Historisk arkiv

Arbeids- og inkluderingsministeren tek imot ei utgreiing om arbeidsinnvandrarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Adresse: Akersgata 59, 0180 Oslo

Stad: Akersgata 59, auditoriet i R5

Utvalget, leidd av professor Arnfinn Midtbøen, har gått gjennom situasjonen for arbeidsinnvandrarar og familiemedlemmene deira. Tysdag 13. desember blir utgreiinga overlevert til arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen.

Utgreiinga blir ein del av kunnskapen om arbeidsinnvandring og integreringspolitikken i Noreg. Utvalet vurderer integreringspolitiske verkemiddel for å betra integrera arbeidsinnvandrarar i norsk arbeids- og samfunnsliv.

Program:

10:00: Ekspedisjonssjef Lisbeth Fransplass Røren ønskjer velkommen

10:05: Utvalsleiar Arnfinn Midtbøen presenterer utgreiinga

10:25: Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen får utgreiinga.

10:35: Presse, moglegheit for separate intervju med arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen og utvalsleiar Arnfinn Midtbøen.

Pressekonferansen vil bli strøyma. Pressekonferansen blir filma av Departementenes sikkerhets- og serviceorganisasjon (DSS) og kan følgjast direkte på www.regjeringa.no. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.

Journalistar bør melda seg på, og møta opp 09.45. Hugs pressekort og gyldig ID.

Påmelding eller spørsmål kan sendast til kommunikasjonsrådgivar Jonas Unstad (jonas.unstad@aid.dep.no), tlf: 47 93 53 82