Historisk arkiv

Statsministerens program veke 46

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00. Det er også jamlege møte i Regjeringa sitt sikkerheitsutval (RSU).

Måndag 9. november
Kl. 17.00: Statsministeren har digitalt møte med presidenten i Europakommisjonen, Ursula von der Leyen. Tema for møtet er aktuelle saker i samarbeidet mellom EU og Noreg, som handtering av koronapandemien, grøn vekst og omstilling samt rettsstat og multilateralt samarbeid.

Kl. 18.00: Statsministeren taler på markeringa av Krystallnatta ved Nationaltheatret i Oslo.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Tysdag 10. november
Kl. 08.30: Statsministeren deltek i eit digitalt møte med stats- og regjeringssjefar frå fleire mellomstore land for å utveksle erfaringar frå handteringa av korona-krisa. Det er Austerrikes forbundskanslar Sebastian Kurz som har invitert til møtet.

Kl. 10.15: Statsministeren deltek på eit digitalt frukostmøte om barnefødslar i eit samfunnsøkonomisk perspektiv, i regi av Civita og Menneskeverd.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.

Onsdag 11. november
Kl. 09.00: Statsministeren taler på opninga av den nasjonale berekraftkonferansen Veien mot 2030. Sjå eiga nettside om konferansen for fleire detaljar. Konferansen går føre seg digitalt.

Pressekontakt er fagdirektør Tor Borgersen, telefon 90 93 89 87, e-post tab@smk.dep.no.

Kl. 12.00: Statsministeren deltek i partileiardebatten på den digitale Zerokonferansen 2020. Debatten går føre seg på gamle Deichman bibliotek, Arne Garborgs plass 4, Oslo. Presse må akkreditere seg til Zero.

Pressekontakt for statsministeren er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 93 05 14 58, e-post asa@smk.dep.no.

Torsdag 12. november
Kl. 16.15: Statsministeren deltek digitalt på Paris Peace Forum, der ho mellom anna skal delta i ein panelsamtale om korleis låg- og mellominntektsland kan få tilgang til koronatestar, -medisinar og -vaksiner. I samtalen deltek også Frankrikes president Emmanuel Macron, generaldirektør Tedros Adhanom Ghebreyesus i Verdas helseorganisasjon, president i Europakommisjonen Ursula von der Leyen og Melinda Gates frå Bill & Melinda Gates Foundation. 

Pressekontakt er kommunikasjonssjef Anne Kristin Hjukse, telefon 99 21 46 10, e-post ahj@smk.dep.no.

Søndag 15. november
Kl. 13.00: Statsministeren deltek på digitalt sentralstyremøte i Høgre. Partiet sender ut praktiske detaljar seinare.

Pressekontakt er statssekretær Rune Alstadsæter, telefon 91 55 84 19, e-post ral@smk.dep.no.