Historisk arkiv

Inkluderande arbeidstid?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV), VG 4. februar 2006

Mytar og forelda innsikt må ikkje stå i vegen for arbeidstidsordningane i framtida. Vi treng solid innsikt i samanhengane mellom arbeidstid og sjukefråvær, pensjoneringsåtferd, produktivitet mv.

Inkluderande arbeidstid?

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV), VG 4. februar 2006.

Mytar og forelda innsikt må ikkje stå i vegen for arbeidstidsordningane i framtida. Vi treng solid innsikt i samanhengane mellom arbeidstid og sjukefråvær, pensjoneringsåtferd, produktivitet mv.

Kor lang arbeidstida skal vere, korleis den skal organiserast og fordelast over livsløpet er ein nøkkelfaktor i korleis samfunnet fungerer. Tidsorganiseringa er styrande for korleis vi løyser produksjonsoppgåvene i arbeidslivet og handterer oppgåver i andre samanhengar, slik som i familien, i nabolaget, i organisasjonslivet og i fritida.

Arbeid til alle er eit sentralt politisk mål. Altfor mange står utanfor arbeidslivet. I 2005 var det nær 740 000 personar som fekk ei eller anna form for kort- eller langtidsyting frå offentleg sektor (sjukepengar, dagpengar, sosialhjelp samt uføre, rehabiliterings- og attføringsordningar mv). Dette er ein auke på drygt 130 000 personar sidan 2000.

Mindre sjukefråvær?
Eit viktig spørsmål er om det er mogleg å finne fram til arbeidstidsreformer som kan verke inkluderande i arbeidslivet. Vil redusert arbeidstid føre med seg mindre sjukefråvær? Kva må til av arbeidstidsendringar for at folk skal stå lengre i arbeid før dei går av med pensjon? Kva innverknad har arbeidstidsordningane på om enkeltpersonar vel deltids- eller fulltidsarbeid? Er dagens tidsorganisering i arbeidslivet i takt med behova hos store befolkningsgrupper?

Diverre har vi ikkje så stort kunnskapsgrunnlag for debatt og avgjerder om arbeidstidsreformer. Det finst nokre studiar av forsøk med arbeidstidsreduksjonar. Men det finst få analysar som gir sikker kunnskap om korleis ulike arbeidstidsordningar verkar.

Det er viktig å skaffe fram vesentleg betre kunnskap. Kunnskapen skal gi grunnlag for å kunne ta avgjerder om bruk av arbeidstid som verkemiddel for å få fleire i arbeid, og for å eventuelt å kunne leggje strategiar for langsiktige arbeidstidsreformer. Derfor har regjeringa teke initiativ til å førebu forsøks- og forskingsverksemd om arbeidstidsreformer i samarbeid med partane i arbeidslivet. Forsøka vil omfatte utvalde statlege verksemder (basert på ein vid definisjon av staten), men kven dette vil bli er førebels ikkje avgjort.

Ideelt sett kunne vi ønskje oss kunnskap om ei rekkje forhold, blant anna:

Korleis verkar ein reduksjon av den daglege eller vekentlege arbeidstida, eller andre arbeidstidsreformer? Korleis verkar arbeidstidsendringar for bestemte grupper (barnefamiliar, eldre, personar med høgt sjukefråvær osv)? Kva har arbeidstida å seie for sjukefråvær, produktivitet, kor nøgde kundane er, pensjoneringsalder, deltidstilsetjing, likestilling, trivsel for arbeidstakarane, fordelar og ulemper for arbeidsgivar osv?

Det er neppe mogleg å få svar på alle desse spørsmål i avgrensa forsøk. For å få fram sikker kunnskap må vi derfor kombinere konkrete forsøk med analysar og forsking og leggje til erfaringar frå andre land.

Avgjerd i 2007
Sett under eitt må forsøks- og forskingsaktivitetane planleggjast nøye slik at vi får ei grundig klårgjering av konsekvensane av 6-timers arbeidsdag og liknande arbeidstidsreformer. Førebuingane vil bli gjorde i år. I statsbudsjettet for 2007 vil regjeringa fatte avgjerd om tiltak for å få vesentleg betre kunnskap om arbeidstidsordningar.

Vi har i desse dagar sett spennande døme på at verksemder prøver ut nye former for organisering av arbeidstida. Toyota i Gøteborg og Nardo Bil AS i Trondheim har 30 timars veke for bilmekanikarane med full lønn basert på to-skiftsordningar (6-12/12-18). Føremålet frå bedriftene si side er å få god utnytting av kostbare produksjonsanlegg og betre service til kundane. Moelven ByggModul innfører 3 vekers ekstra ferie til eldre arbeidstakarar for å få dyktige fagfolk til å stå i jobb lenger før pensjonering.

LO har teke initiativ til å starte forsøk med arbeidstidsreduksjonar i løpet av året. Våre forsøk i staten, kombinert med forsøka i andre sektorar, kan gi svært nyttige bidrag til innsikt i kva for effektar ulike arbeidstidsreformer kan ha.

Debatten om arbeidstidsreformer dei seinaste vekene viser at mange er interesserte i temaet. Somme reagerer kraftig på stikkord som ”6-timarsdagen”, og ser for seg ein katastrofe for norsk nærings- og arbeidsliv. Det vert nemnt store milliardbeløp, openbert rekna ut på ein serviett under ein betre middag. Så vidt eg veit har likevel ingen komme med framlegg om å setje i verk omfattande arbeidstidsreformer over natta i norsk arbeidsliv. Regjeringa ønskjer vesentleg betre kunnskap om arbeidstidsreformer, og har sett i verk eit arbeid for å framskaffe denne kunnskapen.

Somme har enkle og sterke oppfatningar om tidsorganisering. Kanskje det vidare arbeidet kan gi oss overraskande resultat som utfordrar etablerte sanningar og avdekkjer mytar? Eg vonar derfor at vi alle kan gå inn i debatten, analysane og forsøka med eit ope sinn. Så får framtida vise kva vi endar opp med.