Historisk arkiv

Verdsarvfjordane – dei grøne fyrtårna våre

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Statssekretær Atle Hamars opningsinnlegg på Grøn fjord konferansen 8. februar 2018

Takk for invitasjonen til å opne Grøn fjord-konferansen. Den er eit flott initiativ frå stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv. Det skjer mykje med miljøvennleg skipsfart om dagen, både i verdsarvfjordane og elles. Eg er difor glad for høvet til å presentere noko av arbeidet til regjeringa med dette.

Ekstra artig synest eg det er at denne første delen av konferansen går føre seg på "Vision of the Fjords". Denne båten har hausta stor nasjonal og internasjonal heider både for nyskapande design og miljøvennleg teknologi.

Arbeidet til regjeringa med grøn skipsfart

Alle sektorar må bidra for å gjere Noreg leiande i det grøne skiftet. Miljøvennleg skipsfart er eit av fem prioriterte satsingsområde i regjeringas klimapolitikk.

Tiltak innanfor desse satsingsområda er del av arbeidet med ein grøn omstilling. Vi skal skape nye arbeidsplassar og sikre norsk verdiskapning og velferd samstundes som utsleppa skal ned.  Dette er nedfelt i regjeringas strategi for grøn konkurransekraft som vart lagt fram i oktober 2017. Jeløya-plattforma forsterkar denne satsinga og fører den vidare.

Satsinga på elektriske ferjer har ført til verdiskaping og innovasjon i næringslivet langs kysten. Noreg har allereie den første elektriske bilferja i verda, og det er rundt 50 heilelektriske eller hybride bilferjer under planlegging eller bygging, fleire ved norske verft.

Regjeringa satsar på grøn skipsfart og utvikling av lav- og nullutsleppsteknologi . Vi har eigne program innanfor Enova, Innovasjon Noreg og Noregs forskingsråd. Regjeringa har òg stilt tydelege miljøkrav i anbod for drift av båtruter.

Enova har tildelt over 370 millionar kroner i støtte til meir enn 60 landstrømprosjekt.

Eg er klar over utfordringane med at cruisehamnene ikkje når opp i konkurransen om pengane. Vi vil sjå på korleis denne problematikken skal følgast opp av Enova. Vi er merksame på at landstrøm kan vere utfordrande for til dømes Geiranger  av omsyn til verdsarvverdiane.

Meir miljøvennleg drivstoff vil òg gje betydelege utsleppsreduksjonar. Regjeringa har eit mål om å få sett Noregs fyrste hydrogenferje i drift frå 2021. Regjeringa vil òg lage ein nasjonal plan for infrastruktur for alternative drivstoff.

Vidare vil eg nemne Grønt kystfartsprogram der styresmaktene og næringa samarbeider om å gjere den norske skipsfartsflåten og norsk kystfart meir miljøvennleg og effektiv.

For å lukkast i arbeidet med grøn skipsfart må vi auke talet på skip som gjennomfører utsleppskutt. Fleire typar skip må fasa inn ny teknologi og ein større del av godstransporten må frå veg og over på miljøvennlege skip.

Om verdsarvfjordane og cruisetrafikken

Også i verdsarvfjordane er skipsfarten på veg i ei meir miljøvennleg retning.

Geirangerfjorden og Nærøyfjorden kom inn på Unescos verdsarvliste som Vestnorsk fjordlandskap i 2005. Desse fjordane er blant dei mest naturskjønne i verda. Gardsbruk som Styvi gard og dei spektakulære hyllegardane, gjev området ein ekstra verdi.

Verdsarvlista omfattar område som er så viktige at det internasjonale samfunnet har forplikta seg til å ta vare på dei for framtida. Noreg er pålagt eit stort ansvar for å forvalta desse områda i eit langsiktig og berekraftig perspektiv. Vi vert målt på dette både nasjonalt og internasjonalt.

 

Den aukande cruisetrafikken i verdsarvområda utfordrar dette og har medført stort engasjement, både lokalt og elles. Spesielt har synleg røyk frå skip gjeve mange medieoppslag. Dette er tilhøve som vanskeleg kan forsvarast.

Oppdraget til Sjøfartsdirektoratet - krav til skip i verdsarvfjordane

Med dei strenge krava i Glacier Bay som inspirasjonskjelde, har  verdsarvrådet for Vestnorsk fjordlandskap engasjert seg sterkt i miljøutfordringane i dei norske verdsarvfjordane. Det var eit sterkt lokalt påtrykk for få undersøkt kva som er handlingsrommet i regelverket.

