Historisk arkiv

Svar på spørsmål om Noregs deltaking på ministermøte i EU

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Støre

Utgjevar: Utenriksdepartementet

Utanriksminister Anniken Huitfeldts svar på eit spørsmål frå Ine Eriksen Søreide (H) om kor mange EU-ministermøte har Noreg vore invitert til, og kor mange har vi delteke på, frå oktober 2021 til i dag,

Skriftleg spørsmål nr. 3254 (2023-2024)
Datert 26.09.2023

Frå representanten Ine Eriksen Søreide (H):

Kor mange uformelle EU-ministermøte har Noreg vore invitert til, og kor mange har vi delteke på, frå oktober 2021 til i dag, og kva for nokre uformelle ministermøte planlegg Noreg å delta på under det spanske EU-formannskapet i haust? Eg ber òg om ei oversikt over kven som har delteke på møta frå norsk side.

Svaret frå utanriksministeren:

Noreg har vore invitert til 36 og delteke i 35 uformelle ministermøte frå januar 2022 til i dag. I 29 av møta har delegasjonsleiar vore på politisk nivå (16 gonger med statsråd og 13 gonger med statssekretær). Under det spanske formannskapet har Noreg vore invitert til og så langt delteke på seks uformelle ministermøte, og ein forventar invitasjon til fleire.

Under følgjer oversikt over norsk deltaking inkl. delegasjonsleiar i den aktuelle perioden. Deltaking i ministerkonferansar og European Political Community er ikkje inkludert. Det var ingen uformelle ministermøte under det slovenske formannskapet i 2021 etter det norske regjeringsskiftet i oktober.


Frankrike (januar-juni 2022, invitert til 13, deltok på 12)

 

Klima/energi (20.-22. jan.)

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide og Statssekretær Amund Vik (OED)

Utdanning/forsking (24.-25. jan.)

Forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe

Industri/indre marknad (31. jan.-1. feb.)

Statssekretær Janicke Andreassen (NFD)

Justis/innanriks  (3.-4. feb.)

Statssekretær Erik Idsøe (JD)

Helse (9.-10. feb.)

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Arbeid/sosial (14.-15. feb.)

Statssekretær Truls Wickholm (AID)

Samferdsel (21.-22. feb.)

Statssekretær Jakob Bjelland (SD)

Justis/innanriks ekstraord. (27. feb. og 2. mars.) 

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl

Kultur (7.-8. mars.)

Embetsverk

Telekommunikasjon (8.-9.) mars.

Embetsverk

Helse (15. mars)

Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen (HOD)

 

Tsjekkia (juli-desember 2022, invitert til 9, deltok på 9)

Justis/innanriks (11.-12. juli

Statssekretær Astrid Bergmål (JD)

Klima (12.-14. juli)

Statssekretær Aleksander Øren Heen (KLD)

Konkuranseevne (19.-20. juli)

Statssekretær Halvard Ingebrigtsen (NFD)

Utdanning/forsking (21.-22. juli)

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel

Samhøyrpolitikken  (1.-2. sept.)

Embetsverk

Helse (6.-7. sept.)

Helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol

Energi (11.-12. okt.)

Olje- og energiminister Terje Aasland

Arbeid/sosial (13.-14. okt.)

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen

Samferdsel (20-21 okt.)

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård     


Sverige  (januar-juni 2023, invitert til 8, deltok på 8)

 

Justis/innanriks (26.-27. jan.) 

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl

Konkurranseevne (6. feb.)

Næringsminister Jan Christian Vestre

Forsking (7. feb.)

Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel

Samferdsel (27. feb.)

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Energi (28. feb.)

Olje- og energiminister Terje Aasland

Miljø (18.-19. april)

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide

Sosial (3.-4. mai)

Arbeids- og inkluderingsminister Marte Mjøs Persen og statssekretær Maria Schumacher Walberg

Helse (4.-5. mai)

Statssekretær Ellen Moen Rønning-Arnesen

 

Spania (juli-desember 2023, førebels invitert til og delteken på 6)

 

Klima/energi (10.-12. juli)

Klima- og miljøminister Espen Barth Eide og Statssekretær Elisabeth Sæther (OED)

Justis/innanriks (19.-21. juli)

Embetsverk

Industri (25. juli)

Statssekretær Anne Marit Bjørnflaten (NFD)

Konkurranseevne (27.-28. juli)

Embetsverk

Helse (27.-28. juli)

Statssekretær Ellen Moen Rønning Arnesen (HOD

Samferdsel (21.-22. sept)

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård