Historisk arkiv

Tale til Norsk målungdoms landsmøte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Tale av fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys til Norsk målungdoms landsmøte på Voss fredag 28. mars 2008.

Gode målvenner,

Alle har eit forhold til språk. Dei fleste i dette landet har meiningar knytte til bruken av nynorsk, på den eine eller andre måten. De ungdommar er nøkkelen til nynorskens framtid og det er derfor ei stor glede for meg, som fornyingsminister, å tale til norsk målungdom. Målsaka ligg sjølvsagt mitt hjarte nær sidan eg er nynorskbrukar sjølv. Men ikkje berre derfor. Det er mange grunnar til at eg er ein ihuga forkjempar for nynorsk. Dette ser eg fram til å utdjupe nærmare.

Heldigvis er det ikkje lenger nokon risikosport for ein statsråd å uttrykkje støtte til nynorsk. Men folk har blitt lokka utpå av målungdommar før. Eg siktar til statsminister Konow frå Fana som måtte gå av etter å ha vore på fest i Bondeungdomslaget. Då det kom Høgrestatsrådane for øyre at regjeringssjefen hadde talt varmt om landsmålet, gjorde dei felles front og trekte seg kollektivt frå postane sine i protest. Dei meinte han burde halde seg nøytral i målsaka. Men Konow sto fast i si sak. Dette skjedde i 1912. I dag, snart hundre år etter, gjer eg hans ord til mine:
”Fra min første ungdom har jeg følt mig varmt og sterkt og inderlig knyttet til landsmaalsbevægelsen. Jeg har været og er og vil alltid vedbli at være taksam i min inderste sjæl, fordi jeg engang blev knyttet til denne sak; ingen opportunistiske politiske hensyn skal formaa mig til at fornegte den opfatning, at maalsaken har været den sak, som sterkest har baaret det norske folk frem i det sidste halve hundredaar. Det fanatiske had mot denne bevægelse vil nok bli lagt ned om ikke saa mange aar som magtesløst og ørkesløst”.

Han var nok ein optimist, den godaste Konow, men det kan heldigvis sjå ut til at Konows framtidsvisjon omsider er i ferd med å oppfyllast. Dei siste tiåra har språkstriden løya atskilleg, men det er framleis glør i bålet som blussar opp frå tid til annan.

Ettersom vi er på Voss er det freistande å minne om at det i desse dagar er 45 år sidan tidenes Donald-historie i Noreg, ”Eggmysteriet” først sto på trykk (april 1963). Historia om det isolerte og tilbakeståande Firkantfolket i Gufsedalen, som i norsk utgåve snakka kav vossamål, utløyste stort rabalder blant målfolk og fyrte godt opp under språkstriden. Såpass, faktisk, at det blei lagt merke til i utlandet. Det er ikkje daglegkost at norsk målstrid får internasjonal omtale.

Nynorsk i samfunn og kulturliv
I dag er den allmenne toleransen overfor nynorsk langt større enn for berre få tiår sidan. Truleg har nynorsk aldri formelt stått så sterkt som i dag. Dette er litt av eit paradoks når ein veit at prosentdelen nynorskbrukarar er halvert sidan 1945. Men, sjølv om talet på brukarar har gått tilbake, har nynorsk fått eit mykje sterkare institusjonelt rotfeste i skuleverk, offentleg forvaltning, radio og fjernsyn, kunst og litteratur, akademisk liv osb

Å bruke nynorsk på innarbeidde område fører sjeldan med seg store konfliktar. Det er når nynorskbrukarane vil inn på område der dei blir oppfatta som framande, at reaksjonane kjem. Vi hugsar motstanden mot bruk av nynorsk i dei største avisene for eit par år sidan. Morosamt då, med 4 statsrådar med nynorsk som skriftspråk, har der vel aldri vore så mange innlegg og kronikkar på nynorsk i Dagens Næringsliv og Aftenposten som no!
Dei om lag 600 000 nynorskbrukarane bur over heile landet, flest på Vestlandet. (Over 70 % av Vestlandskommunane har nynorsk som administrasjonsspråk). Vi lever i ei tid der alle høyrer nynorsk kvar dag gjennom radio og TV, uansett kvar i landet ein bur. Det daglege møtet med nynorsk er ei påminning om at vi i Noreg har ein tradisjon for språkleg og kulturelt mangfald. Mykje takk vere mållova og NRK er det i dag generelt langt større aksept for nynorsk. Ein treng ikkje lenger leggje om dialekten når ein flyttar til byen. Både Sunnfjordringar og andre blir greitt forstått.

