Historisk arkiv

Olavstipendet 2013 til Olav Rune Ertzeid

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings-, administrasjons- og kirkedepartementet

Olav Rune Ertzeid, som er prost i Nord-Helgeland prosti i Sør-Hålogaland, er tildelt Olavstipendet 2013. Stipendet vart offisielt tildelt av kirkestatsråd Rigmor Aasrud i ein seremoni 8. oktober 2013.

Olav Rune Ertzeid, som er prost i Nord-Helgeland prosti i Sør-Hålogaland, er tildelt Olavstipendet 2013. Stipendet vart offisielt tildelt av kirkestatsråd Rigmor Aasrud i ein seremoni 8. oktober 2013.

Olavstipendet blir delt ut årleg, og skal i hovudsak gå til prestar i Den norske kyrkja. Stipendet vart oppretta i 1993 for å auke kunnskapen om kyrkja si rolle i samfunnet og for å styrke den interne kompetansen for å løyse kyrkja sine oppgåver.

Stipendmottakaren får løn i eit år og inntil kr 100.000 kroner i stipendmidlar.

Då stipendet for 2013 vart lyst ut, peika departementet på tre ulike tema som ein ville ha belyst. Eit av desse var ”Prosten si leiing av prestetenesta”. 

Olav Rune Ertzeid får stipendet for prosjektet: ”Når presten svikter – om avvik i adferd og kvalitet i utført arbeid. Hvordan leder og ledes prosten når avvik hos menighetsprestene avdekkes?”

Ertzeid har vore prost i Nord-Helgeland sidan 2005 og har før det vore prost i Vest-Telemark og sokneprest i Gildeskål og på Vega.