Historisk arkiv

Svar på spørsmål om forskrift om rekruttering og flytting i utanrikstenesta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Anniken Huitfeldts svar på eit spørsmål frå Ingrid Fiskaa (SV) om arbeidet med forskrift om rekruttering og flytting i utanrikstenesta.

Skriftleg spørsmål nr. 3283 (2022-2023)
Datert 29.09.2023.

Frå representanten Ingrid Fiskaa, SV, til utanriksministeren:

På kva måte vil statsråden sikra at forskrift om rekruttering og flytting i utanrikstenesta skjer i tråd med det som var Stortingets føresetnad om å garantera føreseielege og saklege prosessar?

Svaret frå utanriksministeren:

Eg kan forsikre at arbeidet med ny forskrift om rekruttering og flytting i utanrikstenesta følgjer opp alle sider av regjeringsforslaget til lovendringar og Stortingets føresetnader. Representantane til dei tilsette er konsulterte undervegs i arbeidet. Merknadene deira til forslaget i den offentlege høyringa er gjennomgått og vurderte. Så langt det samsvarer med Stortingets vedtak, er forslag og presiseringar søkt varetekne i den vidare oppfølginga til departementet.

Det har heile tida vore ein viktig føresetnad for forslaget til endringar i utanrikstenestelova at medverknaden til dei tilsette skal førast vidare i ny rotasjonsordning. Dette er følgt opp i samsvar med mottekne innspel frå arbeidstakarorganisasjonane og vil bli inkludert i forskrifta. Dei tillitsvalde vil delta i saksbehandlinga av flyttingar og bli presenterte for utkast til fordeling av medarbeidarar på flytteplanen før det blir gjort vedtak. Arbeidstakarorganisasjonane kan stille spørsmål, be om informasjon og fremje forslag. Eventuelle forslag vil bli del av avgjerdsgrunnlaget ved vedtak om flytting.

Som eg understreka i Stortingets debatt om lovforslaget, er målet med ny rotasjonsordning å sikre kvalifiserte medarbeidarar på alle utanriksstasjonane våre, utvikle og utnytte den samla kompetansen til tenesta og vareta ei rettferdig byrdefordeling mellom tilsette over tid.

Eg la særleg vekt på at eg ønskjer å vareta medfølgjande familie når medarbeidarar tenestegjer i utlandet. Nokre stader er det ikkje mogleg å ha med familie, medan det andre stader ikkje er tilstrekkeleg vern for alle typar familierelasjonar. Moglegheitene medfølgjande har til arbeid og barns skulegang er viktige omsyn å ta ved flytting for å sikre at tenesta held fram med å vere ein attraktiv arbeidsplass gjennom alle fasar av karrieren. Også tilsette som reiser ut åleine skal varetakast.

Eg peika i debatten på at kvalifikasjonane til tilsette skal leggjast til grunn. Med kvalifikasjonar meiner ein utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, sett opp mot kvalifikasjonskrava som er fastsette for stillinga. Alle kandidatar vil bli vurderte for stillingane baserte på dei angitte kompetansekrava. Dersom det er to eller fleire kvalifiserte kandidatar, skal departementet gjennomføre ei vurdering av fordeling av medarbeidarar basert på fastsette objektive kriterium, som i tillegg til kvalifikasjonane til den enkelte skal vere omsyn til kompetansestyring, rotasjonstakt, byrdefordeling og familieomsyn.

Eg konstaterte at familieomsyn er eit objektivt kriterium. Det gjeld òg andre kriterium i lovforslaget. Det ville samtidig ha vore lite tenleg på førehand å vekte korleis kriteria skulle nyttast i enkeltsaker, då det ville ha avgrensa både tilsettes og tenestas behov for fleksibilitet.

I forslaget til forskrift som blei send på høyring blir føresett at arbeidsgivar skal gjennomføre ei heilskapleg vurdering av kriteria og balansere desse på ein sakleg måte som sikrar størst mogleg grad av likebehandling. Vurderingane skal vere etterprøvbare slik at tilsettes medverknad blir reell.

I arbeidet med ny forskrift er òg regelverk i andre statlege verksemder som har ei form for flytteplikt eller pliktteneste teke i betraktning. Forslaget til forskrift balanserer nødvendige omsyn til fleksibilitet for den enkelte og tenesta med omsynet til føreseielegheit ved vedtak om flytting.

Eg er derfor trygg på at Stortingets føresetnader vil bli oppfylte og at utanrikstenesta kan vareta tilsettes og verksemdas behov på ein god måte i ny rotasjonsordning.