Historisk arkiv

6 Kapittel 6 Kommunale...

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

6 Kapittel 6 Kommunale kostnader knytte til tenestene

I dette kapitlet blir det gjort greie for kva kostnader kommunane har med dei ulike tenestene. Framstillinga er i hovedsak basert på undersøkingar ECON har gjennomført og data frå Statistisk sentralbyrå og statens utdanningskontor.

6.1 6.1 Tilskott til opplæring for språklege minoritetar

6.1.1 6.1.1 Grunnlaget for berekningane

Grunnlaget for drøftinga av dei kommunale kostnadene som er knytte til opplæring for elevar med anna morsmål enn norsk og samisk, er ei undersøking ECON gjennomførte våren 2000. Det vart sendt ut eit spørjeskjema til 75 kommunar; 58 kommunar svarte. Det er også henta inn data om driftsutgifter for grunnskolene frå Statistisk sentralbyrå og data om tilskott og undervisningstimar frå statens utdanningskontor. For skoleåret 1998/99 ligg det føre opplysningar om

  • dei kommunale utgiftene
  • tilskotta
  • timetala
  • organiseringa av opplæringa
  • driftsutgiftene i grunnskolen

Dei kommunale kostnadene med opplæring for elevar med anna morsmål enn norsk og samisk varierer mykje. For det første er det stor variasjon i tala på elevar med anna morsmål enn norsk og samisk som er busette i kommunane. Kommunar med like mange minoritetselevar kan ha ulik kostnadsstruktur. Somme kommunar har elevar busette i asylmottak og får dermed tilskott utover tilskotta til særskild norsk- og morsmålsopplæring. Andre kommunar kan ha fleire elevar som er omfatta av integreringstilskottet. For elevar omfatta av integreringstilskottet skal kommunane få finansiert eigendelen til særskild norsk- og morsmålsopplæring. Vi har prøvd å isolere utgiftene knytte til dei ulike tilskottsordningane. Tilskottet til barn i asylmottak og integreringstilskottet er såleis ikkje tekne med i berekningane av eigendelane for særskild norsk og morsmålsopplæring.

Somme kommunar har oppgitt at dei gir langt færre, andre kommunar fleire, timar til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring enn dei har fått tilskott til. Kommunar der tala tyder på at dei gir færre timar enn dei får tilskott til, er tekne ut av analysen. Kommunar som gir fleire timar enn dei har fått tilskott til, gjer det av omsyn til det generelle kravet i opplæringslova om tilpassa opplæring. Dei ekstra timane desse kommunane gir, kan derfor sjåast som ein ekstra eigendel. Desse kommunane er inkluderte i analysen 26Kommunar der det er openbert at dei ekstra timane er knytte til asyltilskottet, er tekne ut av analysen..

I berekninga av eigendelane for særskild norskopplæring og morsmålsopplæring er det valt å ta utgangspunkt i kommunale kostnader per time det er gitt tilskott til.

Kommunar som har grunnskoleelevar busette i asylmottak, kan velje å organisere undervisninga på to ulike måtar: dei kan gi opplæringa i eigne mottaksklassar eller integrere elevane i vanlege klassar i grunnskolen.

6.1.2 6.1.2 Utgifter til administrasjon, lærarkrefter, materiell og transport

På bakgrunn av ECON si undersøking er det gjort overslag over samansetnaden av dei kommunale utgiftene til særkild norsk- og morsmålsopplæring.

Figur 6.1 Samansetnaden av utgiftene til administrasjon, lærarar, materiell og transport til norsk- og morsmålsopplæring for språklege minoritetar

Kjelde: ECON

Lønnsutgiftene til norsk- og morsmålslærarar er dei dominerande utgiftskomponentane knytte til å gi norsk- og morsmålsopplæring til språklege minoritetar. Kommunane bruker over dobbelt så store ressursar på særskild norskopplæring som på morsmålsopplæring, sidan dei gir fleire timar i norsk enn i morsmål.

6.1.3 6.1.3 Kommunale eigendeler til særskild norsk- og morsmålsopplæring


Tabell 6.1 Gjennomsnittlege utgifter, tilskott og eigendelar til særskild norsk- og morsmålsopplæring. Alle kommunar i utvalet unnateke Oslo. Kroner. 1998/99

Utgifter

Timetilskott

Eigendel

Norsk

1 560 624

1 009 291

551 333

Morsmål

1 031 904

641 937

389 967

Kjelder: ECON og Statens utdanningskontor.

I ECON sitt materiale utgjer gjennomsnittleg eigendel av dei samla utgiftene om lag 551 000 kroner til særskild norskopplæring og 390 000 kroner til morsmålsopplæring. Oslo kommune skil seg ut frå dei andre kommunane fordi utgiftene og tilskotta her er så mykje høgre enn hos dei andre. Oslo er derfor teken ut av grunnlaget for gjennomsnittsberekningane.

Talet på undervisningstimar blir brukt som kriterium for tildeling av tilskott til særskilt norsk- og morsmålsopplæring. Tilskottssatsen er på 218,70 kroner pr time. Talet på undervisningstimar kommunane har teke i mot tilskott for kjem derfor fram ved å dele utbetalte tilskott på 218,70. Det faktiske timetalet vil være høgre enn det talet på timar det er gitt støtte til dersom kommunen gir ekstra opplæring.

Det har vist seg at ein del kommunar truleg får tilskott for fleire timar enn dei faktisk tilbyr og har utgifter til. Når ein tar desse kommunane ut av talgrunnlaget, og korrigerer for enkelte andre tekniske tilhøve, kjem ein fram til eit gjennomsnitt for kommunane sine utgifter og eigendeler per time.

Tabell 6.2 Utgifter og eigendelar per time til særskild norskopplæring.
Kroner. 1998/99

Utgift per time

Eigendel per time

Gjennomsnitt

335

121

Minimum

174

-45

Maksimum

517

326

Kjelde: ECON.

Ut frå ECON si undersøking er gjennomsnittleg utgift per særskild norsktime det er motteke tilskott til ca. 335 kroner. Eingendelen utgjer ca. 121 kroner eller ca. 36 prosent. Det er stor variasjon i kommunane sine gjennomsnittlege utgifter. Minimumskostnader på gjennomsnittleg 174 kroner per time tyder på at det blir brukt ufaglærte lærarar, da gjennomsnittleg timelønn for lærarar per undervist time er 354 kroner 27Talet er henta frå Statens tenestemannsregister (oktober 1999). Talet er inklusive sosiale utgifter, dvs. arbeidsgivaravgift, innskott i Statens pensjonskasse og feriepengar..

