Historisk arkiv

Frå modernisering til fornying — kva kan næringslivet vente av offentleg sektor?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Innlegg av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Lillehammer, 24. januar 2006.

Frå modernisering til fornying – kva kan næringslivet vente av offentleg sektor?

Innlegg av Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys på Lillehammer, 24. januar 2006.

Aller fyrst - takk for invitasjonen til å kome til Lillehammer. Eg ser det som svært viktig å kunne vere med på ein slik konferanse som samlar næringslivet og forvaltninga i fylket. Vi som har ansvar for fornying av offentleg sektor må vere i dialog med leiarar på alle nivå i forvaltninga, men det er òg viktig at vi kan møte næringslivet. Det er ynsket mitt at ein slik dialog skal gi nyttige innspel og konkrete forslag til fornying og effektivisering i samhandlinga mellom næringslivet og det offentlege.

Positiv utvikling i arbeidsmarknaden
Før eg går nærmare inn på regjeringa sin politikk vil eg gjerne kommentere den positive utvikling i arbeidsmarknaden. Berre heimfylket mitt, Sogn og Fjordane, har lågare arbeidsløysetal enn Oppland. I fjor fekk vi ein kraftig auke av utlyste stillingar i arbeidslivet. Talet på utlyste stillingar er ein god temperaturmålar på korleis næringslivet ser på framtida.

I desember vart det utlyst 51 prosent fleire stillingar enn i desember 2004. Det inneber at det no er lettare å få jobb enn det har vore på lenge. Særleg gjeld det dei med naturvitskapeleg utdanning (m.a. ingeniørar og IT-folk). Den sterkaste veksten av stillingar har til no kome i privat sektor. Aetat ventar ein auke også i offentleg sektor framover.

Eg synest det er gledeleg å registrere at leiarar i næringslivet no er optimistiske også når det gjeld den framtidige sysselsettinga. Kvar sjette norske arbeidsgivar forventar å tilsetje fleire i første kvartal i 2006. Slår desse prognosane til, vil det bety ein auke i sysselsettinga på om lag 40.000 årsverk. Det er ei god utvikling!

Vern om velferdsstaten
Låg arbeidsløyse er ein god indikator på eit velfungerande velferdssamfunn, men den norske velferdsstaten er ikkje noko som blir til av seg sjølv. Utfordringa er å ta vare på det beste i den, forbetre og vidareutvikle den og bruke det handlingsrommet vårt samfunn og vår samla offentlege forvaltning gir oss. Det er regjeringa sitt mål at det norske velferdssamfunnet skal vere robust, trygt, velfungerande og framtidsretta. I Soria Moria-erklæringa har vi løfta fram som visjon for arbeidet vårt at vi skal overlate til neste generasjon noko som er meir verdifullt enn det vi sjølv tok over.

Ein politikk for å realisere denne visjonen gjer det naudsynt med både store og små grep. Det handlar om reformer som vil prega utviklinga av offentleg sektor i fleire tiår framover, slik som skipinga av ei ny regionalforvaltning, gjennomføringa av NAV-reforma og satsinga på kunnskap og kvalitet i skulen. Overgangen til IT-samfunnet krev òg evne til omstilling, nytenking og fleksibilitet. Samstundes må vi evne å takle forvaltninga sine ulike oppgåver godt i det daglege.

Den nordiske og norske velferdsmodellen kombinerer effektivitet og vekst – med ein stor grad av omfordeling. Det handlar kort sagt om å skape – og å dele. Modernisering i den førre regjeringa sin munn, var å privatisere og konkurranseutsette offentleg sektor, medan vi har ambisjonar om å fornye og utvikle offentleg sektor som offentleg sektor.

Det inneber ikkje at alt skal vere ved det gamle. Eit samfunn som er under stadig endring, med auka kunnskap, betre kommunikasjonar, fleire moglegheiter, stiller auka krav til at det offentlige tenestetilbodet endrar seg i takt med den generelle samfunnsutviklinga. Om offentleg sektor ikkje maktar det, vil tilliten til offentlege løysingar fort verte svekt og resultatet kan verte mindre velferd og meir ulikskap.

