Historisk arkiv

Signerte videreutdannings-strategi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Kunnskapsdepartementet

Partane som samarbeider om vidareutdanning for lærarar har planen klar for dei neste ti åra.

Kunnskapsministeren har saman med arbeidstakarorganisasjonane, Komunnenes sentralforbund og Nasjonalt råd for lærarutdanning signert ein strategi for vidareutdanning som skal gjelda fram til 2025.

- Det er den første gongen vi har ein tiårig strategi - tidlegare strategiar har vart i berre tre år. Med den lange tidshorisonten gir dette skuleleiarar og skoleeigarar høve til å planlegga korleis dei skal driva kompetanseutvikling i lang tid framover, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Matematikk, norsk og engelsk skal vera prioriterte fag i heile perioden.

- Vi har lova å tilby 10 000 lærarar vidareutdanning i matematikk i løpet av fem år. Vi vil derfor godkjenna alle søknader om vidareutdanning innan matematikk vi får på vårt bord, seier Røe Isaksen, som er svært nøgd med at partane er samde om strategien.

 - Dette betyr at vidareutdanning er eit viktig tilbod til skoleeigarane for at dei skal kunna oppfylla kompetansekrava til undervisning som ble innført i tidligere i år, understrekar kunnskapsministeren. Han minner også om at lærarane kan søkja om vidareutdanning i dei andre faga.  

Tilbodet til vidareutdanning er nær tredobla under noverande regjering.

- Dette skal oppretthaldast på minst same nivå som i dag dei neste ti åra, forsikrar kunnskapsministeren.  

Kompetanseplanen: Kompetanse for kvalitet