Tabell 6.3 Utgifter og eigendelar per time til morsmålsopplæring. Kroner. 1998/99

Utgift per time

Eigendel per time

Gjennomsnitt

339

125

Minimum

140

-78

Maksimum

620

435

Kjelde: ECON.

Gjennomsnittleg utgift per morsmålstime er i ECON sitt materiale berekna til 339 kroner. Eigendelen utgjer 125 kroner, dvs. 37 prosent. Eigendelen per time er dermed litt høgare til morsmålsopplæring enn til særskild norskopplæring. Dette kjem av at kommunane oppgir at dei bruker relativt større lærarressursar på morsmålsopplæringa enn på den særskilde norskopplæringa. Det er også her kommunale forskjellar i utgiftene per time.

6.1.4 6.1.5 Kommunale eigendelar sedde i høve til organiseringa av opplæringa

Dette avsnittet går inn på å sjå om ECON i sitt materiale finn nokon samanheng mellom kommunale eigendeler per time og organiseringa av opplæringa. Storleiken på eigendelen vil også vere påverka av andre faktorar enn berre organiseringa.

Kjelde: ECON.

Note: "Asylbarn i mottaksklassar?" er berre svart på av kommunar med asylmottak.

Med "konsentrasjon av språklege minoritetar" er meint at elevane er samla på få skolar.

Med "sentralisert morsmålsopplæring" er meint at opplæringa ikkje skjer på den enkelte skolen.

Figur 6.2 viser korleis kommunane fordeler seg på ulike organisatoriske løysingar. Svært få kommunar i utvalet samarbeider om morsmålsopplæringa. Berre eit fåtal av kommunane har sentralisert morsmålsopplæring eller konsentrert dei språklege minoritetane til særskilde skolar. Færre kommunar har tilbod i tospråkleg fagopplæring enn i morsmålsopplæring. Av dei kommunane som har asylmottak, organiserer rundt halvparten asylsøkjarbarna i spesielle mottaksklassar.

Tabell 6.4 Eigendel per time etter organisering

Særskild norsk-opplæring

Morsmåls- opplæring

Asylmottak?

Ja

136

116

Nei

101

131

Asylsøkjarar i mottaksklasser?

Ja

135

126

Nei

136

107

Interkommunalt samarbeid om morsmålsopplæringa?

Ja

72

114

Nei

123

125

Sentralisert morsmålsopplæring?

Ja

101

161

Nei

117

118

Konsentrasjon av språklege minoritetar ?

Ja

91

77

Nei

118

130

Morsmålsopplæring?

Ja

113

125

Nei

129

Tospråkleg fagopplæring?

Ja

130

102

Nei

109

133

Kjelde: ECON

Note: "Asylbarn i mottaksklassar?" er berre svart på av kommunar med asylmottak.

Med "konsentrasjon av språklege minoritetar" er meint at elevane er samla på få skolar.

Med "sentralisert morsmålsopplæring" er meint at opplæringa ikkje skjer på den enkelte skolen.

Tabellen ovanfor viser samvariasjonen mellom utgiftene per time og dei organisatoriske løysingane i kommunane. Tala er gjennomsnittlege utgifter per time etter korleis kommunane har organisert opplæringa. Somme av forskjellane i utgifter per time kan komme av andre strukturelle forskjellar, slik som mellom anna kommunestorleik og talet på minoritetsspråklege elevar. Tabellen bør derfor tolkast med varsemd. Vi kan likevel trekkje fram desse mønstra:

  • Dei kommunane som har konsentrasjon av språklege minoritetar, har lågare eigendel både til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring.
  • Dei kommunane som samarbeider om morsmålsopplæringa, har lågare eigendelar enn dei som ikkje driv slikt samarbeid.
  • Dei kommunane som har tospråkleg fagopplæring, har lågare utgifter til morsmålsopplæring enn dei som ikkje har slik opplæring.

6.1.5 6.1.6 Eigendeler for elevar som er omfatta av integreringstilskottet

Integreringstilskottet utgjer 7 650 kroner per elev per år og skal dekkje den kommunale eigendelen ved å gi norsk- og morsmålsopplæring til elevar som er omfatta av integreringstilskottet. For å undersøkje om tilskottet dekkjer eigendelen, har vi berekna dei kommunale utgiftene per elev til særskild norsk- og morsmålsopplæring. Deretter er dei tilskotta kommunane får til særskild norsk og morsmålsopplæring, dregne frå. Da står eigendelen til norsk- og morsmålsopplæring att; denne er det meininga at integreringstilskottet skal dekkje.

Tabell 6.5 Utgift og eigendel til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring. Kroner per elev

Utgift per elev

Eigendel per elev

Gjennomsnitt

46 369

16 654

Minimum

13 402

-5 277

Maksimum

108 449

57 973

Note: Eigendelen per elev er berekna ved å trekkje tilskotta til særskild norsk og morsmålsopplæring frå utgiftene per elev.

Tabellen ovanfor viser at integreringstilskottet på 7 650 kroner ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje den gjennomsnittlege eigendelen, som ligg på om lag 16 600 kroner.

6.1.6 6.1.7 Utgifter til grunnskoleopplæring for elevar i asylmottak

Tilskottet til opplæring for elevar i asylmottak skal dekkje utgifter knytte til alle fag i grunnskolen. Tilskottet utgjer om lag 48 000 kroner per elev per år.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at gjennomsnittleg driftsutgift per klasse er om lag
875 000 kroner for alle kommunar sett under ett, mens den er om lag 927 000 kroner for kommunar med asylmottak.

Vi veit at driftsutgiftene per elev mellom anna avheng av kor mange elevar det er i klassen. Dess færre elevar i klassen, dess høgare utgifter per elev. Det er grunn til å tru at dei behov elevar i asylmottak har, skil seg frå behova til elevane i ein gjennomsnittleg klasse i den norske grunnskolen. Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at gjennomsnittlege driftsutgifter per elev er om lag 43 000 kroner for alle kommunar sett under ett. For kommunar med asylmottak er gjennomsnittleg driftsutgift per elev i ein gjennomsnittsklasse nærmare 46 000 kroner. Tilskottet til opplæring for barn i asylmottak er i overkant av 2 000 kroner høgare enn dette, dvs. 48 480 kroner.

Om kommunen må betale eigendeler for opplæring for elevar som er busette i asylmottak, vil derfor avhenge av kor mange elevar som til kvar tid treng opplæring og kor mange elevar det vil vere per lærar. For at dei kommunane som organiserer opplæringa av elevar i asylmottak i eigne mottaksklassarskal få dekt alle utgiftene, må dei ha minst 20 elevar i kvar klasse.

