Historisk arkiv

CWD/Skrantesjuke: Ber Mattilsynet følgje opp tilrådingar frå Vitskapskomiteen for mattryggleik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet har i dag bede Mattilsynet i samarbeid med aktuelle fagmiljø, om å førebu tiltak i tråd med tilråding i rapport frå Vitskapskomiteeen for mattryggleik (VKM) som vart lagt fram i dag 29. mars 2017.

– Rapporten frå Vitskapskomiteen (VKM) for mattryggleik gir tydelege råd om tiltak mot CWD (Chronic Wasting Disease). Desse råda fell i stor grad saman med vurderingar frå Mattilsynet og andre fagmiljø. Eg er oppteken av raskt å følgje opp råda frå våre beste fagmijø, og eg har difor i dag bede Mattilsynet om å førebu uttak av villreinstamma i Nordfjella, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale. 

Mattilsynet vil denne veka sende på høyring forslag om fleire nye tiltak for å redusere risikoen for smittespreiing. Også desse forslaga følgjer opp tilrådingar i rapporten frå VKM. Det blir mellom anna foreslått å opprette ei eiga soneforskrift med særskilte reglar som blir gjeldande i og omkring dei områda der CWD er påvist. 

Vitskapskomiteen opprettheld tidlegare vurdering om at det ikkje er nokon indikasjon på at CWD kan bli overført frå dyr eller kjøt til menneske. 

Rapporten frå VKM er utarbeidd på oppdrag frå Mattilsynet og Miljødirektoratet.