Historisk arkiv

- Dette kan vi ikkje leve med

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 3/2006
Dato: 03.02.06
Kontaktperson: Seniorrådgiver Ragnvald Berggrav tlf.: 924 55 337

- Dette kan vi ikkje leve med

- Dette er tal vi ikkje kan leve med. Her har òg staten heilt klårt ein jobb å gjera, sjølv om vi ikkje kjem spesielt dårleg ut i undersøkinga.

Dette seier fornyingsminister Heidi Grande Røys i ein kommentar til MMI-undersøkinga som viser at berre 33 prosent av norske leiare vil kalle inn ein 57-åring til jobbintervju. Til samanlikning vil 68 prosent kalle inn 38-åringen, og 60 prosent vil kalle inn 25-åringen. Grande Røys er arbeidsgjevar for alle statlege anstelde.

- Staten må vere ein dyktig og attraktiv arbeidsgjevar, slik at vi både rekrutterer og held på den kompetansen og dei menneska som er naudsynt for å få jobben vel gjort. Vi har verken råd til eller folk nok til å sjå vekk frå potensielt erfarne arbeidstakarar. Aller minst om vurderingane er baserte på fordomar. Aldersdiskriminering tener ingen på, verken individa, verksemdene eller storsamfunnet, seier Grande Røys.

Den nye IA-avtala krev at ein konkretiserer mål og virkemiddel i første halvår i år. Det skal gå føre seg både i verksemdene og på overordna samfunnsnivå.