6.1.7 6.1.8 Konklusjon

  • Den gjennomsnittlege eigendelen for å gi særskild norskopplæring er 121 kroner per time, for å gi morsmålsopplæring 125 kroner per time. Eigendelane utgjer i gjennomsnitt 36 prosent av utgiftene til særskild norskopplæring og 37 prosent av utgiftene til morsmålsopplæring.
  • Kommunane bruker over dobbelt så store ressursar på særskild norskopplæring som på morsmålsopplæring, sidan dei gir fleire timar i norsk enn i morsmål.
  • Svært få kommunar i ECON sitt materiale samarbeider om morsmålsopplæringa og berre eit fåtal har sentralisert morsmålsopplæring eller konsentrert dei språklege minoritetane til særskilde skolar.
  • Ut frå ECON sitt materiale kan det sjå ut som om dei kommunane som har konsentrasjon av språklege minoritetar har ein lågare eigendel både til særskild norskopplæring og morsmålsopplæring. Dei kommunane som samarbeider om morsmålsopplæring har og lågare eigendelar enn dei som ikkje driv slikt samarbeid.
  • Utrekningar tyder på at integreringstilskottet dekkjer mindre enn halvparten av dei gjennomsnittlege kostnadene kommunane har til språkopplæring for dei barna dette gjeld.
  • Tilskottet til grunnskoleopplæring for barn i asylmottak skal dekkje dei samla utgiftene kommunane har til formålet. Kommunane må betale eigendelar for denne opplæringa med mindre dei har minst 20 elevar i kvar mottaksklasse.

6.2 6.2 Leirskoleopplæring

6.2.1 6.2.1 Om undersøkinga av leirskolekostnader

Grunnlaget for drøftinga av dei ulike kostnadskomponentane til leirskoleopplæring er ei undersøking utført av ECON våren 2000. Det blir gjort kort greie for denne undersøkinga innleiingsvis.

Mange partar er involverte når ein klasse er på leirskole: Ein klasse frå ein kommune (heimkommunen) har eit opphald ved ein leirskole i ein annan kommune (vertskommunen). Klassen frå heimkommunen har alltid med seg ein lærar, eventuelt også fleire lærarar og assistentar. Vertskommunen og ei overnattingsbedrift samarbeider om leirskolen; overnattingsbedrifta sørgjer for kost og losji medan vertskommunen sørgjer for undervisninga.

ECON har basert si undersøking på ein kostnadsmodell der den skolen klassen kjem frå, eller heimkommunen, betaler overnattingsbedrifta for kost og losji, medan elevane i klassen betaler ein større eller mindre eigendel til heimkommunen for dette. Vidare dekkjer vertskommunen kostnadene til undervising og får betaling frå heimkommunen for dette. Denne inndelinga samsvarer med korleis leirskolesystemet er bygd opp, kven som betaler dei ulike kostnadene, og at det statlege tilskottet berre skal dekkje kostnader knytte til undervisinga.

Med utgangspunkt i dette har ECON gjennomført to spørjeundersøkingar for å kartleggje dei ulike elementa i leirskolekostnadene. Den første undersøkinga vart gjord ved skolar som sender klassar på leirskole 28Undersøkinga vart send til 75 kommunar, med eit utval på 84 skolar. Tala som blir gjengitt i dette avsnittet, omfattar svar frå 47 klassar, som representerer eit vidt utval av kommunar. Kostnadene som blir gjengitt, viser utgiftene til den siste klassen som var på leirskole ved kvar skole.</P> <P>, og viser kva ekstrakostnader heimkommunen har til lærarar og anna personale som følgjer med til leirskolen 29Dette omfattar kostnader utover ordinær lønn til dei som er med, og kostnader til vikar når læraren som er med, avspaserer ekstra arbeidde timar i etterkant av opphaldet.. Vidare avdekkjer undersøkinga kostnader til transport, kost og losji for klassen som dreg på leirskole. Ingen av desse kostnadene kjem inn under tilskottsordninga for leirskoleopplæring. Undersøkinga gjer det mogleg å dele dei samla kostnadene for heimkommunen i tre element; kommunen sin eigendel, elevane sin eigendel og eventuelle andre finansieringskjelder.

Den andre spørjeundersøkinga er retta til leirskolane og vertskommunen og skal fange opp dei kostnadene vertskommunen har til undervisning ved leirskolen 30Denne undersøkinga omfattar 10 leirskolar av ulik storleik frå ulike område i landet.. Kostnader til undervisning omfattar lønn til leirskolelæraren og anna undervisningspersonell, kostnader til pedagogisk leiing, til administrasjon av leirskoletilbodet og kostnader til diverse skolemateriell og utstyr som blir brukt i undervisninga.

6.2.2 6.2.2 Om dei ulike kostnadskomponentane

Det er altså to kommunar som kan ha utgifter knytte til eit leirskoleopphald: heimkommunen og vertskommunen. For heimkommunen tilsvarer kostnadene med leirskoleopphaldet dei kostnadene kommunen ikkje ville hatt dersom leirskoleopphaldet ikkje hadde skjedd. Delar av desse kostnadene kan falle på leirskoleelevane, som ofte må betale ein eigendel for kost og losji til heimkommunen. Vertskommunen har kostnader knytte til undervisninga ved leirskolen. Dette er kostnader som skal dekkjast gjennom det statstilskottet heimkommunane får og bruker til å betale vertskommunen for undervisninga.

Kostnadene for eit leirskoleopphald blir derfor delte i to hovuddelar: kostnader knytte til leirskole undervisninga og kostnader knytte til leirskole opphaldet. Kostnader knytte til undervisinga består av lønn til leirskolelærarane og anna undervisningspersonell ved leirskolen, kostnader til pedagogisk leiing og administrasjon av leirskoletilbodet og kostnader til diverse skolemateriell og utstyr som blir brukt i undervisinga. Kostnader knytte til opphaldet elles består av lønn utover ordinær lønn til lærar(ar) og assistent(ar), kostnader til vikar ved avspasering, transportkostnader og kostnader til kost og losji.

6.2.3 6.2.3 Vertskommunen sine kostnader til undervisning ved leirskolen

I ECON sin undersøking er det ikkje samla inn systematiske opplysningar om kva heimkommunen betaler vertskommunen for eit leirskoleopphald. Det er likevel grunn til å rekne med at vertskommunen dekkjer kostnadene for undervisninga ved leirskolen og får betaling frå heimkommunen lik det statlege tilskottet per klasse. Dette inneber at differansen mellom kostnadene ved leirskoleundervisninga og det statlege tilskottet til leirskoleopplæring svarer til den direkte utgifta vertskommunen har, knytt til leirskolen.