Dette bidrog til at vi våren 2016 gav Sjøfartsdirektoratet i oppdrag å kartleggje miljøutsleppa i verdsarvfjordane våre og foreslå tiltak.

 

Blant tiltaka som vart foreslått og som vi har bede Sjøfartsdirektoratet om å greie ut nærare er;

  • krav til lågare utslepp av nitrogenoksid
  • krav til lågare svovelinnhald i drivstoff,
  • forbod mot utslepp av kloakk, og fartsavrensingar.

Vi har gjeve klåre føresetnader for arbeidet.  Det skal gjennomførast naudsynte utgreiingar av økonomiske og administrative konsekvensar og det skal vere tett kontakt med ulike interesser undervegs.

Eg veit mange meiner at strengare krav er nødvendig, men at krava må gjelde skip langs heile kysten og ikkje berre i verdsarvfjordane. Vi har valt å starte med verdsarvfjordane fordi vi har ei særskild forplikting til å sikre desse. Når dette arbeidet er  fullført, kan vi vurdere strengare krav langs heile kysten.

Sjøfartsdirektoratet vil gå nærare inn på status for arbeidet i ettermiddag.

Eg vil påstå at vi med desse tiltaka har teke nokre solide skritt i retning av regjeringas ambisjon om at verdsarvområda skal vere fyrtårn for beste praksis. "Grøne fyrtårn" som er konferansens tittel, gjev positive miljøassossiasjonar – men òg gode maritime assosiasjonar. Seglar du i grøn sektor, seglar du trygt.

Reiselivsmeldinga

Det er mange og samansette utfordringar i forvaltinga av dei norske verdsarvfjordane – i tillegg til cruiseturismen. Det gjeld slitasje på naturen, gjengroing og press på det vesle lokalsamfunnet Geiranger på grunn av stor buss– og biltrafikk.

Klima- og miljødepartementet har eit sterkt eigarskap til den nye reiselivsmeldinga. Meldinga legg stor vekt på miljø og berekraft, og slår fast at berekraft må liggje til grunn for vidare utvikling. Berekraft og klima- og miljøomsyn er rett og slett eit premiss for norsk reiselivsnæring. Tiltaka vi set i verk i fjordane er slik sett heilt i tråd med dette.

Interessa for Noreg som ferieland er stigande og  tilstrømminga av turistar kan by på utfordringar. Då er det viktig å planleggje godt slik at det ikkje vert slitasje eller forverring av kulturarven og naturen.

Verdsarvstatusen er ei sterk merkevare i reiselivssamanheng. Berekraftig utvikling i desse attraktive og verdifulle områda krev difor målretta innsats. Med dei unike kvalitetane sine er det forventa at verdsarvområda skal handtere turisme etter beste praksis internasjonalt. Dei skal vere gode døme for andre kultur- og naturdestinasjonar.  

Det er difor viktig at de som har teke initiativ til konferansen set i verk lokale tiltak som bidreg til å sikre verdsarven og lokal verdiskaping. Det bør vere eit døme for andre. Unescos program for berekraftig reiseliv oppmodar til dialog og samarbeid mellom aktørar slik at den "passande" turismen får utvikle seg.

Verdsarvsentera har ei viktig rolle i dette arbeidet. Føremålet med sentera er å leggje til rette for informasjon om verdsarvkonvensjonen. Sentera skal samstundes bidra til lokal forankring av verdsarven. Vi har ein ambisjon om å etablere verdsarvsenter ved alle dei norske verdsarvområda. Hittil er det etablert senter i Alta, på Vegaøyan, i Geiranger, Røros og Rjukan og Notodden.

Ei av dei største utfordringane for eit meir berekraftig reiseliv ligg i å få ned klimagassutsleppa i transportsektoren. At næringa sjølv erkjenner dette gjev grunn til optimisme. I vegkartet for eit berekraftig reiseliv påpeikar næringa sjølv behov for meir miljøvennlege transportformar.

Avslutning

Den grøne omstillinga skjer raskt. Sjølv om det er mange utfordringar, veit vi at det grøne skiftet òg representerer mange moglegheiter. Det er viktig å få til god balanse mellom verdiskaping og miljø. Vi har allereie sett gode døme på at det er mogleg, og eg har sjølv erfart at det lokale og regionale engasjementet for miljøvennleg skipsfart er stort.

Denne konferansen, som er den tredje i rekkja, er eit flott lokalt initiativ. Den set viktige miljøutfordringar på dagsorden og tek tak i moglegheitene som den grøne omstillinga gjev. Det er viktige bidrag for at Noreg skal kunna nå måla vi har forplikta oss til.  

Lykke til med konferansen!