Historisk arkiv

Barnevernets ansvar for einslege mindreårige asylsøkarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Barne- og likestillingsdepartementet

Barne- og likestillingsdepartementet sender no på høyring forslag til lovregulering av barnevernet sitt omsorgsansvar for einslege mindreårige asylsøkarar. Framlegget er ein konsekvens av regjeringa sitt ynskje om å overføre omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar (EMA) til barnevernet.

Barne- og likestillingsdepartementet sender no på høyring forslag til lovregulering av barnevernet sitt omsorgsansvar for einslege mindreårige asylsøkarar. Framlegget er ein konsekvens av regjeringa sitt ynskje om å overføre omsorgsansvaret for einslege mindreårige asylsøkarar (EMA) til barnevernet. Lovforslaga vil førebels gjelde for EMA under 15 år.

Framlegget lovfester det statlege barnevernet sin plikt til å gi einslege mindreårige asylsøkarar eit bu- og omsorgstilbod på eit eige senter under handsaming av asylsaken, og fram til barnet blir busett i ein kommune eller reiser ut av landet etter avslag på asylsøknaden. Tilbodet skal sikre EMA god omsorg og tryggleik, og bidra til at dei får den oppfølging og det tilsyn dei har behov for.

Det er viktig å sikre at einslege mindreårige asylsøkarar får eit omsorgstilbod på linje med andre barn som er under barnevernet sin omsorg. Departementet gjer derfor framlegg om at dei rettslege rammene for omsorgssenteret skal være dei same som for ordinære institusjonar i barnevernet. Det tyder m.a. at gjeldande regelverk for barna sine rettar, tilsyn, kvalitetskrav og godkjenning av kommunale og private institusjonar skal gjelde tilsvarande for bu- og omsorgstilbodet.

I tillegg til endringar i barnevernlova  omfattar framlegget m.a. einskilde endringar i lov om pasientrettar, som gir det statlege barnevernet rett til informasjon og samtykkekompetanse på vegne av einslege mindreårige asylsøkarar som oppheld seg på omsorgssenteret.

Høyringsfristen er sett til 12. oktober.

Les høyringsnotatet her