Kostnadene for vertskommunen består i hovudsak av personalkostnader til undervisningspersonalet, det administrative personalet, instruktørane og assistentane. Hovuddelen av personalkostnadene er lønn og arbeidsgivaravgift 31Leirskoleundervisinga følgjer leseplikta på barnetrinnet i grunnskolen, 25 timar per veke. Eit fullt skoleår på barnetrinnet er 39 veker. Undervisinga ved leirskolane inneber normalt at leirskolelærarane i leirskolevekene arbeider fleire timar enn leseplikta. Dette kan leirskolelærarane avspasere utanfor sesongen; dei kan ha eit

Denne spørjeundersøkinga gir ikkje grunnlag for å berekne gjennomsnittskostnader knytte til drifta av leirskolen, men kan bli brukt til å gi eit overslag over kostnader ein vertskommune har for å drive leirskoleundervisning for ein klasse i ei veke med utgangspunkt i eit rekneeksempel:

Årslønna til tilsette ved leirskolen er i gjennomsnitt 260 000 kroner. Det er ikkje realistisk at ein skole kan drivast med mindre enn eitt løpande årsverk per klasse han har kapasitet til. Eit "leirskoleår" kan bli komprimert til 30 veker, noko som inneber at lønnskostnadene per veke er 8 667 kroner. I tillegg kjem arbeidsgivaravgift, andre personalkostnader, eventuelle utgifter til materiell. Samla er det, etter det ECON opplyser, ikkje urimeleg å leggje til at desse andre kostnadene utgjer 30 prosent i tillegg til lønnsutgiftene. Samla kostnader for vertskommunen blir i så fall vel 11 000 kroner per veke.

Dersom ein ser dette kostnadsoverslaget i høve til det statlege tilskottet på 8 843 kroner per klasse, vil det seie at vertskommunane for leirskolar subsidierer kvart leirskoleopphald med
2 000 - 3 000 kroner. Det er viktig å leggje merke til at det i rekneeksemplet blir lagt til grunn at det er vertskommunen som dekkjer alle undervisningsrelaterte kostnader, inklusive materiell og utstyr, medan leirskolen ikkje har slike utgifter. Samstundes tek ein ikkje omsyn til at leirskolen i sine prisar for kost og losji kan inkludere slike utgifter, som dermed blir betalte av heimkommunen. Ein kan derfor ikkje sjå bort frå at vertskommunen eller leirskolen har inntekter som ikkje er med i dette reknestykket.

I kostnadsoverslaget ovanfor er det i tillegg til utgifter til leirskolelæraren også lagt inn andre personalkostnader og materiellkostnader. Statstilskottet til leirskoleopplæring er berre meint å skulle dekkje utgiftene til lønn til ein leirskolelærar per opphald på leirskole. Tilskottet består av ein timesats multiplisert med 37 timar for ei full leirskoleveke 32Dette samsvarer med at leirskolelæraren underviser 30 veker per år., dvs. 8 843 kroner per veke. Gjennomsnittlege lønnskostnader til ein leirskolelærar, inklusive arbeidsgivaravgift på 14,1 prosent, er 9 889 kroner per veke. Dette gir ei underdekning for vertskommunen på
1 046 kroner per leirskoleopphald når ein ikkje tek omsyn til materiellkostander og andre personalkostnader.

Det kan vere fleire årsaker til at vertskommunane tek på seg desse ekstrautgiftene til leirskoleundervisning. Leirskolen held mellom anna oppe arbeidsplassar i vertskommunane, dessutan kjem det skatteinntekter frå verksemda.

6.2.4 6.2.4 Kostnadene for heimkommunen til eit leirskoleopphald

Tabell 6.6 Heimkommunen sine samla kostnader for eit leirskoleopphald fordelte på ulike kostnadskomponentar

Kroner

Prosent

Ekstra lønn til medfølgjande lærarar og assistentar

6 100

19

Kostnader til vikar ved avspasering

1 800

6

Transportkostnader

4 800

15

Kostnader til kost og losji

18 700

60

Andre kostnader (utflukter eller liknande)

100

0

I alt

31 400

100

Kjelde: ECON

ECON si undersøking viser at eit gjennomsnittleg leirskoleopphald har ein bruttokostnad på 31 400 kroner per klasse for heimkommunane. 60 prosent av kostnadene gjeld kost og losji for klassen. Ekstra lønn til medfølgjande lærar(ar) og assistent(ar) og lønn til vikar ved avspasering utgjer til saman 25 prosent av dei samla kostnadene.

Spreiinga i kostnadene for eit leirskoleopphald er stor mellom kommunane, sjølv om ein korrigerer for variasjonar i klassestorleik og lengde på opphaldet. Spesielt varierer ekstra lønnskostnader og kostnader til vikar ved avspasering mykje frå kommune til kommune.

Tabell 6.7 Kommunale eigendelar til eit leirskoleopphald

Kom. eigenbetaling i kroner

Kom. eigendel i %
av brutto kostnad

Klassar

Intervall

Klassar

Intervall

9

< 5 000

3

< 10 %

10

5 000 – 9 000

7

10 - 19 %

17

10 000 – 19 000

9

20 - 29 %

11

> 19 000

6

30 - 49 %

8

50 - 69 %

8

70 - 99 %

6

100 %

Gj. snitt:

14 000 kr

Gj. snitt:

48 %

Kjelde: ECON

I gjennomsnitt har kommunane i undersøkinga ein eigendel på om lag 14 000 kroner for å sende ein klasse på leirskole; dette utgjer om lag 48 prosent av heimkommunane sine bruttokostnader for eit leirskoleopphald. Den kommunale eigendelen omfattar hovudsakleg kostnader knytte til ekstra lønn til lærar(ar) og assistent(ar) som følgjer klassen, og kostnader til vikar ved avspasering. Spreiinga i eigendelane er stor.

Ekstra lønn og arbeidsgivaravgift til personale som følgjer med på leirskole, utgjer i gjennomsnitt 6 100 kroner per klasse, men spreiinga er stor; frå under 1000 til over 15 000 kroner. Variasjonane speglar forskjellar i lokale arbeidsavtalar og i om lærar som følgjer med, tek ut ekstratimar under leirskoleopphaldet i form av lønn eller avspasering.