Kvifor treng vi fornying?
Regjeringa vil løyse dei store oppgåvene gjennom å satse på fellesskapsløysingane og føre ein politikk for å redusere forskjellane i samfunnet. Vi vil styrke ansvaret og rolla til det offentlege på fleire område. Det gjev oss eit særleg ansvar for at det offentlege tilbodet er tilpassa innbyggjarane og næringslivet sine behov, og at vi skaper gode resultat av dei ressursane vi set inn.

Av omsyn til industrien og nye generasjonar skal vi ha handlingsregelen som rettesnor for bruken av oljepengar. Dersom vi skal klare å innfri våre ambisiøse mål, må vi i tillegg frigjere pengar òg gjennom effektivisering.

Eldrebølgja gjer dette ekstra viktig. La meg illustrere det. I 1995 var det 3 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd. Litt forenkla kan vi seie at den nyfødde hadde tre oldeforeldre. I 2050 er det ikkje lenger 3, men meir enn 8 nordmenn over 80 år for kvar nyfødd. Mange vil oppleve å ha alle oldeforeldre på plass når dei kjem til verda.

Den andre grunnen til at vi vil fornye, er at vi vil sikre oss at dei pengane vi set inn i offentleg sektor, faktisk gir dei resultat som innbyggjarane forventar. Men dette vil eg gjere heilt klart: Vi vil ikkje gå inn på vidare privatisering av helse, omsorg og utdanning. Det betrar verken effektiviteten eller kvaliteten på tenestene!

Vi skal lytte til brukarane – og vi skal møte dei med respekt. Vi vil ha ein offentleg sektor som yter tenester av høg kvalitet – og som er tilpassa det brukarane etterspør. Det gjeld alt frå barnehageplass, til informasjon som småbedriftene treng og til fornying av pass og førarkort.

Den siste grunnen til at vi skal fornye, er at vi alltid skal vere sikre på at offentleg sektor er i takt med tida.Vi må difor vere opne for å vurdere og fornye våre eigne velferdsordningar - og måten desse er organiserte på. Dei er ikkje blitt til ein gong for alle. Vi må tilpasse dei etter kvart som behovet endrar seg - for at dei skal bli stadig betre.

Høge ambisjonar
Omstillingsdyktige etatar og offentleg tilsette skal ha mykje av æra for at offentleg sektor i dag fungerer betre enn i dei aller fleste andre land. Statlege etatar og deira tilsette har sidan dei fyrste fornyingsplanane på 1980-talet gått gjennom store omstillingar, mellom anna gjennom omdanning av statlege verksemder. Det er såleis blitt om lag 40 prosent færre statlege forvaltningsorgan sidan 1983, men om lag 50 nye statlege selskap.

Erfaringane er likevel ikkje eintydig positive. Nokre av omstillingane har skuva tilsette ut av arbeidslivet. Riksrevisjonen peika tidlegare i år på at mange omstillingar ikkje har gitt dei resultata Stortinget hadde som føresetnad då det slutta seg til forslaga. I levekårsundersøkinga i 2003 til Statistisk Sentralbyrå seier i alt 45 prosent av dei statstilsett at dei har vore igjennom store omstillingar i løpet av dei to siste åra, mens omfanget berre er 30 prosent i private verksemder som aksjeselskap og liknande. Ein rapport frå FAFO peiker på at det dei siste 15 åra har vore enorme omstillingar i det offentlege, og at desse går i raskare og raskare tempo. Det kan difor vere grunn til å hevde at ein har vore for ivrige med omorganiseringar dei siste åra. Vi har vore kritiske til korleis fleire tidlegare reformer har vorte sett i verk. Likevel er det ikkje tvil om at det har vore behov for fornying på mange område. Og det vil vere ei stadig trong til omstilling og fornying. Tenk på Skatteetaten. Å fylle ut sjølvmeldinga er ei heilt anna oppleving i dag, enn for berre få år sedan. Sjølvmeldinga på nettet er kåra til den beste offentlege nettstaden i 2005. Heile 1,25 millionar skatteytarar leverte på nett i 2005, og Skattedirektoratet gjennomfører brukarundersøkingar for å verte endå betre i år. Effektiviseringa her vil de høyre meir om seinare i dag.

Eg meiner difor at vidare omstilling er heilt naudsynt og eg legg til grunn at regjeringa vil ha ambisiøse mål òg for denne sida av fornyingsarbeidet. Men for å få betre effektar, bør vi følgje opp kvalitet og resultat betre. Samstundes må vi arbeide for å involvere dei tilsette og setje i verk tiltak for å hindre at overtalige blir støytte ut av arbeidslivet.

