Historisk arkiv

Tale av nordisk samarbeidsminister Heidi Grande Røys på møte i Nordisk handikappolitisk råd i Stortinget, 16. mars 2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Tale av nordisk samarbeidsminister Heidi Grande Røys på møte i Nordisk handikappolitisk råd i Stortinget, 16. mars 2006

Gode vener,

Det er ei stor glede for meg, som nordisk samarbeidsminister i den norske regjeringa, å få delta ved opninga av møtet i Nordisk handikappolitisk råd her i Oslo.

Dei nordiske samarbeidsministrane vedtok seint på fjoråret eit nytt mandat for Nordisk handikappolitisk råd. Mandatet gjeld frå 2006, og inneber at

  • de skal medverke til at dei handikappolitiske aspekta blir synleggjorde og varetekne i ministerrådsarbeidet på alle relevante samfunnssektorar
  • de skal vere merksame på dei prioriteringane som blir presenterte i dei årlege formannskapsprogramma, og i samarbeid med formannskapslandet fokusere på område og tiltak som er av betydning for funksjonshemma
  • de har rett til å ta initiativ og kan vere med på å auke gjennomslagskrafta for det handikappolitiske samarbeidet i dei nordiske landa
  • de kan uttale dykk til Nordisk ministerråd i spørsmål som vedgår funksjonshemma.

Og det trengs: Måndag 6. mars i år hadde Aftenposten ein tankevekkjande leiarartikkel med overskrifta ”Den stumme avvisningen”. Leiarskribenten hevdar at Oslo, og for den saks skuld Noreg, ikkje er for alle. Dei som sit i rullestol, veit at denne byen, ja mesteparten av dette landet, ikkje er for dei, blir det sagt. Sitat: ”Til tross for at bystyret og byrådet har som mål å gjøre byen tilgjengelig for funksjonshemmede, er 75 prosent av byens forretninger forsynt med trappetrinn eller andre hindringer ved inngangen. Og kort før jul doblet bystyret prisen på TT-tjenester, noe som gjør den lille tilgjengeligheten som er, til et økonomisk problem for mange.” Sitat slutt.

Og eg kan vel ikkje unngå å nemne at det tidlegare i år vart annonsert at Oslo skulle gjere paradegata i hovudstaden, Karl Johans gate, meir tilgjengeleg for alle rullestolbrukarar, knapt eit år etter at gata var fullstendig fornya. På grunn av manglande planlegging er situasjonen no at rullestolbrukarar som skal krysse gata ved fotgjengarfelta, som alle er forsynte med skråande fortau, trillar ned i rennesteinen og blir sitjande fast!

Dette minner meg på at Nordisk handikappolitisk råd allereie i 1999 uttalte i ein rekommandasjon til Nordisk ministerråd:

Investeringene i byenes bebygde miljø er både kostnadskrevende og langsiktige. Det er derfor god politikk – både økonomisk, sosialt og miljømessig – å innføre et tydelig ”Design for Alle-perspektiv i all planlegging og utforming av byenes rom, bygninger og infrastruktur. Å tvinges endre etterpå (handikaptilpassning) er dyrere og fører til dårligere løsninger.

Arkitektar og byplanleggjarar med ansvar for fornying og rehabilitering av Oslo sentrum skulle vore meir lydhøyre for dei synspunkta Nordisk handikappolitisk råd har bore fram!

Gode venner,
Tida er for kort til at eg går igjennom det norske formannskapsprogrammet veldig nøye, eg vil tru de kjenner det godt. Så eg vil sei noko om korleis den norske formannskapen vil leggje vekt på oppfølginga av dei spørsmåla som særleg vedkjem dykkar interessefelt.

Den nordiske handlingsplanen for «design for alle/universell utforming». Handlingsplanen skal fremje tilgjenge på viktige samfunnsområde, og formannskapen vil arbeide for at planen får ein plass i alle sektorar i det nordiske samarbeidet som ein naturleg del av produktdesign, arkitektur, samfunnsplanlegging og service. Vi vil arbeide for løysingar som er tilgjengelege for flest mogeleg. Brei medverknad i planlegging og gjennomføring av tiltak innanfor blant anna transport, byggjeverksemd, tilrettelegging av uteområde og IKT er nødvendig for å oppnå dette. Universell utforming har med demokratiutvikling å gjere, sidan tanken er å sikre lik tilgang til informasjon og likt høve for alle til å vere aktive i samfunnet. Dette er viktige verdiar som vi må vidareutvikle.

På mange område går utviklinga rette vegen. Samtidig er avstanden mellom mål og realitetar framleis stor for mange menneske med nedsett funksjonsevne.

Funksjonshemning oppstår i gapet mellom føresetnadene til den enkelte og dei krava samfunnet stiller. Ein politikk for å byggje ned funksjonshemmande barrierar må styrkje føresetnadene til enkeltmennesket samtidig som samfunnet blir gjort meir tilgjengeleg.

”Den nordiske handlingsplanen 2005-2007 - Design for alle” inneheld ei rekkje forslag.