Når det gjeld vikarkostnader i samband med avspasering, ligg gjennomsnittet på 1 800 kroner per klasse, dvs. 16 prosent av den kommunale eigenbetalinga. 60 prosent av kommunane har ingen vikarkostnader. Somme kommunar gir klassen som skal på leirskole, forskjellige typar tilskott, f.eks. gav ein del kommunar ein viss sum per klasse, eller elev, som var øyremerkt til å dekkje heile eller delar av kostnadene for opphaldet. Variasjonane mellom kommunane er naturleg nok store når det gjeld slike midlar, ein tredel av kommunane gir ikkje slike tilskott, medan enkelte gir tilskott opp mot 15 000 kroner til eit opphald. I gjennomsnitt låg kommunane sine kostnader her på 6 200 kroner per klasse, eller om lag 36 prosent av den kommunale eigenbetalinga.

Tabell 6.8 Elevane sin eigendel av kostnadene for leirskoleopphaldet

Elevane sin eigendel av totale kostnader

Sum per elev
i kroner

Klassar

Intervall

Klassar

Intervall

8

0 %

8

0

8

< 30 %

7

< 500

9

30 – 49 %

8

500 – 999

6

50 – 69 %

16

1000 – 1499

9

70 – 80 %

8

1500 – 2000

7

> 80 %

Gj. snitt:

46 %

Gj. snitt:

880 kr

Kjelde: ECON

Elevane må i større eller mindre grad dekkje kostnadene for leirskoleopphaldet. Det er vanleg at elevane dekkjer delar av kostnadene ved transport, kost og losji. I gjennomsnitt betaler elevane 46 prosent av heimkommunane sine kostnader for opphaldet. Eigendelen per elev utgjer i ECON si undersøkinggjennomsnittleg 880 kroner.

Den delen av kostnadene for eit leirskoleopphald, som verken heimkommunen eller elevane betaler, må bli dekte inn frå andre kjelder (lotteri, sal og liknande). I gjennomsnitt har klassane ei inntekt på 1 900 kroner frå andre kjelder, som går til å dekkje delar av leirskoleopphaldet. Denne inntekta utgjer i gjennomsnitt 6 prosent av dei samla kostnadene. Også her er spreiinga stor. Hovuddelen av klassane har ingen slike inntekter som går til å finansiere eit leirskoleopphald, medan nokre få klassar dekkjer opp til 40 prosent av dei samla kostnadene.

Tabell 6.9 Kostnader og kommunal eigenbetaling fordelte etter om elevane reiste på bemanna eller ubemanna leirskole. Kroner

Alle

Bemanna

Ubemanna

Tal på klassar

47

40

7

Bruttokostnader

31.400

33.700

18.050

Kommunal eigenbetaling

14.000

14.400

11.600

Kommunal eigendel

48 %

45 %

65 %

Kjelde: ECON

Ein del av variasjonane i kostnadene for eit leirskoleopphald har samanheng med at leirskolen kan vere bemanna eller ubemanna. I den undersøkinga som er gjennomført, drog 7 av i alt 47 kommunar på ubemanna leirskole. Tabell 6.9 viser at bruttokostnadene er mykje lågare for dei kommunane som nytta ubemanna leirskole, vel 18 000 kroner, mot 33 700 kroner for dei som reiste på bemanna leirskole. Vi ser at den kommunale eigenbetalinga er lågare i kommunar som sender elevane på ubemanna leirskole, men den prosentdelen kommunane dekkjer er likevel høgare sidan totalkostnadene er lågare. Den økonomiske skilnaden mellom å dra på bemanna og ubemanna leirskole er i realiteten enda større enn det som går fram av tabellen, fordi kommunane kan behalde statstilskottet sjølve også om dei sender elevane på ubemanna skole. Det er da deira eigne lærarar som står for undervisninga.

6.2.5 6.2.7 Oppsummering

  • Vertskommunane subsidierer eit gjennomsnittleg leirskoleopphald med opp til 2-3 000 kroner per klasse. Dersom ein berre ser på vertskommunen sine utgifter til leirskolelæraren, er underdekninga i forhold til statstilskottet i overkant av 1 000 kroner for eit gjennomsnittleg leirskoleopphald.
  • Det er store forskjellar mellom heimkommunane med omsyn til kor store utgiftene er til eit opphald på leirskole.
  • I heimkommunen viser ECON sin undersøking at dei samla kostnadene for eit leirskoleopphald for ein klasse i gjennomsnitt er 31 400 kroner. Finansieringa av leirskoleopphaldet er fordelt på tre kjelder i heimkommunen:
    a) Kommunen har i gjennomsnitt 14.000 kroner i kostnader for eit leirskoleopphald, dvs. 48 prosent av kostnadene.
    b) Elevane betaler i gjennomsnitt 880 kroner per elev for eit leirskoleopphald, dvs. 46 prosent av kostnadene.
    c) Andre inntekter (lotteri o.l.) utgjer i gjennomsnitt 1 900 kroner per leirskoleopphald, dvs. 6 prosent av kostnadene.

6.3 6.3 Kommunale musikk- og kulturskolar

ECON har gjennomført ein analyse av kommunale kostnader for og brukarbetaling til kommunale musikk- og kulturskolar. Grunnlaget for analysen er eit omfattande datamateriale innsamla gjennom tilskottsordninga til desse skolane. Hovudvekta blir lagd på tal frå rekneskapsåret 1998 og musikk- og kulturskoleåret 1998/99.

6.3.1 6.3.1 Kostnadsutviklinga i perioden 1994-98

Bruttoutgiftene til drifta av dei kommunale musikk- og kulturskolane var om lag 635 mill. kroner i 1998, etter tal frå NMoK. Av dette var 107 mill. kroner utgifter til sal av tenester, medan 528 mill. kroner var utgifter til eigne elevar. Lønn og sosiale utgifter til opplæring av eigne elevar var den dominerande utgiftskomponenten (om lag 85 prosent). Av det samla talet på elevar var 83 prosent i grunnskolealder.

Tabell 6.10 Bruttoutgifter, inntekter og kommunal eigenbetaling ved drift av musikk- og kulturskolar

Brutto-utgifter

Kommunal eigendel

Statstilskott

Andre tilskott

Salsinntekter

Skolepengar

År

Mill. kr

Mill. kr

%

Mill. kr

%

Mill. kr

%

Mill. kr

%

Mill. kr

%

1998

634,5

354,0

56

79,1

13

33,2

5

74,2

11

94,0

15

1995

527,6

282,1

53

76,5

12

25,1

5

61,5

14

82,4

16

1994

455,5

233,5

51

73,8

16

11,5

3

50,6

11

86,1

19

Vekst 94-98

39 %

52 %

7 %

190 %

47 %

9 %

Kjelder: Norsk Musikk- og kulturskoleråd, Statens Utdanningskontor i Sør-Trøndelag og ECON.

