Historisk arkiv

Kvoter for lisensfelling av ulv utanfor ulvesona i 2020-2021

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Lisensfelling av ulv utanfor ulvesona startar den 1. desember. Klima- og miljødepartementet har helde ved lag vedtaka frå rovviltnemndene. Totalt for landet er kvota sett til 27 ulvar utanfor ulvesona.

- I dei aktuelle områda for lisensfelling utanfor ulvesona er det ikkje kjent førekomst av ulvepar eller flokkar som har etablert revir. Med unntak av ein ulv, som har fast tilhald på Vestlandet, dreier lisensfellinga seg derfor i hovudsak om streifulvar på vandring utanfor ulvesona, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Uttaket vil ikkje truge ulvebestanden si overleving

Lisensfellingsperioden utanfor ulvesona varer frå 1. desember til 31. mai. Klima- og miljødepartementet har, i tråd med Miljødirektoratet si faglege tilråding og vedtaka frå rovviltnemdene, komme fram til at vedtatt kvote på til saman inntil 27 ulvar utanfor ulvesona ikkje er til hinder for å nå bestandsmålet. Vedtaket vil heller ikkje vil truge den sør-skandinaviske ulvebestanden si overleving. I denne vurderinga er alle lisensfellingskvotene for ulv utanfor ulvesona i de ulike regionane sett i samanheng.

- Ein føresetnad for at ulvebestanden i Sør-Skandinavia ikkje blir truga er at det minst kvart femte år lukkast ein immigrant frå Finland/Russland å etablere seg og spreie sine gen.. Det ligg derfor til grunn for alle vedtaka at fylkesmennene følgjer godt med og kan raskt stanse lisensfellinga om det skulle dukke opp slike genetisk verdifulle ulvar på vandring, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn.

Kvoter og regionar

Det er fatta vedtak om lisensfellingskvote for ulv i seks av dei åtte forvaltningsregionane. Unntaka er region 7 (Nordland) og 8 (Troms og Finnmark). I region 2 (Sør-Norge) vart ikkje vedtaket påklaga. Rovviltnemndene sine vedtak i region 1 (Sogn og Fjordane, Hordaland, Rogaland og Vest-Agder), 3 (Oppland), 4 (Oslo, Akershus og Østfold) og 5 (Hedmark), og 6 (Midt-Norge) vart påklaga til Klima- og miljødepartementet. Klaga på vedtaket i region 1 er enno ikkje avgjort.

 

Lisensfellingskvote

(utanfor ulvesona)

Region 1 (Vest-Norge)

3

Region 2 (Sør-Norge)

3

Region 3 (Oppland)

7

Region 4 (Oslo, Akershus og Østfold) og 5 (Hedmark)

12

Region 6 (Midt-Norge)

2

Region 7 (Nordland)

0

Region 8 (Troms og Finnmark)

0

Totalt

27

Du kan lese avgjersla av klager på vedtak om lisensfelling av ulv i region 1 i 2020-2021 her (enno ikkje avgjort).

Du kan lese avgjersla av klager på vedtak om lisensfelling av ulv i region 3 i 2020-2021 her.

Du kan lese avgjersla av klager på vedtak om lisensfelling av ulv i region 4 og 5 i 2020-2021 her

Du kan lese avgjersla av klager på vedtak om lisensfelling av ulv i region 6 i 2020-2021 her.