Historisk arkiv

Forslag om varig lønnstilskot ute på høyring

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Arbeids- og inkluderingsdepartementet

Mange som i dag får innvilga uførepensjon ønskjer å vere i arbeid. Ei ordning med varig lønnstilskot kan hjelpe til at fleire brukarar med kroniske plager og varige helseproblem får tilbod om arbeid.

Pressemelding

Nr.: 151
Dato: 15.12.2006

Forslag om varig lønnstilskot ute på høyring

Mange som i dag får innvilga uførepensjon ønskjer å vere i arbeid. Ei ordning med varig lønnstilskot kan hjelpe til at fleire brukarar med kroniske plager og varige helseproblem får tilbod om arbeid.

– Forsøk med ei varig lønnstilskotsordning blir no sendt på høyring. Ordninga er eit svært viktig verkemiddel for å få fleire i arbeid og forhindre varig uførepensjonering, seier arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen.

– I 2004 og 2005 blei det kvart år innvilga om lag 30 000 nye uføresøknader i Noreg. Det vil derfor vere av stor verdi både for den einskilde og for samfunnet om fleire kan delta i arbeidslivet også etter at arbeidsevna er redusert. Forsøket omfattar også personar som er innvilga uførepensjon, men som ønskjer å prøve seg i arbeidslivet, seier statsråden.

Dagens verkemiddelapparat manglar eit tiltakstilbod innanfor ordinært arbeidsliv som kan vere eit alternativ til overgang til uførepensjon. Ei ordning med varig lønnstilskot vil derfor vere ein ”vinn-vinn-vinn”-situasjon for både arbeidstakarar, arbeidsgivarar og styresmakter.

Andre verkemiddel skal vere prøvde eller vurderte før tidsuavgrensa lønnstilskot blir tilbode. Arbeids- og velferdsetaten skal sørgje for nødvendig oppfølging av både arbeidstakar og arbeidsgivar. Gjennom å etablere god kontakt med arbeidsgivar og tillitsvalde, reduserer ein risikoen for at personar med varig lønnstilskot fortrengjer andre arbeidssøkjarar.

Deltakarane i ordninga skal vere tilsette på ordinære lønnsvilkår, men arbeidsgivarane vil få refunderte ein del av lønna og dei sosiale utgiftene. Kor stor denne delen er, vil bli vurdert i kvart enkelt tilfelle.

Forsøket startar opp i Finnmark, Nord-Trøndelag, Aust-Agder, Vestfold og Akershus i 2007. På bakgrunn av dei erfaringane ein gjer i løpet av 2007, vil departementet vurdere om ordninga skal gjerast permanent frå 2008.

Forsøk med tidsuavgrensa lønnstilskot – høyring av forskrift