Mål og innretning
Det overordna målet for fornyinga er å gjere oss betre i stand til å nå dei politiske måla våre om å styrkje, fornye og utvikle velferdssamfunnet vidare innanfor forsvarlege økonomiske og miljømessige rammer. Av tiltak som kan hjelpe oss med det, vil eg leggje særleg vekt på:

  • For det fyrste må vi innrette tilbodet etter brukarane sine behov. Vi vil organisere det offentlege tilbodet slik at det er i tråd med det innbyggjarane og næringsliv har bruk for. Det skal vere enkelt å ta kontakt med det offentlege - og du skal få rettvis handsaming.
  • Vi vil arbeide aktivt for ei open forvaltning som gir næringslivet og folk flest kunnskap om og innsikt i offentlege aktivitetar, ressursbruk, kvalitet og resultat.
  • Vi må ha som mål å løyse fellesskapsoppgåvene så effektivt som råd - for å frigjere pengar til høgt prioriterte oppgåver. Men det skal ikkje gå ut over kvaliteten på tenestene.
  • Vi vil leggje opp til ein brei og konstruktiv medverknad frå brukarane, tilsette og organisasjonane i arbeidslivet.

Mi rolle
Som fornyingsminister vil eg i hovudsak ha tre roller å fylle: å vere pådrivar og koordinator for fornyingsarbeidet, å gi støtte til andre sektorar som driv omstilling, og ta initiativ på eigne fagområde, slik som IKT, konkurransepolitikk, regional statsforvaltning og statleg arbeidsgivarpolitikk.

Kva vil vi gjere?
Eg vil no rette blikket mot fornyingsgrep innanfor mitt eige ansvarsområde.

IT-politikken
Fyrst vil eg få presisere at denne Regjeringa har klare ambisjonar om å føre ein god og framtidsretta IT-politikk. Eg ser på IT som eit spennande verkty for å skape ein enklare kvardag for forvaltninga, næringslivet og folk flest. IT speler soleis ei sentral rolle i den samfunnsøkonomiske utviklinga.

Eit av verktøya er eNoreg 2009-planen, med fokus mellom anna på auka innsats for å byggje ned digitale skilje (den digitale allemannsretten), sikre breiband til heile landet innan utgangen 2007 og å leggje grunnlaget for god og rimeleg samhandling mellom folk, næringsliv og forvaltning t.d. ved å ta i bruk programvare basert på opne standardar og open kjeldekode. Dette har òg ein framskoten plass i ”systerplanen” eKommune 2009 som er eit spanande dokument og som etter mi meining gjev ei framifrå støtte til kommunar og fylkeskommunar når det gjeld å utvikle målsetjingar og strategiar for bruk av IT. Regjeringa har og som eit av dei fremste måla for si IT-satsing at all kommunikasjon med det offentlege skal kunne skje elektronisk for dei som ynskjer det, og slik sett i praksis skapa ei døgnopen offentlig forvaltning.

Regjeringa vil byggje vidare på viktige prosjekt som til dømes utviklinga av MiSide, den offentlege tryggleiksportalen, og løysingar som handterer elektronisk ID og elektronisk signatur, pluss næringslivet sin portal Altinn. Tryggleiksportalen vart opna den 15. desember i fjor. Innbyggjarportalen MiSide vert lansert i løpet av første kvartal i år. Vi treng ein god testperiode no på nyåret for å sikre oss at informasjonen til innbyggjarane vert trygt handsama. Eg har store ambisjonar for den vidare utviklinga av MiSide. For det fyrste, vil vi utvide MiSide til å tilby tenester òg frå kommunal sektor – til dømes elektronisk søknad om plass i barnehage. For det andre, vil vi utvide MiSide til òg å verte ei felles trygg postkasse for personlege meldingar mellom kvar enkelt innbyggjar og offentlege verksemder. Du vil til dømes kunne få svar på søknader, skatteoppgjeret og melding om at bilen må til periodisk kontroll. Alt dette vil bli samla i same elektroniske postkasse.

