Historisk arkiv

No blir det fri utsetjing av foreldrepengar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Barne- og familiedepartementet

Ordninga med fri utsetjing av foreldrepengar trer i kraft 1. oktober. Dette gjer foreldrepengeordninga enklare og meir tilpassa behova til familiane.

– Vi vil leggje til rette for at flest mogleg foreldre kan vere saman med ungane sine i ein viktig periode av livet. Alle familiar er ulike, og eg er opptatt av å gi familiane høve til å ta dei vala som passar dei enkelte best. Fri utsetjing gjer foreldrepengeordninga endå meir fleksibel så foreldra fritt kan utsetje foreldrepengar slik dei ønskjer, fram til barnet er tre år, seier barne- og familieminister Olaug Vervik Bollestad (KrF).

Lovforslaget blei vedteke av Stortinget før sommaren, og no kan foreldre utsetje foreldrepengane uavhengig av kva dei gjer under utsetjinga. Dei kan for eksempel jobbe deltid eller studere. Det har ikkje vore mogeleg med det tidlegare regelverket.

– Før denne endringa opplevde ein del foreldre at fleksibiliteten ikkje var god nok. Dei gamle reglane kunne oppfattast som rigide og ikkje tilpassa behova til familien. Det har vi gjort noko med, seier Bollestad.

Det blir òg endringar for kva tid fedrar må søkje foreldrepengar frå NAV.

– Fleire fedrar har mista retten til foreldrepengar fordi dei ikkje har søkt i tide. No kan vi forhindre fleire slike saker. Ordninga blir enklare for foreldra å forstå og enklare for NAV å forvalte, seier Bollestad.

Endringa som no trer i kraft betyr at NAV kan leggje til rette for meir sjølvbetening og automatisering av saksbehandlinga. Endringa gjeld barn fødde 1. oktober 2021 eller seinare.

Les meir på Nav sine sider: Foreldrepenger - www.nav.no (øvst på sida er ein eigen del om fri utsetjing av foreldrepengar).