Historisk arkiv

Bevarer dei to eldste seterbygningane på Hjerkinn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Arbeidet med å restaurere det tidlegare skytefeltet på Hjerkinn tilbake til natur er snart ferdig. I utgangspunktet skulle alle bygningar i området fjernast av omsyn til villrein. No har klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn vedtatt å la den såkalla Rolstadsetra i Vesllie stå.

- Vårt utgangspunkt var at også denne setra skulle rivast. Men denne saka har vekka eit svært stort engasjement, og mange har vore opptekne av å ta vare på bygningane. Etter dialog med lokalmiljøet har eg no bestemt meg for å kome dette ønsket i møte, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Sårbar villrein

Villreinen er sårbar for ferdsle, og det er bruken av bygningane – ikkje bygningane i seg sjølve – som kan gjere det vanskeleg for villreinen. For å sikre minst mogleg ferdsle i området av omsyn til villrein, skal bygningane fortsatt vere i statleg eige, og bruk kan berre skje etter avtale med Miljødirektoratet. 

–I denne saka har det vore viktig å ta omsyn til både villlreinen sitt behov for ro og dei lokale ønska om å behalde bygningane som landskapselement og tidsvitne. Gjennom å behalde dei to eldste seterbygningane, samstundes som vi har strenge restriksjonar på menneskeleg ferdsle, trur eg vi har funne eit godt kompromiss som eg håpar alle kan leve med, seier Sveinung Rotevatn.

Løysinga føreset at ansvaret for bygningane blir overdratt frå Forsvarsbygg til Miljødirektoratet, og at Miljødirektoratet og Statskog blir samde om festekontrakt. 

- Miljødirektoratet kan inngå avtale med fjellstyret om svært avgrensa bruk av bygningane, til dømes til oppsyn for fjelloppsynet, så langt direktoratet meiner det vil vere forsvarleg av omsyn til villrein, seier Sveinung Rotevatn.