IT er og vil vera eit særs godt verkty i fornyingsarbeidet og samstundes gi grunnlag for ny næringsutvikling i Noreg. Avstandar får mindre å seia, og deling av kunnskap og informasjon legg grunnlaget for utvikling og marknadsføring av nye produkt og tenester. Ingen skal vera i tvil om at denne regjeringa også er ei regjering for IT-sektoren og eg ser på alle bedrifter som lever av å utvikle IT-baserte produkt og tenester som viktige medspelarar i arbeidet mitt for å digitalisere Noreg.

Regjeringa skal arbeide for å sikre grunnleggjande digitale kunnskapar for alle og medverke til å byggje ned digitale skilje. Sjølv om mange har tilgang til teknologien, er det framleis store skilnader i bruks- og kompetansenivå. Då fleire og fleire samfunnsområde er merka av og gjer bruk av IT, vil regjeringa sikre tilbod som gjev alle grupper i folket rettleiing og opplæring i å kunne gjere seg nytte av IT. Dette er viktig for å hindre utstøyting frå arbeidslivet - og å gjere det lettare å kome tilbake i arbeid. Her har t.d. biblioteka ei viktig rolle med å gje tilgang til og bruk av IT. Dei har som fylgje av utviklinga i eit visst mon endra karakter; frå reine bokformidlarar til formidlarar av kunnskap og informasjon på fleire områder. Ikkje minst har biblioteka fått ei sentral rolle som tilbydarar av PC og Internett for dei av oss som ikkje har tilgang til dette heime.

Yngre menneskje har ein annan kompetanse og betre føresetnader for å dra nytte av teknologiske moglegheiter enn generasjonane før dei. Aktiv bruk av teknologi kan medvirke til auka engasjement frå fleire og skape nye vilkår for deltaking. Til dømes kan vi gjennom Internett på eitkvart tidspunkt av døgnet kommentera og få innsyn i dei politiske prosessane som leiar fram til vedtak. Både sentrale, regionale og lokale politiske myndigheiter står overfor utfordringar når det gjeld å legge til rette for at innbyggarane kan utnytte IT-verkty i demokratiske prosessar

Med dette for auge vil Regjeringa gjere sitt til at den teknologiske utviklinga innan media og IT i framtida byggjer på opne standardar og universell utforming, og at alle enkelt kan skaffe seg fri programvare.

Regjeringa vil som tidlegare nemnt òg setje sterkare fokus på breibandutbygginga. Målet er at alle husstandar, private og offentlege verksemder i Noreg skal ha tilgang til eit framtidsretta høgkapasitetsnett innan utgangen av 2007. Regjeringa ynskjer å sikre auka digital tilgang til kunnskap og kultur. Målet er å utvikle Noreg til ein leiande kunnskaps- og IT-nasjon der alle kan delta.

Konkurransepolitikken
Som nemnt i innleiinga har vi eit anna syn på privatisering og konkurranseutsetjing av offentleg sektor enn den førre regjeringa hadde. Vi er tydelege på kvar vi skal ha konkurranse som verkemiddel, og kvar vi ikkje skal ha det. Regjeringa ynskjer ikkje å bruke konkurranse og marknadsløysingar for offentlege tenester innanfor viktige velferdsområde som utdanning, helse og omsorg. Bruk av konkurranse og anbodsutsetjingar kan føre til auka byråkrati, høge kostnader og mindre langsiktig planlegging og politikk. Dette er faktorar som alle må vere med i ei reell vurdering av den økonomiske nytta vi har av slike verkemiddel knytte til velferdstenestene.

Men konkurranse er eit viktig virkemiddel på andre område. Nærings- og konkurransepolitikken skal og kan medverke til auka konkurranseevne for næringslivet. For å sikre eit konkurransedyktig norsk næringsliv er konkurransepolitikken eitt av fleire tiltak i ein målretta næringspolitikk, der langsiktig perspektiv, eit aktivt, offentleg eigarskap, forsking og utvikling, innovasjon, stordriftsfordelar og kompetanseutvikling er element for å utvikle konkurransekraft. På marknader der aktørane følgjer opp forretningsinteressene sine innanfor alminnelege rammevilkår, er det naudsynt å ha eit effektivt konkurransetilsyn som skal handheve forboda i konkurranselova mot skadeleg samarbeid og misbruk av marknadsmakt. Difor er det viktig med eit sterkt konkurransetilsyn. Dei avgjerdene som dei ulike reglane i konkurranselova gir til Konkurransetilsynet, må nyttast for å motverke konkurranseskadeleg verksemd. Elles får vi for lite ut av ressursane i samfunnet, og forbrukarane vert skadelidande gjennom dårleg utval og høge prisar.

