Historisk arkiv

Vi veit ikkje nok

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV), Dagsavisen 4. februar 2006

Det er ingen som har foreslått ei brå og omfattande endring i arbeidstida, for eksempel til ein 6-timars arbeidsdag. Min innfallsvinkel har vore om ei betre organisering av arbeidstida kan ha noko å seie for å få fleire hender i arbeid.

Vi veit ikkje nok

Av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys (SV), Dagsavisen 4. februar 2006.

Organisering av arbeidstida er ei særs viktig problemstilling, og debatten kan lett bli unyansert. I eit debattinnlegg i Dagsavisen 30 januar tek direktør Sigrun Vågeng i NHO sterk avstand frå 6-timarsdagen. Det er ingen som har foreslått ei brå og omfattande endring i arbeidstida, for eksempel til ein 6-timars arbeidsdag. Min innfallsvinkel har vore om ei betre organisering av arbeidstida kan ha noko å seie for å få fleire hender i arbeid.

Diverre manglar vi kunnskap, og mange spørsmål har vi ikkje svar på. Vi må auke kunnskapen. Dette må gjerast ved å hente erfaringar frå Noreg og andre land, ved å setje i gang ny forsking/analysar og ved å utføre konkrete forsøk.

Vågengs innlegg kan gi inntrykk av at NHO eigentleg ikkje ønskjer meir kunnskap om arbeidstid og korleis arbeidstida verkar inn på sjukefråvær, pensjoneringsåtferd, deltidsarbeid osv. Dette ville i så fall vere litt oppsiktsvekkjande, ettersom NHO i andre samanhengar er svært oppteken av forsking og kunnskap. Eg meiner vi alle vil ha nytte av meir kunnskap slik at vi kan få ein meir nyansert debatt utan å gå i skyttargravene når nokon nemner ”6-timarsdagen”.

Nokre bedrifter i næringslivet eksperimenterer no med organisering av arbeidstida. Moelven ByggModul har for eksempel valt å gje sine eldre arbeidstakarar 3 vekers ekstra ferie for å få dei til å stå lenger i arbeid før pensjonering. Dette er ein god illustrasjon på at det vil vere interessant å skaffe oss meir systematisk kunnskap om arbeidstid. Kanskje er ikkje samanhengane så enkle som vi trudde?

Eg har teke opp problemstillingane med arbeidstakarorganisasjonane og tek no initiativ til samtalar med NHO og dei andre sentrale arbeidsgivarorganisasjonane. Mitt ynske er at regjeringa og partane i arbeidslivet samarbeider om å skaffe fram betre kunnskap om organisering av arbeidstida.