Bruttoutgiftene steig i talmaterialet med nominelt 39 prosent frå 1994 til 1998. Bruttoutgiftene blir dekte gjennom kommunal eigenbetaling, statstilskott, andre tilskott, inntekter frå sal og skolepengar. Eigendelen var 56 prosent i 1998, mot 51 prosent i 1994. Den kommunale eigendelen ser derfor ut til å ha stige noko i andre halvdelen av 90-talet. Utgiftene blir elles nokså jamt fordelte på tilskott og brukarbetaling; i 1998 dekte statstilskotta om lag 13 prosent av utgiftene, andre tilskott om lag 5 prosent, skolepengane om lag 15 prosent og salsinntektene om lag 11 prosent. Frå 1994 til 1998 steig skolepengane og statstilskottet klart svakare enn bruttoutgiftene, medan medverknaden frå dei andre finansieringskjeldene steig sterkare. Målt i kroner er det den kommunale eigenbetalinga som har vore den viktigaste kjelda til veksten i perioden 1994 til 1998.

6.3.2 6.3.2 Totalkostnader for 1998

Kommunane hadde i 1998 i gjennomsnitt brutto driftsutgifter på om lag 1,6 mill. kroner til drifta av musikk- og kulturskolane og betalte sjølve i gjennomsnitt om lag 900 000 kroner, noko som gir ein kommunal eigendel på 56 prosent 33NMoK manglar data for ni kommunar som etter det utdanningskontoret opplyser, fekk tilskott til musikk- og kulturskoleundervisning. Desse kommunane er ikkje tekne med i materialet. I tillegg er ikkje dei kommunane som deltek i interkommunalt musikk- og kulturskolesamarbeid, med i materialet.. Tala omfattar all verksemd ved musikk- og kulturskolane.

Det er store kommunale variasjonar rundt gjennomsnittstala for bruttoutgifter og kommunal eigenbetaling. Mange musikk- og kulturskolar er små; heile 220 kommunar har skolar med brutto driftsutgifter på mindre enn 1 mill. kroner. Fire kommunar har bruttoutgifter på over
15 mill. kroner.

Når det gjeld variasjonane i eigendelen, betalte 30 kommunar under 45 prosent av utgiftene til drift av musikk- og kulturskolane sjølve, medan 53 kommunar betalte meir enn 75 prosent. Det er likevel verdt å merke at fleire av skolane med svært høge eigendeler var nye skolar som ikkje hadde fått statstilskott det året dei starta.

Dei samla driftsutgiftene ved ein musikk- og kulturskole omfattar både utgifter til ordinær drift og utgifter ved sal av tenester. Sal av tenester er undervisning for elevar som ikkje er registrerte med namn og adresse i elevkartoteket ved skolen. Skolen vil normalt ha inntekter frå sal av tenester i form av betaling frå dei som får undervisning, men også i form av statstilskott.

Tala det er vist til så langt, inneheld som nemnt all aktivitet ved musikkskolane, både ordinær drift og sal av tenester. Mange kommunar har eigendeler også ved sal av tenester, men normalt er desse klart lågare enn eigendelen for den ordinære drifta, fordi inntektene frå salet er høgare enn dei skolepengane elevane betaler ved den ordinære drifta. 34Dette kan ein gjere på ulike måtar. For å få eit mål på omfanget av den

Dersom ein berre ser på utgifter og eigendelar knytte til den ordinære drifta, er dei samla utgiftene 547 mill. kroner, eller gjennomsnittleg 1,3 millioner kroner, i 1998. Den gjennomsnittlege kommunale eigendelen var 65 prosent, altså klart høgare enn når vi ser på aktiviteten totalt. Etter retningslinjene for tildeling av statstilskott skal eigendelen minst vere 50 prosent. Det er oppfylt for alle unnateke to av kommunane.

I resten av dette kapitlet er berre dei samla driftsutgiftene omtalte. Det blir altså ikkje skilt mellom utgifter knytte til ordinær drift og utgifter knytte til sal av tenester.

6.3.3 6.3.3 Kostnader per elev

Tabell 6.11 Bruttoutgifter til musikk- og kulturskolen, rekna per elev i grunnskolen

Bruttoutgifter

Kr

Tal på kommunar

<500

39

501<1 000

89

1 001<1 500

97

1 501<2 000

60

2 001<2 500

37

>2 500

72

Gj. snitt

1 664 kroner

Kjelder: Norsk Musikk- og kulturskoleråd, Statens utdanningskontor, ECON.

Dei gjennomsnittlege bruttoutgiftene per elev til musikk- og kulturskoleverksemd i grunnskolen utgjer etter talmaterialet 1 644 kroner. Det er stor spreiing mellom kommunane i desse utgiftene. I 39 kommunar er utgiftene per elev under 500 kroner, 72 kommunar har utgifter på over 2 500 kroner per elev. Tala seier først og fremst noko om kor mykje pengar kommunane nyttar på musikk- og kulturskolane, og lite om kor effektivt skolane driv. Utgiftene er eit produkt av talet på undervisningstimar og kva type undervisning som blir gitt, ikkje eit produkt av talet på elevar .

Tabell 6.12 Kommunal eigenbetaling til musikk- og kulturskolane, rekna per elev i grunnskolen

Eigenbetaling
i kroner

Tal på kommunar

<350

46

351<550

72

551<800

88

801<1 200

91

1 201<1 500

32

>1 500

65

Gj. snitt:

973 kroner

Kjelder:Norsk Musikk- og kulturskoleråd, Statens utdanningskontor, ECON.

I gjennomsnitt er den kommunale eigenbetalinga 973 kroner per elev i grunnskolen (dvs. for kvar av alle grunnskoleelevar uavhengig om dei tek del i musikk- og kulturskoleverksemda eller ikkje). Eigenbetalinga per elev varierer mykje mellom kommunane.

Tabell 6.13 Kommunal eigenbetaling per elev i musikk- og kulturskolen i kommunar fordelt etter kor stor del av elevane i grunnskolealder som får undervisning i musikk- og kulturskolen. 1998

Del av grunnskoleelevane som får undervisning i musikk- og kulturskolane. Prosent

Tal på kommunar

Kommunal eigenbetaling
per elev

< 5,5

26

6 481

5,5-10,5

85

5 213

10,5-15,5

92

4 707

15,5-25,5

111

4 611

25,5-45,5

65

4 367

>45,5

16

3 824

Kjelder: Norsk Musikk- og kulturskoleråd, Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag og ECON.

