Historisk arkiv

Husleigetvistutvalet i Oslo opna av statsråd Sylvia Brustad

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg I

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Foto: Ingjerd Johansen

Pressemelding

Nr.: 34/2001
Dato: 02.03.2001

Husleigetvistutvalet i Oslo opna av statsråd Sylvia Brustad

Fredag 2. mars blei det nye husleigetvistutvalet i Oslo offisielt opna av kommunal- og regionalminister Sylvia Brustad. Utvalet skal vere eit alternativt tvisteløysingsorgan til domstolane, og det er oppretta som ei prøveordning på tre år. Utvalet kan avgjere alle tvistar i eit husleigeforhold.

- Eg har store forventingar til husleigetvistutvalet, sa statsråden. - Eg vonar at utvalet kan føre til at leigarar og utleigarar på ein rask og rimeleg måte kan få avgjort ein tvist. Utvalet bør såleis kunne vere eit føremålstenleg alternativ til å nytte domstolane gjennom bruken av aktiv melding og enkel framgangsmåte.

Så langt er det tilsett tre medarbeidarar i utvalet. Leiaren for utvalet er Kari Røren, som skal vere tvisteløysar ved sidan av å leie utvalet. I tillegg er det tilsett to tvistløysarar.

Det er enkelt for partane å få behandla ein tvist i eit husleigeforhold. Utleigar og leigar kan leggje saken fram for utvalet, skriftleg eller munnleg. Men ein må opplyse om ein kjem til å møte med advokat. Dessutan må ein betale eit eige gebyr, som er på 1 310 kroner. Etter at saka er behanda, vil motparten få høve til å uttale seg. Deretter vil partane møte i utvalet for mekling. Saksleiaren vil då gå inn som meklar og prøve å få til eit forlik.

Fører ikkje meklinga fram, skal utvalet avgjere saka. Saksleiaren vil då gå saman med ein representant for Norges Leieboerforbund og ein frå Huseiernes Landsforbund for å løyse tvisten. Men før det blir gjort, får partane uttale seg på nytt. Ei avgjersle - eller eit forlik - får verknad som ein rettskraftig dom om ein ikkje legg saka fram for domstolane innan ein månad.