Historisk arkiv

Fylkesmann i Sogn og Fjordane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Anne Karin Hamre blir i statsråd i dag konstituert til mellombels fylkesmann i Sogn og Fjordane.

– Vi får behalde ein dyktig fylkesmann med brei og solid erfaring, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Fylkesmannsembeta i Sogn og Fjordane og Hordaland blir slått saman 1. januar 2019. Embetet som fylkesmann i Hordaland og Sogn og Fjordane blir etablert frå same tidspunkt. Det er difor kunngjort eit mellombels embete som varer fram til 1. januar 2019. Hamre blir i dag konstituert som fylkesmann i det mellombelse embetet.  

Anne Karin Hamre (51) har hatt sin første åremålsperiode som fylkesmann i Sogn og Fjordane. Ho er utdanna cand.polit. innan administrasjons- og organisasjonsvitskap fra Universitetet i Bergen. Hamre starta å arbeide i embetet i 1998 som informasjons- og organisasjonskonsulent. Ho har óg arbeidd som rådgjevar, administrasjonssjef og assisterande fylkesmann i embetet før ho i 2011 vart utnemnd som fylkesmann. Noverande åremål går ut 19. juni 2017.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00