På landsbasis fekk 11,7 prosent av grunnskoleelevane undervisning ved musikk- og kulturskolane i skoleåret 1998/99. Berre 111 kommunar har mindre enn 10,5 prosent av grunnskoleelevane i musikk- og kulturskole. Årsaka til at gjennomsnittet likevel ikkje er høgare enn 11,5 prosent, er at dekninga er låg i nokre store kommunar. Til dømes har berre 2,2 prosent av elevane i grunnskolen i Oslo plass i musikk- og kulturskole, medan Oslo har 8,6 prosent av alle grunnskoleelevane i landet. I 81 kommunar har meir enn 25,5 prosent av grunnskoleelevane plass i musikk- og kulturskole.

Når det gjeld den gjennomsnittlege kommunale eigenbetalinga per elev sedd i forhold til dekningsgraden, er det ein tendens til at eigendelen går ned dess betre dekninga er. Eigenbetalinga per elev er altså lågare dess større del av grunnskoleelevane som har plass i musikk- og kulturskolen. Ein annan måte å seie dette på er at dei kommunane som har best dekning, er dei som har relativt låg eigenbetaling per elev.

6.3.4 6.3.4 Kostnader per time

Talet på undervisningstimar er eit mål på aktivitetsnivået i musikk- og kulturskolane. Totalutgifta per time seier noko om både effektiviteten og samansetjinga av ulike typar undervisning, men det er uvisst kor mykje av forskjellane mellom kommunane som kan førast tilbake til effektivitetsforskjellar og undervisningstypar.

Tabell 6.14 Bruttoutgifter per time, inntekter og kommunal eigenbetaling.
Gjennomsnitt og fordeling på eigendelsintervall

Kommunal eigenbetaling

Brutto-utgift

Skole-pengar

Stats-tilskott

Andre tilskott

Sals-inntekt

Fordeling

Del av utgift

Tal på kommunar

Kr

Del av utgift

<50 %

65

563

15 %

13 %

7 %

21 %

50-55 %

72

504

15 %

15 %

4 %

12 %

55-60 %

75

516

15 %

14 %

5 %

9 %

60-65 %

59

511

16 %

14 %

3 %

4 %

65-70 %

43

521

13 %

14 %

2 %

3 %

>70 %

82

689

10 %

6 %

1 %

2 %

Gjennomsnitt per time


343 kr


557 kr


72 kr


68 kr


22 kr


53 kr

Kjelder: Norsk Musikk- og kulturskoleråd, Statens utdanningskontor i Sør-Trøndelag og ECON.

Bruttoutgifta per time i 1998 var 557 kroner. Eigenbetalinga var i gjennomsnitt 343 kroner per time, dvs. om lag 61 prosent. 35Tabellen er basert på dei samla bruttoutgiftene ved musikkskolen, og gjennomsnittstala er aritmetiske gjennomsnitt av tal for enkeltkommunar, ikkje vekta med storleiken på kommunane. For dei fleste kommunane utgjer eigenbetalinga mellom 50 og 70 prosent av utgiftene per time.

Den gjennomsnittlege totalutgifta per time varierer relativt lite med eigenbetalinga. Årsaka til det relativt høge utgiftstalet i gruppa med dei høgaste eigendelane er truleg at gruppa inneheld ein del kommunar med små, nystarta musikk- og kulturskolar utan statstilskott og med høge kostnader per undervisningstime. Dei utgiftene som blir dekte av tilskott og brukarbetaling, varierer systematisk med eigendelen; det er ein viss tendens til at dess større inntektene er, dess lågare er eigendelen. Tabellen viser at det er ein klar tendens til at både salsinntekter og andre tilskott fell når eigendelen stig. Det er ingen tilsvarande klar tendens for skolepengar og statstilskott. 36Delene for statstilskott og skolepengar går rett nok ned i gruppa av kommunar med dei høgaste eigendelane. Dette har gitt negative korrelasjonskoeffisientar, men Econ meiner som nemnt at grunnen til dette er at gruppa inneheld ein del nye musikk- og kulturskolar.</P> <P>

ECON har også undersøkt om det er nokon samanheng mellom den kommunale eigenbetalinga per time og storleiken på kommunane. Dei minste kommunane har klart høgast eigenbetaling per time, medan dei største kommunane har minst. For dei andre kommunane er det ingen klar samanheng mellom den kommunale eigenbetalinga og storleiken.

Det er vidare undersøkt om det er nokon samanheng mellom forskjellar i elevtalet i musikk- og kulturskolen og bruttoutgifter per time. Det verkar ikkje som det er nokon systematisk samanheng her.

Ein kan også vurdere musikk- og kulturskoletilbodet etter kor mange undervisningstimar kvar elev får. Det viser seg at det er ein tendens til at kommunar med låg eigendel per time har fleire undervisningstimar per elev enn kommunar med høgare eigendel per time. Eigenbetalinga per time går dermed ned dersom eit gitt timetal er fordelt på færre elevar.

6.3.5 6.3.5 Oppsummering

  • Grunnlaget er svakt for å seie noko om utviklinga i dei kommunale eigendelane over tid, men materialet tyder på at eigendelen i 1998 var noko høgare enn i første del av 90-talet.
  • Dei kommunale eigendelane varierer mykje, men ligg i snitt på om lag 61 prosent. Det ser ikkje ut til å vere nokon samanheng mellom eigendelane i prosent og bruttoutgiftene per undervisningstime. Det er altså ikkje slik at kommunar med høge utgifter per undervisningstime ved musikk- og kulturskolen også har ein tendens til å ha høge kommunale eigendelar ved drifta av skolen. Forskjellane i eigendelane speglar dermed berre ulik finansieringsstruktur og ikkje forskjellar i kostnadsnivået.
  • Den klaraste samanhengen finn ein naturleg nok mellom eigendelane og inntektene frå sal av undervisningstimar: Høge salsinntekter gir låge eigendeler. Dersom musikk- og kulturskolane har store "andre inntekter" i form av gåver eller andre tilskott enn statstilskottet, er det også ein tendens til at den kommunale eigendelen er lågare enn i andre kommunar.

6.4 6.4 Opplæringa innanfor kriminalomsorga

Tilskottet er meint å skulle dekkje 100 prosent av dei kostnadene fylkeskommunane har til opplæring innanfor kriminalomsorga. Fylkeskommunane sender inn budsjettframlegg til Statens utdanningskontor i Hordaland (SUH). Dersom den tildelte ramma for opplæringa ikkje dekkjer framlegga til budsjett, må budsjetta – og dermed aktivitetsnivået – justerast ned.