Nedgangen i talet på nynorskbrukarar er svært uheldig. Einar Førde formulerte seg på ein spøkefull måte då han sa at nynorsken sitt største problem er at den held på å verte eit elitespråk. Men under ligg det eit stort alvor. Den beste måten å motverke ein slik utvikling på er å få ungdommen med på laget. I enkelte settingar  kan det faktisk vere kult å snakke dialekt og skrive nynorsk.  Det bør bli enda kulare. Det er viktig med gode rollemodellar, òg når det gjeld språk. Dei seinare åra har populære dialektbrukarar som Tone Damlie Aaberge, Vassendgutane, Kari Traa, Liv-Grete Poirée, Are Kalvø og andre truleg gjort like mykje for nynorsken sin status som nokon skulemeister. Over 80 % av nynorskelevane i grunnskulen bur på Vestlandet. Det går nynorskelevar i 40 % av landets kommunar. Mange av desse har eit press på seg for å leggje bort skriftspråket når dei skal ta utdanning eller søkje arbeid andre stadar i landet. Skal nynorsk stå seg, er det om å gjere at barn og unge får med seg så mykje nynorskkulturell ballast som mogeleg, at dei møter kulturimpulsar på eige mål, gjerne gjennom Den kulturelle skulesekken, eller på andre måtar. Særleg trengs ein innsats når det gjeld barne- og ungdomsfilmar, spel og internettet.  Det er viktig å skape ei motvekt til den sterke bokmålspåverknaden som møter dei gjennom media og elles i samfunnet.

Nynorsk har ein rik og levande tradisjon som litteraturspråk og scenespråk, i humanistiske fag og i primærnæringane. I andre næringslivsbransjar er det, med nokre heiderlege unntak, lite i bruk. Dei store butikkjedene brukar som oftast bokmål over heile landet, men i enkelte nynorskkommunar har nynorsk fått eit sterkare fotfeste enn før ved at næringsliv og lokale bedrifter i større grad har teke i bruk nynorsk. Dei siste par åra har vi sett TV-reklame på klingande sognamaol for matvareprodukt som ost og saft. Kanskje har nynorsk ein meir ”økologisk” klang ved seg?  Uansett – det er forfriskande at òg reklamen gjer bruk av det språklege mangfaldet vi er så heldige å ha her til lands.

Lyrikk i form av dikt eller songar på nynorsk har eit nedslagsfelt som når langt utanfor nynorskland. Odd Nordstoga er eit aktuelt eksempel. Andre delar av kulturlivet slit med at nynorsken er så godt som totalt fråverande.
I dag må nynorsk og bokmål oppfattast som integrerte delar i ein nasjonal felleskultur, - uttrykk for eit kulturelt mangfald som det ville vere eit stort tap for Noreg som kulturnasjon å gi avkall på. Men, skal eit språk haldast i hevd, må det brukast. Både praktisk og økonomisk må det leggjast til rette for at nynorsk kan styrkjast som eit levande bruksspråk. Dette er det brei politisk semje om.

Nynorsk i statsforvaltninga
Til grunn for regjeringa sin språkpolitikk ligg Soria Moria-erklæringa som stadfestar det verdifulle mangfaldet i det å ha to norske skriftspråk.  Nynorsk og bokmål er formelt likestilt, men reelt har nynorsk likevel vanskeligare vilkår.  Regjeringa vil derfor sikre nynorsk gode utviklingsvilkår, m.a. ved å stimulere til auka bruk av nynorsk i media og meir nynorsk innhald på internettet. Det er viktig å følgje opp intensjonen om at offentlege nettstadar skal etterleve mållova.
Òg i Kulturløftet er behovet for nynorsktiltak framheva. Det er Kultur- og kyrkjedepartementet som har det overordna ansvaret for språkpolitikken. Løyvingane til nynorsk er styrkt gjennom øyremerkte midlar til Det Norske Samlaget og Noregs Mållag.  For tida arbeider ein med ei stortingsmelding som tek føre seg den totale språksituasjonen i landet.  Når det er sagt, vil eg understreke at alle departement har eit ansvar når det gjeld å forvalte og bruke nynorsk i offentleg samanheng innanfor sine saksområde, i dokument, i media, på inter- og intranettet, i informasjon og i kommunikasjon med publikum.