Konkurranselova gjer det samstundes mogleg for Kongen i statsråd å overprøve tilsynet i saker som er prinsipielle, eller har mykje å seie for viktige omsyn i samfunnet. Denne regelen er viktig for å sikre at konkurransen ikkje hindrar politiske målsetjingar på andre viktige område. Det er ikkje noko mål i seg sjølv å omgjere tilsynet sine vedtak, men regelen er ein tryggleiksventil som kan nyttast når det er naudsynt.

Eit anna verkemiddel er regelverket for innkjøp til det offentlege. Det offentlege bruker ca. 240 milliardar i året på ulike innkjøp, noko som tilsvarer over 15 prosent av BNP. Regelverket er naudsynt for å sikre at det offentlege opptrer med høg integritet og at offentlege innkjøp skjer på ein samfunnstenleg måte.

I Soria Moria-erklæringa er det sagt at ein ynskjer å auke terskelverdien for offentlege innkjøp opp mot EU-nivå. Regjeringa vedtok likevel i desember å vidareføre den nasjonale terskelverdien på 500.000 kroner for å gjennomføre konkurransar for offentlege innkjøp. Årsaka er et Bondevik-regjeringa rett før dei gjekk av endra terskelverdien frå 200.000 til 500.000, og vi meinar at den nye grensa må få verke ei stund før vi gjør nye endringar. Om to år skal det gjennomførast ein analyse av korleis dette har verka, og på kva måte ein kan heve terskelen vidare i tråd med Soria-Moria-erklæringa.

Nivået på terskelverdien kan ikkje sjåast uavhengig av andre delar av regelverket for offentlege innkjøp. Reglar både over og under denne terskelen er viktige. I arbeidet med utviklinga av dette regelverket har det difor vore eit mål å forenkle og forbetre dei reglane vi har i dag. Det har eg tenkt å vidareføre. Blant anna har vi bestemt at det ikkje skal innførast plikt til forenkla kunngjering ved kjøp over 100.000 kroner. Men for å sikre ein ryddig prosess og rundt dei mindre innkjøpa, har Regjeringa bestemt seg for å innføre protokollplikt for kjøp over 100.000 kroner. Alle leverandørar må òg leggje fram skatteattest og ei eigenerklæring om helse, miljø og tryggleik når det er konkurranse ved kjøp over 100.000 kroner.

Det har vore avdekt mange brot på regelverket for offentlege innkjøp. Nokre brot skuldast manglande kunnskap om innkjøp og regelverk. Departementet vil difor greie ut behovet for å styrkje tilbodet om rådgjeving. Men medvitne og overlagde brot vil få konsekvensar. Eg vurderer no å innføre sanksjonar mot ulovlege direkteinnkjøp i tråd med forslaga frå ei arbeidsgruppe som har sett på slike regelbrot.

Effektivisering av innkjøp ved bruk av elektroniske forretningsprosessar og ehandel er òg ein viktig del av fornyinga av offentleg sektor, og det er ingen grunn til å vente med å sette i gang det arbeide som er naudsynt for å få dette til. For dei som ikkje er heilt trygge på kva dei skal gjera kan eg vise til det vedlegget som fylgde Dagens Næringsliv i går. Les og lær ! Eg vil og nytta dette høve til å streke under at innkjøp og medviten ressursbruk i kommunar og statsforvaltning fyrst og fremst er eit leiaransvar. Difor er det viktig at leiarar no går aktivt inn for å ta ehandel i bruk i eiga verksemd, og prioriterer kompetansetiltak for dei som får ansvaret for innkjøpsverksemda. På denne måten kan ein og bruke overgang til ehandel som eit reiskap for fornying av offentleg sektor.

Opningstider
Opningstidene i det offentlege må tilpassast behovet til innbyggjarane på ein betre måte. Fysiske opningstider er framleis viktig fleire stader, sjølv om offentlege tenester òg blir tilgjengelege på nettet. Mange statlege verksemder er opne for innbyggjarane innanfor den generelle arbeidstida sommar og vinter. Avtalane i staten er ikkje til hinder for å nytte andre arbeidstidsordningar enn den ordinære.

