Historisk arkiv

Statsministeren på teknologireise i Trøndelag, Møre og Romsdal, Hedmark, Oppland og Oslo

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Søndag 2. september
Kl. 17.00: Statsminister Erna Solberg deltek på opninga av Biokraft Skogn sin biogassfabrikk. Adresse: Sjøgata 108, Industriparken Fiborgtangen, Skogn.

Kl. 19.30: Statsministeren taler og deltek på eit arrangement i Studentersamfundet i Trondheim. Adresse: Elgeseter gate 1, Storsalen.

Måndag 3. september
Kl. 09.45: Statsministeren møter studentar ved NTNU. Adresse: Realfagbygget, Høgskoleringen 5.

Kl. 10.00: Statsminister Erna Solberg, næringsminister Torbjørn Røe Isaksen og forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø inviterer til toppmøte om digitalisering og banebrytande teknologiar på NTNU i Trondheim.

Pressa kan vere til stades under første del av møtet til kl. 10.40, og under oppsummeringa frå kl. 11.50. Statsministeren og andre møtedeltakarar vil vere tilgjengelege for presse etter møtet, om lag kl. 12.00. Ta med pressekort og godkjend ID. Oppmøte ved: Hovudinngangen til realfagbygget, Høgskoleringen 5.

Kl. 12.45: Statsministeren besøkjer Maritime Robotics i Trondheim. Adresse: Brattørkaia 13B.

Kl. 16.10: Statsministeren besøkjer DigiCat Norwegian Catapult Centre i Ålesund. Adresse: Norsk Maritimt Kompetansesenter, Borgundveien 340.

Kl. 17.30: Statsministeren deltek på NHO Møre og Romsdal sitt toppleiarforum på Radisson Blu Hotel Ålesund. Adresse: Sorenskriver Bulls gate 7.

Tysdag 4. september
Kl. 10.45: Statsminister Erna Solberg besøkjer PARK gründer- og næringshus på Hamar. Tema for besøket er spelteknologi. Adresse: Grønnegata 85.

Kl. 13.00: Statsministeren opnar Norwegian Cyber Range ved NTNU Gjøvik, Institutt for informasjonssikkerhet og kommunikasjonsteknologi. Adresse: Teknologiveien 22

Kl. 15.45: Statsministeren besøkjer Kjeller Innovasjon, der ho møter ei rekkje teknologibedrifter. Adresse: Gunnar Randers vei 24 på Kjeller.

Pressekontaktar er statssekretær Sunniva Ihle Steinstad, telefon 959 77 153, e-post sunniva-ihle.steinstad@smk.dep.no og kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, e-post maria.korkunc@smk.dep.no.

Onsdag 5. september
Kl. 09.00: Statsminister Erna Solberg opnar konferansen «IT i praksis» i Oslo Rådhus.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Maria Korkunc, telefon 980 93 663, e-post maria.korkunc@smk.dep.no.