Historisk arkiv

Statens personalhandbok gratis på nett

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 8/2006
Dato: 20.02.06
Kontaktperson: Underdir. Ellen Koren Dahl, tlf 22 24 48 08

Statens personalhandbok gratis på nett

Statens personalhandbok er no tilgjengeleg for alle i ei gratis nettutgåve som er lett å finne fram i. Det er lagt ned eit stort arbeid for å gjere dette sentrale referanse- og oppslagsverket maksimalt brukarvennleg, bl.a. med ny og sterkt forbetra søkjefunksjon og stikkordregister.

- Dette er eit viktig fornyingstiltak i offentleg sektor, seier fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. – Kvardagen vil verte enklare for tilsette i det offentlege og for dei mange i privat verksemd som er avhengige av kjennskap til offentlege reglar og regulativ. Mange statlege ordningar er i praksis retningsgivande også for det private næringslivet. Dessutan kan folk no lettare skaffe seg innsikt i kva rettar dei har. Det er eit viktig demokratisk prinsipp, seier Grande Røys.

Statens personalhandbok inneheld alle viktige reglar og regulativ for tilsette i det offentlege, saman med Fornyings- og administrasjonsdepartementets prinsippavgjerder og retningslinjer. Boka kjem kvart år i revidert utgåve, mens den elektroniske versjonen på nettet vert oppdatert fortløpande. I tillegg inneheld den elektroniske utgåva hovudtariffavtalen i staten og alle relevante personalmeldingar.

Personalhandboka har fram til no vorte distribuert til offentlege etatar i eit visst tal eksemplar. For andre har boka vore til sals gjennom bokhandelen eller i abonnement som òg har omfatta ei elektronisk utgåve. Den nye elektroniske versjonen er utvikla av Departementas servicesenter DSS, og er tilgjengeleg for alle på nettadressa www.sph.dep.no