Dersom det i enkelte tilfelle skulle vere slik at fylkeskommunen bruker meir på opplæringa enn det som ligg i det godkjende budsjettet, må det dekkjast av fylkeskommunen sjølv. Rapportar frå mellom anna SUH tyder på at dette ikkje er vanleg. Når ramma går ned, går også aktiviteten ned. Fylkeskommunane har derfor ikkje eigendelar ved denne tilskottsordninga.

6.5 6.5 Utviklinga i lønnskostnadene

ECON har sett på lønnsutviklinga på nittitalet med vekt på perioden 1995-99. I tillegg har dei sett på tal for lønnskostnadene for hovudsektorar i norsk økonomi. Dei samanliknar også tala for lønnsvekst og lønnskostnader med utviklinga i deflatoren for kommunalt kjøp av varer og tenester, som er brukt for å vurdere realveksten i kommunale utgifter.

Utviklinga i årslønn eller lønn per årsverk er i første rekkje eit mål på inntektsutviklinga til lønnsmottakarane, medan utviklinga i lønnskostnadene seier noko om dei kostnadene arbeidsgivarane har for å disponere arbeidskrafta til dei tilsette. Dei reelle kostnadene til arbeidsgivarane vil i tillegg til lønnsutviklinga vere påverka av eventuelle endringar i arbeidstidsavtalar osv. Det har ikkje vore mogleg å gi nokon totaloversikt over dette innanfor den stramme tidsramma utvalet har hatt, men dei tala som ligg føre, kan gi ein indikasjon på kva lønnskostnader kommunane har til dei tenestene som blir dekte av tilskottsordningane.

6.5.1 6.5.1 Lønnsutviklinga for undervisningssektoren sett under eit

Nasjonalrekneskapen blir utarbeidd av Statistisk sentralbyrå og gir oversikt over den makroøkonomiske utviklinga i Noreg. Her blir det også laga ei oversikt over lønnskostnadene for hovudsektorane i norsk økonomi, også for ei gruppe som er kalla "Undervisning". Rekneskapen gir ikkje opplysningar om utviklinga for særskilde grupper tilsette. Det går fram av Nasjonalrekneskapen at den samla lønnsveksten innanfor sektoren "Undervisning" har vore 21,1 prosent per årsverk i perioden 1995-99. Auken i lønnskostnadene per årsverk har vore 19,2 prosent i same perioden. Lønnskostnaden steig derfor mindre enn utbetalt lønn innanfor undervisningssektoren.

6.5.2 6.5.2 Lønnsutviklinga for lærarar i grunnskolen og i vidaregåande opplæring

ECON har henta tal frå Sentralt tenesteregister for skoleverket (STS). Registeret inneheld lønns- og personalopplysningar om tilsette i skoleverket per 1. oktober kvart år. Tabell 6.15 viser utviklinga for lærarar generelt. Tabellen omfattar alle lærarar i pedagogiske stillingar, inklusive rektorar og leiarar, men ikkje vikarar. Alle i permisjon og dei som fungerer i høgare stillingar, er også med.

Tabell 6.15 Lønn 1999 for lærarar i grunnskole og vidaregåande opplæring.
Prosentvis vekst 1995-99

Grunnskolen

Vidaregåande opplæring

Lønn 1999 i kroner

260 292

277 824

1996

3,5

3,4

1997

3,3

5,2

1998

7,9

7,9

1999

2,1

2,9

Samla vekst 1995-99

17,8

20,8

Gjennomsnitt per år

4,2

4,8

Kjelde: Sentralt tenesteregister for skoleverket (STS).

6.5.3 6.5.3 Utviklinga i lønn for morsmålslærarar og musikkskolelærarar

Tabell 6.16 viser lønnsutviklinga for morsmålslærararar i grunnskolen som er registrerte i STS. Desse personane utførte om lag 60 prosent av morsmålstimane i grunnskolen. Gjennomsnittleg årslønn var 226 902 kroner i 1999, og den samla veksten i perioden frå 1995 til 1999 var 20,8 prosent.

Tabell 6.16 Lønn for morsmålslærarar i grunnskolen registrerte i STS per 1. oktober.
Prosentvis vekst 1995-99

Lønn 1999

226 902 kr

1996

3,7

1997

4,2

1998

9,5

1999

2,1

Samla vekst 1995-99

20,8

Gjennomsnitt per år

4,8

Kjelde: STS

ECON har i tillegg nytta det såkalla PAI-registeret for å lage ei oversikt over lønna til musikkskolelærarane. PAI-registeret er eit register som blir administrert av Kommunenes Sentralforbund og inneheld lønns- og personalopplysningar for fast tilsette kommunale arbeidstakarar per 1. oktober kvart år.

Tal frå PAI viser at musikkskolelærarane til saman utførte 1 353 årsverk. Årsverka er delte på
3 129 personar og viser at deltidsarbeid er utbreidd. ECON opplyser at det er vanskeleg å rekne ut den gjennomsnittlege veksten i lønn for alle musikkskolelærarar på ein god måte. Årsaka er at omfanget av statistikken vart utvida frå 1996 til 1997. For det første steig talet på årsverk i dei tre gruppene musikkskolelærarar (kodar) som allereie var omfatta av statistikken, med 87 prosent. For det andre kom det inn to nye store grupper av lærarar med eit lågare gjennomsnittleg lønnsnivå. Korrigert for dette reknar ECON den gjennomsnittlege veksten i den månadlege regulativlønna til knapt 16 prosent i perioden 1995-99.

6.5.4 6.5.3 Lønnsutviklinga for undervisningspersonell i fengsla

Ein arbeidsrettsdom frå 1992 slo fast med verknad frå 1. januar 1993 at undervisningspersonell som underviser i fengsla, har krav på fengselstillegg. Tillegget var da fastsett til 23,34 kroner per undervisningstime og er pensjonsgivande. Det vart ikkje gitt kompensasjon i statsbudsjettet for dei meirutgiftene fengselstillegget medførte. Med verknad frå 1. september 1999 vart fengselstillegget heva til 23,50 kroner per undervisningstime/ arbeidd time og skal no gjelde for undervisningspersonell, rådgivarar, sosiallærarar og administrativt personell både i fengsel og i oppfølgingsklassar. Berekningar gjorde av SUH viser at fengselstillegget etter dette vil utgjere ei meirutgift på 4 mill. kroner per år.