Eg vil minne om nokre av de viktigaste:

  • Personar med nedsett funksjonsevne skal vere eit gjennomgåande tema i Nordisk ministerråd frå og med 2006. Dette blir ikkje ein tidsavgrensa kampanje, men inneber at ein i det daglege arbeidet og budsjettarbeidet i organisasjonen skal ta større omsyn til personar med nedsett funksjonsevne.
  • Sektoransvaret skal leggjast til grunn i alle spørsmål som er aktuelle for personar med nedsett funksjonsevne. Det inneber som kjent at det er dei vanlege instansane i samfunnet som skal yte og finansiere tilbod til personar med nedsett funksjonsevne på lik linje med innbyggjarane elles.
  • Alle fagministerråd bør sikre eit design-for-alle-perspektiv når handlingsplanar og arbeidsprogram skal oppdaterast. Det må spesielt takast omsyn til satsinga på design for alle ved utvikling av nye handlingsplanar og program. De i NHR bør trekkjast inn som samarbeidspartnar og høyringsinstans i desse prosessane.
  • Frå 2006 skal det gjennomførast ein årleg gjennomgang om design for alle med leiarar for relevante embetsmannskomitear, relevante institusjonsleiarar og påtroppande ordførarland.
  • Det skal gjennomførast ei kartlegging av tilgjenge til bygningar og tilkomst ved ministerrådssekretariatet og i dei bygningane institusjonane disponerer, og av tilgangen til informasjon frå ministerrådssekretariatet og frå institusjonane.
  • Det skal setjast i verk målretta tiltak for å utnytte den kompetansen NHR sit inne med som rådgjevande organ i spørsmål som vedgår personar med nedsett funksjonsevne. Og Nordisk handikappolitisk råd bør spele ei meir aktiv rolle for å få fram prosjekt i dei ulike fagministerråda som relaterer seg til situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne.

Her har de viktige arbeidsoppgåver å ta fatt på.

I Nordisk ministerråd har vi fått på plass eit eige Russlandsprogram, som gjeld frå årsskiftet. Den konkrete utforminga av tiltak under programmet må førebuast på dei ulike fagområda i ministerrådet gjennom ein open dialog med russiske samarbeidspartnarar. Gjennom Den nordlege dimensjonen er sosial- og helseministrane frå før engasjerte i ein partnarskap for helse og livskvalitet, og på bakgrunn av dette vil det bli det bli gjort forsøk på å utvikle eit samarbeid på fagleg nivå, mellom anna ved å aktivisere nordiske institusjonar i større grad. Den norske formannskapen vil mellom anna ha eit spesielt fokus på levekår og helse for utsette born og unge.

Særleg vil born med nedsett funksjonsevne og familiane deira vere eit viktig tema. Det er oppretta ein partnarskap med Europarådet, dei baltiske statane og Nordvest-Russland på dette feltet. NSH - Det nordiske samarbeidsorganet for handikapspørsmål under Nordisk ministerråd - utarbeider no eit treårig samarbeidsprogram retta mot Nordvest-Russland og Baltikum med fokus på born med nedsett funksjonsevne og familiane deira.

Forutan å fremje sentrale menneskerettar skal treårsprogrammet ha hovudfokus på

  • å utvikle lokalbaserte tiltak og tenester som gjer det mogeleg for born med nedsett funksjonsevne å bu heime hos foreldre/pårørande
  • å betre situasjonen for born med nedsett funksjonsevne som bur på institusjon
  • å stimulere til nedbygging av institusjonar når tilboda kan varetakast av lokalbaserte tenester.

Nordisk samarbeidsorgan for handikapspørsmål har kartlagt relevante aktivitetar både i Austersjørådet og Europarådet. Dei har – og det er ikkje minst viktig – registrert ein vilje til samarbeid om å realisere eit samarbeidsprogram retta mot born med nedsett funksjonsevne og familiane deira, høvesvis i dei tre baltiske statane og Nordvest-Russland. Det blir no arbeidd med å utvikle meir formaliserte samarbeidsavtalar med desse aktørane for det vidare arbeidet. Til hausten vil den norske formannskapen i Nordisk ministerråd, i samarbeid med Europarådet under den russiske formannskapen, arrangere ein konferanse i St. Petersburg om temaet «Community Living for Disabled Children».

I tillegg til ”Design for alle” og aktivitetane som er retta mot nærområda, har eg lyst til å nemne eit tredje tema frå det norske formannskapsprogrammet. Sosial- og helseministrane har i fleire år samarbeidd om små og sjeldne diagnosegrupper. Ein særleg prioritet er å kople saman forsking og praksis på dette feltet, med sikte på å utvikle god praksis og nyttig samarbeid på nordisk plan. Formannskapen vil ta initiativ til å gjenskape eit forum med ei brei plattform for nordisk samarbeid knytt til små og sjeldne diagnosegrupper. Forumet skal vere breitt samansett med representantar for styresmakter, fagmiljø, brukarorganisasjonar og forskarar, og skal bidra til eit meir formalisert og langsiktig samarbeid på feltet.

I tillegg vil vi på sosial- og helseområdet også å ta ei rekkje initiativ, mellom anna når det gjeld legemiddel, telemedisin, miljømedisin og helseberedskap – for å nemne nokre eksempel.

Gode venner,
samarbeidet i Nordisk handikappolitisk råd har sidan oppstarten i 1997 vore bore fram av visjonen om at alle menneske skal kunne delta på like fot i samfunnslivet, og av ønsket om å utvikle dei nordiske samfunna slik at dei blir tilgjengelege og fungerer for alle.

For å nå resultat krevst eit målbevisst og systematisk arbeid over tid, der auka bevisstgjering og brei mobilisering på alle samfunnsområde og forvaltningsnivå står sentralt.

I eit demokrati er det sentralt at det skal vere like lett for alle innbyggjarar å engasjere seg og delta på ulike arenaer i samfunnet. I fellesskap må vi redusere avstanden mellom mål og realitetar og slik gjere visjonen meir oppnåeleg.

På vegner av den norske formannskapen inviterer eg rådet til eit konstruktivt og fruktbart samarbeid om ei vidare konkretisering og oppfølging av dei tema som vi har løfta fram i det norske formannskapsprogrammet.

Takk for merksemda.