Historisk arkiv

Partilovnemnd oppnemnd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Partilovnemnda vart oppnemnd av Kongen i statsråd i dag. Nemnda er etter § 24 i partilova eit uavhengig forvaltningsorgan som administrativt er lagt under Kongen og departementet. Nemnda blir oppnemnd for ein periode på seks år om gongen.

Pressemelding

Nr.: 9/2006
Dato: 03.03.06
Kontaktperson: Rådgiver Jens-Oskar Nergård, tlf 22 24 47 89

Partilovnemnd oppnemnd

Partilovnemnda vart oppnemnd av Kongen i statsråd i dag. Nemnda er etter § 24 i partilova eit uavhengig forvaltningsorgan som administrativt er lagt under Kongen og departementet. Nemnda blir oppnemnd for ein periode på seks år om gongen.

Partilovnemnda skal tolke reglane i partilova med føresegner. Nemnda har fullmakt til å fatte vedtak om å halde tilbake stønad, avgjere klagar over vedtak om registrering og over vedtak om tildeling av statleg stønad til dei politiske partia. Desse er oppnemnde som medlemmer av nemnda:

Leiar:
Lagdommar Ørnulf Røhnebæk (Bærum).

Nøytral medlem:
Seksjonssjef Paul Inge Severeide (Kongsvinger)

Medlem med politisk bakgrunn:
Rekneskapssjef Liv Zazzera (Hafrsfjord) Framstegspartiet
Einingsleiar Mali Grete Aksnes (Norheimsund) Senterpartiet
Kontorsjef Karl Erik Høegh (Brevik) Det norske Arbeidarparti