Historisk arkiv

Slik førebur regjeringa Noreg på klimaendringane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Klima- og miljødepartementet

Klima- og miljøminister Sveinung Rotevatns innlegg på lanseringa av Røde Kors' rapport om klima og beredskap.

                                                                                         Sjekkast mot framføring

Takk for invitasjonen. Eg er glad for å vere her på lanseringa av den viktige rapporten om klima og beredskap. I likheit med statssekretæren vil eg også seie takk til Røde Kors. Eg kan ikkje love at vi vil følgje opp rapporten til punkt og prikke. Men den er eit godt innspel i arbeidet regjeringa gjer med beredskap og klimatilpassing, med god fagleg kunnskap.

Eg registrerer at berre 19 prosent synest Noreg har god nok beredskap mot naturhendingar. Enda færre synest norske politikarar gjer nok, ifølge rapporten.

Det hadde vore meir oppsiktsvekkande om eit stort fleirtal svarte at politikarane gjer nok. Same kva slags spørsmål det var snakk om.

Men folk er ikkje så flinke sjølv heller. Berre 15 prosent seier dei har lagra forsyningar med mat, vatn eller medisinar for å vere førebudd på isolasjon og straumbrot.

Det er eit menneskeleg trekk at vi trur at ulykker ikkje rammar oss. Vi førebur oss ikkje på det vi ser på som utenkeleg.  

Direktør for Hovudredningssentralen Jon Halvorsen seier i rapporten at "god beredskap handlar om å vere jordnær og konkret, og bittelitt paranoid."

Det er styresmaktenes oppgåve å vere bittelitt paranoid på vegne av befolkninga.

Og kva er det vi gjer?

Det viktigaste vi gjer, er å få ned klimagassutsleppa. Den gode nyheita no er at dei går ned i Noreg. I førre veke foreslo EU-kommisjonen å skjerpe EUs klimamål til 55 prosent kutt innan 2030. Dette er noko Noreg har arbeidd for lenge. Vi var tidleg ute med å varsle skjerpa klimakutt.

Men vi må også førebu oss og tilpasse oss klimaendringane som skjer her og no.

Klimatilpassing handlar framfor alt om god planlegging for å gjere bygningar, jordbruksareal, vegar og jernbanelinjer betre i stand til å motstå flaum, ekstremvêr og tørke.

Førebygging, anten det gjeld klima eller helse, er betre og billegare enn å reparere i ettertid.

Alle har eit ansvar for klimatilpassing, både enkeltindivid, næringsliv og myndigheiter. Dei ulike sektorane har ansvar på sine felt.

Justis- og beredskapsdepartementet har det generelle ansvaret for samfunnssikkerheit og beredskap.

Olje- og energidepartementet har – gjennom NVE - ansvaret for flaum og skred. 

Og kommunal- og moderniseringsdepartementet har ansvar for plan- og bygningslova, som er ein viktig reiskap i planlegginga. Kommunane må planleggje på ein måte som beskyttar innbyggjarane mot skader frå flaum, skred og andre hendingar. Statlege myndigheiter må sjølvsagt støtte kommunane i dette arbeidet.

Når alle har ansvar, kan det fort føre til ansvarspulverisering . Det må vi unngå. Klima- og miljødepartementet skal leggje til rette for regjeringa sitt heilskaplege arbeid med klimatilpassing.

Heilt sentralt er å skaffe oppdatert og samla oversikt over konsekvensane av klimaendringar i Noreg. Å finne ut korleis Noreg kan bli mindre sårbart og tilpasse seg klimaendringane er eit kontinuerleg arbeid.

Klima- og miljødepartementet har difor bedt Miljødirektoratet vurdere korleis vi kan utvikle kunnskapsgrunnlaget i det heilskaplege arbeidet med klimatilpassing.

Miljødirektoratet skal også vurdere kva slags klimarisiko kommunane er eksponerte for og korleis dei kan handtere denne risikoen. Dette er ei oppfølging av Klimarisikoutvalets rapport.

Beredskap er ei avveging mellom kor store ressursar vi skal bruke for å forhindre ei hending og kor stor risiko det er for at hendinga skjer. Klimaendringane skjer her og no. Det er ingen grunn til å tru at vi slepp unna. Vi må både vere framsynte og bittelitt paranoide når vi skal tilpasse oss dei.

Nå eg seier "oss", meiner eg også Røde Kors og dei andre frivillige organisasjonane. Dei har ei utruleg viktig oppgåve for beredskapen her i landet.

Takk for meg!