Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Storsatsing for å ta vare på kulturhistoriske eigedomar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Pressemelding

Nr.: 28/2006
Dato: 01.09.06
Kontaktperson: Seniorrådgiver Kaare Falkenberg 22 24 46 44

Storsatsing for å ta vare på kulturhistoriske eigedomar

Staten tek no eit stort sprang framover i arbeidet med å bevare og synleggjere dei kulturhistoriske eigedomane sine. Mangel på felles retningslinjer har tidlegare ført til at departement og etatar har hatt høgst ulik praksis og kvalitet på vedlikehaldet. Det har heller ikkje eksistert noko samla oversikt over alle bygningane.

Dette skal det no bli slutt på. Regjeringa vedtok i dagens statsråd ein kongeleg resolusjon om felles overordna retningslinjer for vedlikehald av desse eigedomane. Dei skal registrerast i eit felles register og alle departement må utarbeide både ein samla landsvernplan for sektoren sin og ein forvaltningsplan for dei einskilde eigedomane. Dette vil gi ytterligare slagkraft til Prosjektet Statens kulturhistoriske eigedomar som leiast av Fornyings- og administrasjonsdepartementet og omfattar rundt 10 millionar kvadratmeter bygningsmasse.

- Dette er eit enormt lyft og ein merkedag i arbeidet med å ta vare på viktige delar av historia vår. Eg er veldig glad for oppslutninga om prosjektet så langt; helseføretaka, Posten, Avinor, Statsbygg, universiteta og mange fleire er godt i sving, seier fornyingsminister Heidi Grande Røys.

Saman med det overordna regelverket vil Fornyingsdepartementet òg gi ut ein rettleiar som skal hjelpe statlege aktørar i arbeidet deira med å ta godt vare på staten sine kulturhistoriske eigedomar. Denne skal vare klar til utsending 1. oktober.

Prosjekt Statens kulturhistoriske eigedomar

Kongeleg resolusjon om overordna føresegner om forvaltning av statlege kulturhistoriske eigedomar

Til toppen