Rapport til OECD om utviklinga på migrasjonsområdet i 2005-2006
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet
Nyheit | Dato: 17.01.2007 | Sist oppdatert: 21.01.2007
Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten, International Migration 2005-2006, er eit bidrag til OECD sitt felles rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda, kalla SOPEMI. Den siste rapporten dekkjer 2005 og mykje av 2006.
Rapport til OECD om utviklinga på migrasjonsområdet i 2005-2006
Noreg sender kvart år ein rapport til OECD - Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling. Rapporten, International Migration 2005-2006, er eit bidrag til OECD sitt felles rapporteringssystem for migrasjonsutviklinga i medlemslanda, kalla SOPEMI. Den siste rapporten dekkjer 2005 og mykje av 2006.
Den norske SOPEMI-rapporten, laga av medarbeidarar i AID, gjev oversikt over utviklingstrekk i innvandrings-, integrerings- og inkluderingspolitikken og gjev tal for inn- og utvandring og for samansetjinga av innvandrarbefolkninga. Rapporten omhandlar ulike former for migrasjon, statsborgarskap, opplæring, arbeidsmarkedet, valdeltaking, rasisme og diskriminering. Rapportane frå medlemslanda blir nytta som ei viktig kjelde for den årlege ”flaggskip-publikasjonen” frå OECD, International Migration Outlook.
International migration 2005/2006 – Sopemi-report for Norway (PDF-format)