Historisk arkiv

Auka fokus på forynging av skog i Møre og Romsdal

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I Møre og Romsdal har Statsforvaltaren eit særskilt fokus på manglande forynging etter hogst. Fylket har dei seinare åra hatt ein kraftig oppsving av hogstaktivitet.

Større hogstflater har vorte vanlegare. Når ein samanliknar arealet som vert hogd med arealet som vert planta, finn ein at det er ein del hogstareal som ikkje vert forynga. No har statsforvaltaren  ar oppretta ei engasjementstilling på seks månader til å ta tak i dette arbeidet.

Foryngingsplikt

Etter skogbrukslova og forskrift om berekraftig skogbruk, skal skogeigaren sørge for tilfredsstillande forynging innan 3 år etter hogst. Skogeigaren utløyser si eiga foryngingsplikt når han bestemmer seg for å hogge skogen.

Årsaker til dårleg forynging

Det er fleire ulike årsaker til at skogareal ikkje vert forynga etter hogst. Nokre årsaker er knytt til skogeigaren sine haldningar og interesser. Andre er knytt til ulike skadegjerarar som i nokre område gjer det vanskeleg å forynge skogen. Manglande forynging påverkar grunnlaget for framtidig volum- og kvalitetsproduksjon. Vi risikerer at produktive skogareal går ut av framtidig skogproduksjon.

Skogplanting gran.
Etter skogbrukslova og forskrift om berekraftig skogbruk, skal skogeigaren sørge for tilfredsstillande forynging innan 3 år etter hogst. Foto: Steinar Johansen/Statskog/Midt-Norge