Vi må vise vilje til å prøve ut nye og fleksible arbeidstidsordningar for å oppnå meir brukarvenlege opningstider – i staten òg.

Personalpolitikken
Eg har ansvar både for statsforvaltninga og statleg arbeidsgivarpolitikk. For å nå dei ambisjonane som eg har nemnt tidlegare i innlegget, er det viktig at vi har ein inkluderande og stimulerande personalpolitikk med vekt på trygge arbeidsvilkår i statleg sektor. Vi treng motiverte medarbeidarar for å lukkast i fornyingsarbeidet. Personalpolitikken skal medverke til at staten yter gode tenester av høg kvalitet. Kvaliteten på tenestene er avhengig av at vi har rett kompetanse, og at vi klarer å bruke kompetansen til beste både for innbyggjarane og for næringslivet.

Leiarane i staten spelar ei viktig pådrivarrolle i arbeidet med fornying. Leiaransvaret inneber mellom anna å vise vegen – og leggje til rette for omstilling og utvikling. Å vere leiar inneber òg å sørgje for ei god dagleg drift – og ikkje minst å vareta arbeidsgivaransvaret og ein god dialog med dei tilsette og deira organisasjonar. Eg har sjølv erfaring som leiar – og har opplevd det som ei svært spanande, men òg ei krevjande oppgåve.

Denne regjeringa er oppteken av at leiarane i staten legg til grunn eit breitt perspektiv på leiing.

Det er eit mål for regjeringa å ha minst 40 prosent av begge kjønn i statlege leiarstillingar. Eg vil at staten skal vere ein spanande og attraktiv arbeidsplass - for både kvinner og menn.

Regjeringa sitt mål er dessutan å fornye offentleg sektor utan at det fører til auka sjukefråvær og utstøyting frå arbeidslivet – med 740.000 menneske på ulike trygde- og sosialordningar er det ein formidabel jobb å få fleire inn i arbeidslivet.

Eit inkluderande arbeidsliv
I desember forhandla partane og styresmaktene om innretning og verkemiddel, i samband med ei forlenging av avtalen. Det var då semje om at IA-arbeidet skal førast vidare. Eg ynskjer at staten skal gå føre som eit godt eksempel på dette området.

At tilsette har ulik bakgrunn er noko som gjev ulik røynsle og kunnskap. Det stimulerer igjen til nytenking - og eit rikare sosialt miljø på arbeidsplassen.

Våren 2004 vedtok regjeringa ein plan for å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne i det statlege tariffområdet –vi må gå føre som gode døme. Målet er at i ein periode på 2 år, skal minst 5 prosent av dei nytilsette vere personar med nedsett funksjonsevne. Halvvegs i perioden er vi i god gjenge.

Offentleg sektor må bli flinkare til å sjå verdien av mangfald. Noreg treng å ta i bruk den arbeidskrafta personar med innvandrarbakgrunn representerer, og dei treng arbeid – fordi det er den viktigaste vegen til reell integrering. Her har vi ikkje vore flinke nok i staten og vi har noko å lære av dei private verksemdene, som har vore flinke til å integrere arbeidstakarar med innvandrarbakgrunn, men òg i privat sektor kan ein bli betre. 10 prosent arbeidsløyse blant innvandrarane våre er ei utfordring som både statleg, kommunal og privat sektor må ta på alvor.

Forsøk med arbeidstidsreform
Å gjere noko med arbeidstida er eitt av verkemidla for å få til eit inkluderande arbeidsliv. Regjeringa vil bruke 10 millionar kroner til å førebu forsøk med ulike organiseringar av arbeidstida – også kalla 6-timars arbeidsdag - i statlege verksemder i år. Dette er ei oppfølging av regjeringa si politiske plattform frå Soria Moria.

Regjeringa ynskjer å vurdere verknadene av redusert arbeidstid opp mot ei rekkje andre faktorar, mellom anna opp mot målet om eit inkluderande arbeidsliv. Vil redusert arbeidstid gi plass for fleire i arbeidslivet? Kan det føre til at fleire står i jobb fram til pensjonsalderen? Kan vi få folk i deltid til å auke sitt arbeidstilbod? Andre faktorar vil vere: Produktivitet, sjukefråvær og den enkelte sin trivsel og oppleving av tidspress på jobben. Kva arbeidsgjevar vinn og taper økonomisk, vil òg bli kartlagt. I tillegg vil utgreiingane byggje på tidlegare erfaringar med kortare arbeidstid i Noreg - og andre land.

