Historisk arkiv

Skal bli best på reiseliv

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Nærings- og fiskeridepartementet

Noreg har moglegheit til å bli verdas beste reisemål. I dag legg regjeringa fram ein plan for korleis ho skal trygge og skape fleire arbeidsplassar i reiselivet.

Næringsminister Monica Mæland lanserer reiselivsmeldinga i Tromsø Foto: Håkon Jacobsen / NFD

– Fjoråret vart nok eit rekordår for reiselivsnæringa i Noreg, med stadig fleire besøkande og vekst i verdiskapinga. Få, om nokon, annan næring kan vise til tilsvarande utvikling i etterspørselen. Det gjer reiselivsnæringa til ein viktig bidragsytar når det gjeld å sikre og skape verdiar og nye arbeidsplassar for framtida, seier næringsminister Monica Mæland (H).  

I dag legg regjeringa fram ei melding til Stortinget om norsk reiselivsnæring. Meldinga skildrar utviklinga i reiselivet og presenterer regjeringa sin politikk for å legge til rette for eit berekraftig og lønsamt reiseliv.

– Noreg har mykje å by på. Vi har flott natur, men og ein rik kultur. I tillegg har vi fantastiske byar vi må løfte fram. Det dannar grunnlag for unike og eventyrlege opplevingar i heile landet, og gjennom heile året, seier Mæland.

Meldinga gjer greie for regjeringa sin samla politikk for reiselivsnæringa, og for korleis regjeringa vil styrke grunnlaget for næringa si utvikling på lengre sikt.

Regjeringa legg til rette for reiselivsnæringa gjennom gode rammevilkår som redusert skatt, ei historisk satsing på samferdselsamfer, forenklingar for næringslivet og meir digitalisering. Men regjeringa legg og til rette gjennom fleire målretta tiltak.

Dei viktigaste tiltaka er: 

* Regjeringa tar sikte på i statsbudsjettet for 2018 å foreslå lettar i formuesskatten på hotell og overnattingsstader gjennom å auke verdsettingsrabatten vesentleg.

* Regjeringa vil lage ein strategi for kultur og reiseliv, med vekt på kulturturisme. Regjeringa vil og opprette eit råd for kultur- og reiseliv etter modell frå Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring.

* Regjeringa vil vidareføre forsking på reiseliv. Regjeringa har satt av 4 millionar kroner til slik forsking i 2017. Til saman brukar regjeringa 7,6 milliardar kroner på næringsretta forsking i år. Det er ein auke på om lag 2,8 milliardar kroner sidan regjeringa tiltredde i 2013. Regjeringa vil sette i verk tiltak for at meir av desse pengane kjem reiselivet til gode.

* Regjeringa vil forenkle og redusere omfanget av tilsyn og kontrollar som reiselivet i dag er underlagt. Regjeringa jobbar nå med å kartlegge omfanget. Målet er mindre belastingar for små og store bedrifter.

*Innovasjon Norge skal framleis ha ansvaret for å marknadsføre Noreg som reisemål. Regjeringa bruker i år 231 millionar kroner på dette. Ho ønsker å evaluere dette arbeidet.

*Mange kjente turistattraksjonar opplever stor pågang. Dette er bra for reiselivet. Samstundes påverkar dette naturen, og pågangen kan gi utfordringar med det å handtere søppel og ikkje minst tryggleik. Regjeringa etablerer derfor ei tilskotssordning for Nasjonale turstier som skal bidra til meir berekraftig bruk.

Les meldingen her.