Historisk arkiv

Over 100.000 brukarar på Miside

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Berre tre veker etter lanseringa har talet på brukarar av innbyggjarportalen Miside passert 100.000. Det er svært mange som har brukt dei kommunale tenestene og dessutan slått opp på opplysningar om seg sjølv i ulike offentlege register.

Pressemelding

Nr.: 01/2007
Dato: 08.01.06
Kontaktperson: Seniorrådgiver Ragnvald Berggrav, t. 92 45 53 37

Over 100.000 brukarar på Miside

Berre tre veker etter lanseringa har talet på brukarar av innbyggjarportalen Miside passert 100.000. Det er svært mange som har brukt dei kommunale tenestene og dessutan slått opp på opplysningar om seg sjølv i ulike offentlege register.

- Miside er eit godt døme på korleis vi kan fornye offentleg sektor, og eg er svært nøgd med at så mange allereie no har teke i bruk portalen, seier Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. Det er ikkje mange norske nettstader som kan vise til så mange unike brukarar så kort tid etter lansering. Utfordringa no blir å tilby brukarane stadig fleire nyttige tenester. Målet er at alle relevante elektroniske tenester, frå både stat og kommunar, skal bli tilgjengelig i Miside seier Grande Røys.

På Miside kan brukaren få utført ulike offentlege tenester som til dømes byte fastlege, melde flytting, endre skattekort, bestille helsetrygdkort eller søke om fastrente på studielånet. Miside gjev òg kvar enkelt høve til innsyn i informasjon om seg sjølv i offentlege register. Miside vil dessutan tilby ei sikker elektronisk postkasse for meldingar til og frå forvaltninga. Her kan brukaren få personlege meldingar frå offentlege verksemder. Dette kan til dømes vere melding om behandling av ein søknad eller melding om at køyretøyet ditt skal til periodisk køyretøykontroll.

Dei mest brukte tenestene i Miside dei første tre vekene:

  • Eigedommane mine
  • Kjøretøya mine
  • Min status som arbeidssøkjar hos NAV
  • Endre skattekort
  • Bestille pensjonsutrekning
  • Byte fastlege
  • Studielånet mitt
  • Søknad om plass i barnehage (mest brukte kommunale teneste)

Miside vart lansert 18. desember 2006 med eit utval av tenester frå 6 statlege etatar og 23 kommunar. Ansvaret for Miside er lagt til Noreg.no, som er ein verksemd under Fornyings- og administrasjonsdepartementet.

www.norge.no/minside

www.noreg.no/miside