Historisk arkiv

Presseinvitasjon

Statsministeren, barne- og familieministeren og justis- og beredskapsministeren presenterer forslag til endring i ekom-lova

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Justis- og beredskapsdepartementet

Statsminister Erna Solberg, barne- og familieminister Kjell Ingolf Ropstad og justis- og beredskapsminister Monica Mæland presenterer endringar i Lov om elektronisk kommunikasjon (ekomlova) hos Kripos fredag 9. april. Endringene vil vere viktig i kampen mot overgrep mot barn på nett.

Nett-tv Statsministeren, barne- og familieministeren og justis- og beredskapsministeren presenterer forslag til endring i ekom-lova

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her

Tid: Kl. 12.15, fredag 9. april.

Stad: Kripos, Nils Hansens veg 25

Oppmøte for pressa: Frå Kl. 11.45, seinast 12.00.

Pressekontakt for statsministeren: kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, 909 38 987.

Pressekontakt for justis- og beredskapsministeren: kommunikasjonsrådgivar Andreas Skjøld-Lorange, 481 61 227.

Pressekontakt for barne- og familieministeren: Statssekretær Julie Kristine Kordahl, 900 89 528

Ein foto-pool vil etter pressekonferansen få omvisning i Kripos' operasjonsrom. Pressekontakt: kommunikasjonsrådgivar Axel Due, 928 98 225.

Påmelding til jdinfo@jd.dep.no innan fredag 9. april kl. 10.00.

Vi har avgrensa tal på plassar og ber kvar redaksjon halde talet på deltakarar på eit minimum. Vi kan ikkje garantere at alle får plass, og ber alle om å følgje helsestyresmaktene sine råd for smittevern. Ved stor pågang kan det bli aktuelt å be pressa om å følgje pressekonferansen digitalt.

Presse som ikkje har høve til å møte eller som ikkje ynskjer å kome på grunn av smittefare, kan sende inn spørsmåla sine til jdinfo@jd.dep.no med teksten PK0904 i emnefeltet. Innsendingsfrist fredag klokka 10.00. Avsendar-adressa må vere registrert hjå eit mediehus eller oppgi frilans-oppdrag. Vi kan ikkje garantere at alle spørsmåla blir stilt i pressekonferansen.

Oppmøte for akkreditert presse seinast kl. 12.00. Ta med gyldig pressekort og ID. Munnbind er obligatorisk. For å unngå kø i resepsjonen, må presse vente utanfor bygningen til det er ledig kapasitet for å registrere seg hos vaktene i resepsjonen. Sikkerheitskontroll av kamera og utstyr vil ta ekstra tid. Akkreditert presse vil bli vist til plassar/kameraposisjonar, og må halde seg på den posisjonen, med mindre anna blir avtalt. Sjå Folkehelseinstituttets nettsider for meir informasjon om smittevern.

Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. Der kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer som vanleg publiseringspunkt til medier som vil sende pressebriefen direkte. DSS kan nås på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Presse som ønskjer å byggje inn nett-tv-sendinga på sine nettsider kan bruke følgjande embed-kode:

<div id='wowza_player'></div><script id='player_embed' src='//player.cloud.wowza.com/hosted/xbpcnkps/wowza.js' type='text/javascript'></script>