Historisk arkiv

Ambisiøs klimapakke frå EU-kommisjonen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Klima- og miljødepartementet

EU-kommisjonen la i dag onsdag 14. juli fram ei pakke med regelverk kalla "Fit for 55" som skal hjelpe EU å nå klimamålet for 2030. – Viser at EU meiner alvor med klimaambisjonane, seier Sveinung Rotevatn, klima- og miljøminister.

EU forsterka sitt 2030-mål i fjor, og målet som EU har satt seg er å redusere nettoutsleppa med minst 55 prosent samanlikna med 1990. Føremålet bak forslaga EU la fram i dag gjennom "Fit for 55"-pakken er å nå dette forsterka klimamålet. 

 - Dette viser at EU meiner alvor med klimaambisjonane sine. Europa er Noregs heimemarknad, og vi har felles klimapolitikk med EU. Denne pakka inneheld konkrete og nyskapande forslag til korleis Europa skal oppfylle Parisavtalen, og det er godt nytt for Noreg, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn. 

Godt klimasamarbeid med EU 

Pakka av lovforslag frå EU har fått namnet «Fit for 55» etter 2030-målet til EU om å redusere nettoutsleppa med minst 55 prosent.

Til saman inneheld pakka ei rekje forslag til endring av mange av EUs lover og reglar på klima- og energifeltet, og er del av EUs grøne vekststrategi, Green Deal.

Green Deal er ein viktig del av Europakommisjonens strategi for å implementere FNs 2030 agenda og berekraftsmål.

- Noreg har kome med ei rekke innspel i prosessen, og vi ser fram til å setje oss grundig inn i forslaga frå Kommisjonen. Vi har eit godt samarbeid med EU på klimaområdet, og det har blitt styrka under denne regjeringa. Vi er tydelege på at vi ønskjer å gjennomføre det norske klimamålet saman med EU, sjølv om ikkje alt i pakka vil vere EØS-relevant, og dermed bli bindande for oss, seier Rotevatn.

Korleis Noreg følgjer opp klimapakken

EU sitt klimaregelverk sett mål og rammer for klimapolitikken, men det er opp til Noreg å avgjere innhaldet i politikken og korleis Noreg ønskjer å oppfylle norske forpliktingar.

Noreg vil involvere seg sterkt i diskusjonen rundt forslaga frå Europakommisjonen. Klima- og miljødepartementet vurderer no forslaga saman med øvrige departement. Noreg vil utarbeide posisjonar for å medverke til utforminga av regelverket. Regjeringa vil så snart som mogleg sende Kommisjonen sine forslag på offentleg høyring i Noreg før vi utarbeider detaljerte norske posisjonar.

Det kan ta fleire år før dei nye regelverka er avklarte og implementerte. Fram til eit nytt og forsterka EU-regelverk er på plass, vil Noreg følgje det gjeldande regelverket og planleggje klimapolitikken deretter. Det gjeld både kvotesystemet, dei ikkje-kvotepliktige utsleppa som inngår i innsatsfordelinga og regelverket om skog- og arealbruk. I alle tilfelle må Noreg nå vårt forsterka klimamål og auka opptaket frå skog og arealbrukssektoren. 

Ansvaret for dei einskilde regelverka er fordelte mellom FinansdepartementetKlima- og miljødepartementet, Olje- og energidepartementet og Samferdselsdepartementet. 

Se egen pressemelding fra Samferdselsdepartementet: Klimapakken "Fit for 55": EU med flere lovforslag som berører transportsektoren

Klimaregelverk

Kvoteregelverket har vore ein del av EØS-avtalen sidan 2008. Endringar i kvoteregelverket er i utgangspunktet framleis relevant for Noreg på grunn av den indre marknaden. Så lengje Noreg er med i EØS-avtala vil norske verksemder vere med i kvotesystemet på line med sine europeiske konkurrentar. Dei oppdaterte regelverka for ikkje-kvotepliktige utslepp og for skog og arealbruk er baserte på ein frivillig avtale med EU og blir gjeldande for oss om vi vidarefører klimaavtala med EU.

Liste over forslaga i "Fit for 55"-pakken 

    • ​Kvotesystemet
    • ​Innsatsfordelingsforordninga
    • ​Skog -ogarealbrukregelverket
    • ​CO2-grensejusteringsmekanisme (Carbon BorderAdjustmentMechanism). 
    • ​Energieffektivisering
    • ​Fornybar energi
    • ​Energiskattedirektivet
    • ​CO2-standardar for produsentane av personbilar og varebilar
    • ​Revisjon av direktivet for infrastruktur for alternative drivstoff
    • ​Fremme av alternativt drivstoff i maritim sektor (FuelEUMaritime)
    • Fremme av alternativt drivstoff i luftfarten (RefuelEUAviation)
    • ​Eit sosialfond for klimainnsats (Social Climate Fund)

Det er venta at EU-kommisjonen til hausten vil leggje fram forslag til revisjon av bygningsenergidirektivet, regelverk for å lette tilgangen for fornybare gassar i gassnettverket, og regelverk for reduksjon av metanutsleppa i energisektoren.

CBAM og kvotesystem

EU-kommisjonen foreslår også korleis ein kan motverke at europeisk industri flyttar til andre land som følgje av europeisk klimapolitikk. Dette gjer dei gjennom dei nye regelverka for CBAM (carbon border adjustment mechanism) og kvotesystemet.

Regjeringa sende 2. juli eit brev til Kommisjonen der Noreg understrekar at det ikkje er nokon risiko for karbonlekkasje frå EU til Noreg, og at det difor heller ikkje er nokon grunn til at EU skal innføre ein mekanisme som påfører norsk eksport til EU ein meirkostnad. 

Regjeringa meiner at Noregs moglegheit til tildeling av vederlagsfrie kvotar og CO2-kompensasjon bør bestå inntil ein velfungerande grensetilpassingsmekanisme eventuelt er på plass. Det er òg svært viktig for Noreg at forslag for å motverke karbonlekkasje er i tråd med WTO-regelverket. Målet vårt er å kombinere ein ambisiøs klimapolitikk og vareta konkurransemoglegheita til norske verksemder.