I kampen for å få med dei som står utanfor arbeidslivet, må vi freiste alle virkemiddel. Det er òg viktig at dei som i dag har arbeid orkar å stå lenger. 6-timarsdagen kan difor eitt viktig verkemiddel for å få fleire i inntektsgivande arbeid, og at dei held ut der til deier 67 år -minst.

Regjeringa ynskjer å gjennomføre forsøk med arbeidstidsordningar. Ei eventuell varig arbeidstidsreform er likevel partane i arbeidslivet sitt ansvar - ikkje regjeringa si!

Forvaltningsreforma
Til slutt vil eg seie noko om ei av dei store reformene regjeringa arbeider med for dei neste åra: Forvaltningsreforma. Formålet vil vere å etablere eit fornya og meir robust regionalt forvaltningsnivå. Regionnivået skal vere den sentrale aktøren for regional utvikling. Regjeringa vil sjå på korleis det regionale folkevalde nivået skal organiserast, kva for oppgåver som skal desentraliserast til de nye regionane og til kommunane, samt korleis vi samstundes kan omorganisere fylkesmannsembeta.

Dette vil få verknad for mange statlege tilsette, fordi vi skal sjå på om oppgåver skal desentraliserast, og ein skal stå til teneste for nye, kanskje større regionar, men same kommunekart. Vi må òg vurdere om noko skal gjerast med regionorganiseringa i nokre av dei statlege etatane.

Timeplanen er realistisk, men ambisiøs: Vi har sagt at reforma skal kunne setjast i verk frå 1. januar 2010. Då har vi ikkje meir enn tida og vegen. Dette har vore utgreidd så lenge, og utsett fordi det er ei vanskeleg sak. No er tida inne for å ta ei avgjerd. Regjeringa tek sikte på å leggje fram ei stortingsmelding om desse spørsmåla til hausten. Kommunal- og regionaldepartementet vil ha hovudansvaret for meldinga, men mitt departement vil ha ansvaret for ein gjennomgang av regional stat, medrekna den framtidige innretninga av fylkesmannsembeta.

Dei seinare åra har den statlege regionalforvaltninga som kjent vore gjenstand for omfattande endringar. Frå 1997 har heile 29 etatar endra organiseringa si på regionalt nivå. Det er ein klår tendens til at fylket vert mindre viktig som eining for inndeling og at det skjer ei samanslåing til færre og større einingar. Dette inneber mellom anna utfordringar i høve til utsiktene til å kunne samordne ulike sektorområde. I ei kartlegging som Statskonsult gjennomførte i 2002 peiker både kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn på at den ulike regioninndelinga av statleg verksemd skaper dels utfordringar og dels direkte problem. Men undersøkinga viste òg at næringslivet ser på den differensierte inndelinga som ei ulempe.

Ein veikskap ved denne undersøkinga er at det er få einingar som er spurde. Eg vil derfor ta initiativ til ei meir omfattande undersøking der vi vil sjå på kva konsekvensar den fragmenterte organiseringa har for samordninga mellom ulike statlege organ på regionalt nivå, for kontakten mellom regional stat og kommunar/ fylkeskommunar og mellom regional stat og næringslivet. Eg vil då få eit betre grunnlag for å gjere framlegg om eventuelle tiltak for å få til ei meir samordna organisering.

Avslutning
Ved å fornye offentleg sektor tryggar vi velferdsstaten for dei generasjonar som kjem etter oss. Skal vi klare det, treng vi ein felles dugnad. Her er alle innspel viktige.

Elles ser eg det som positivt at ein arrangerer slike møteplassar som her i dag mellom leiarar i private bedrifter og statleg verksemd, og at ein på denne måten kan finne fram til konkrete forslag til fornying og effektivisering av samarbeidet. Ikkje minst er det viktig å stimulere til eit godt samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane (høgskulane) og næringslivet i fylket.

Eg nyttar derfor høvet til å ynskje dykk lukke til vidare i konferansen og ser fram til ordskiftet.