kommenterer ikkje enkeltsaker, og kan ikkje instruere eller overprøve saksbehandlinga i Arbeids- og velferdsetaten (Nav), Trygderetten, Arbeidstilsynet eller andre underliggjande verksemder. For spørsmål om enkeltsaker ber vi deg vende deg direkte til den aktuelle verksemda.
Presseførespurnader
Tlf: 916 73 519
Presse@aid.dep.no
Pressekontaktar
Skriftlege førespurnader til departementet
Vi gjer deg merksam på at vanleg e-post er ukryptert. Vi oppmodar deg derfor til å ikkje sende teiepliktige, sensitive eller andre fortrulege opplysningar på e-post til departementet.
Departementet kan ikkje svare på førespurnader som inneheld teiepliktige opplysningar på e-post. Teiepliktige opplysningar er til dømes opplysningar om helsetilstanden til enkeltpersonar. Vi ber deg derfor oppgje fullt namn og adresse dersom du ønskjer eit svar på denne typen førespurnader.
Offentleglova
Arbeids- og inkluderingsdepartementet er forplikta til å behandle alle dokument, også e-post, i samsvar med offentleglova. Det betyr at alle dokument, inkludert all post til og frå departementet, som hovudregel er offentlege.
Den som ønskjer det, kan be om innsyn i departementet sine saksdokument. Dersom dokumentet inneheld teiepliktige opplysningar, vil opplysningane bli sladda før det blir gitt innsyn i dokumentet.
Offentleg journal
Departementet er etter arkivlova forplikta til å føre offentleg journal. I journalen skal all korrespondanse til og frå departementet førast opp. Følgjande opplysningar går som hovudregel fram av offentleg journal: Avsendar sitt namn, mottakar sitt namn, dato på dokumentet og ein kort omtale av innhaldet i dokumentet . Journalen blir likevel alltid ført på ein slik måte at han ikkje røper teiepliktige opplysningar.
Motta post frå departementet i Digipost eller e-Boks
Som mange andre offentlege verksemder sender også departementet post til den digitale postkassa di.
Les meir om korleis du opprettar digital postkasse frå Digipost eller e-Boks på www.norge.no.