Historisk arkiv

Ulveparet i Deisjøreviret er flytta ut av området

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Etter tett oppfølging gjennom jul og nyttår har Statens naturoppsyn starta flyttinga av den genetisk verdifulle ulven i Deisjøreviret og maken hans. Det vil no bli opna for lisensfelling av streifulv i heile region 4 (Oslo og tidlegare Akershus og Østfold fylke) og 5 (tidlegare Hedmark fylke) utanfor ulvesona.

- Eg er imponert over den solide jobben SNO har gjort i dag, dette er dei flinkaste folka vi har her i landet til å utføre ein slik jobb, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Elgå-ulven flyttes
Den genetisk verdifulle ulven i Deisjøreviret og maken hans blir merka og undersøkt av SNO før dei blir flytta til eit nytt område innanfor ulvesona. Foto: Tone Hertzberg

- Eg er særs nøgd med at ulveparet no er flytta ut av området. Det vil no bli opna for lisensfelling av streifulv utanfor ulvesona i tidlegare Hedmark og Akershus fylke i samsvar med Stortinget si vilje. Statens naturoppsyn har lagt ned ein stor innsats for å gjennomføre flyttinga på ein forsvarleg måte så raskt som mogeleg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Ulveparet har til no hatt tilhald i Deisjøen-området i Innlandet fylke. Hannen i reviret er ein av dei mest genetisk verdifulle ulvane i Sør-Skandinavia som det er viktig at blir tatt vare på. Årsaka er at den sør-skandinaviske ulvebestanden er sterkt prega av innavl. Det er difor viktig at vi får inn nye gen med jamne mellomrom for å sikre bestanden si langsiktige overleving.

Vil følgje ulvane med GPS

Ulveparet blir flytta til ein trygg plass innanfor ulvesona. Erfaringa tilseier likevel at sannsynet for at ulvane legg ut på vandring etter flytting er stor. Ei slik vandring fører med seg risiko for at ulvane kan bli ramma av mellom anna ulykker eller utilsikta felling. I samband med flyttinga har ulvane difor blitt forvaltningsmerka. Dette gjer det mogeleg for forvaltninga å følgje ulvane sine bevegelsar ved hjelp av GPS-sporing.

- No må vi gjere det vi kan for å vareta ulvane etter at dei er slopne i det nye området. Håpet er at ulveparet framleis held saman etter flyttinga, og at dei etablerer seg i eit område som medfører minst mogeleg konflikt og som i sin heilheit ligg innanfor ulvesona, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Elgå-ulven flyttast
- Eg er imponert over den solide jobben SNO har gjort i dag, dette er dei flinkaste folka vi har her i landet til å utføre ein slik jobb, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V). Foto: Tone Hertzberg

Følgjer opp Stortinget sitt vedtak

Deisjøreviret ligg i hovudsak innanfor ulvesona, men omfattar også eit område som ligg utanfor ulvesona. For å skjerme ulveparet frå lisensfellinga utanfor ulvesona, som starta 1. desember, vart eit område utanfor ulvesona i forvaltningsregion 4 (Oslo og tidlegare Akershus og Østfold fylke) og 5 (tidlegare Hedmark fylke) unntatt frå felling både av rovviltnemndene og Klima- og miljødepartementet. Stortinget fatta 7. desember 2020 eit vedtak som inneber at det skal opnast for lisensfelling av ulv i dette området. Departementet bestemte at ulveparet skal flyttast vekk frå området før det kan opnast for lisensfelling der.

Miljødirektoratet ved Statens naturoppsyn fekk i oppdrag å gjennomføre flyttinga omgåande innanfor fagleg forsvarlege rammer. Etter dette har Statens naturoppsyn følgt situasjonen tett og mellom anna spora og sørga for helikopterberedskap for raskt å kunne sette i verk flytteforsøk. Grunna utfordrande vêr- og snøforhold har det ikkje vore mogeleg å gjennomføre flytteforsøket før i dag. Ettersom ulvane er flytta ut, vil det no bli opna for lisensfelling av streifulv i alle delar av forvaltningsregionane 4 og 5 som ligg utanfor ulvesona.

Avgjerda om å flytte ulvane kan lesast her.

Miljødirektoratet si nyheitssak om flyttinga kan lesast her.