Mitt eige departement, Fornyings- og administrasjonsdepartementet, har eit særleg ansvar for å leggje til rette for at andre departement skal kunne oppfylle krava til språkbruk, til dømes gjennom ulike felles tiltak når det gjeld å forenkle og forbetre språket i staten.
Eit demokrati kan berre fungere optimalt om folk forstår kva det offentlege skriv, slik at dei lett kan orientere seg om rettar og plikter. For mange er det eit stort problem at offentleg informasjon, dokument, skjema og liknande ofte er lite tilgjengeleg. Dårleg språk gjer at folk misforstår og gjer utilsikta feil. Dette fører til irritasjon og unødig dobbeltarbeid. Slik kan vi ikkje ha det. Kvar enkelt sakshandsamar må spørje seg: Er dette lett å forstå for vanlege folk? I FAD har vi nyleg starta eit pilotprosjekt der vi saman med Språkrådet i første omgang går gjennom 23 skjema og standardbrev frå ulike offentlege etatar. Etter dette vil vi vurdere om det trengst ein større språkgjennomgang.  Det er mykje å ta tak i. Slik eg ser det kan nynorsk vere ein nøkkel til fornying når det gjeld forvaltningsspråk. Det er ikkje slik at eg meiner at alle i staten heretter skal skrive nynorsk, men det er mi faste overtyding at dersom fleire lærer seg å ta i bruk den verbale språkstruktur som ligg til grunn for nynorsken, vil dei òg kunne skrive eit betre bokmål. Betre i den forstand at det kan bli meir konkret og lettare å forstå.

Eg er ikkje den første som har komme på denne tanken. Einar Gerhardsen hadde ein høgt utvikla språksans og var kjent for sin evne til å framstille vanskelege ting på ein enkel og forståeleg måte. Det blir fortalt ei historie om då Gerhardsen og Bratteli ein gang i trettiåra skulle gjennomgå Arbeidarpartiets prinsipp-program. Dette var formulert i datidas maktspråk, med mange substantivkonstruksjonar, og dei hadde fått tilbakemelding om at arbeidarveljarane ikkje forsto kva som sto der. Dette skulle dei rette på. Gerhardsen fekk den lyse ideen å gå vegen om nynorsk, og skaffa hjelp med omsetjing. Deretter førte dei programmet tilbake til bokmål!  Teksten blei enklare og meir lettfatteleg, med ein stil som var meir verbal i forma, meir levande og i pakt med munnleg tradisjon. Om veljarane forsto programmet? Vel - Arbeidarpartiet vann i alle fall valet.


Nynorsk og nye landsmenn
Vårt nye mangfald skaper nye språklege utfordringar. Ei av desse knyter seg til spørsmålet om nynorskopplæring av framandspråklege innvandrarar, som Målungdommen har valt som tema i framlegget til nytt arbeidsprogram.

Mangfaldsåret 2008 markerer at det norske samfunn i dag har eit uendeleg mykje større språkleg og kulturelt mangfald enn for berre få tiår tilbake. Nynorskkulturen er ein viktig del av dette mangfaldet. Vi har i utgangspunktet eit indre kulturelt og språkleg mangfald som møter alle nye som buset seg her. Nynorsk og bokmål utgjer til saman det fellesspråket som alle norske innbyggjarar må kunne forstå for å vere fullt integrert i kultur- og samfunnsliv.  I tillegg har vi eit mangfald av ulike dialektar og lokalkultur.  
Vårt nye fleirkulturelle mangfald set krav til både nordmenn og innvandrarar når det gjeld å møte tradisjonar ein ikkje kjenner, med respekt og positiv interesse. Mange innvandrar kjem frå kulturar med sterke tradisjonar, og dei tilfører oss ny kunnskap og ny innsikt. Dei er ein ressurs for språkleg og kulturell fornying. I møte med andre kulturar oppstår nye kulturuttrykk. Språkleg nyskaping er ein del av dette biletet. Ord og uttrykk er på stadig vandring over dei språklege og etniske skiljelinjene, særleg i dei urbane ungdomsmiljøa. Språkforskarane har no begynt å snakke om multietnolektar.  Språkleg mangfald skjerper uttrykksmåten. Det gir større rom for val av språklege verkemiddel og til å velje identitet.  At ein i nynorsk kan velje mellom ulike skrivemåtar og former gjer at det for dei fleste nynorskbrukarar er relativt lett å skrive eit språk som ligg nær opp til talemålet

Språk i endring kan inspirere til kreativitet og kulturell fornying. I dag blir det snakka rundt 200 ulike språk i landet vårt. Vi har fått ei språkleg skattekiste som vi må forvalte med klokskap. Det kan gi nye perspektiv på samfunnet vi lever i. Det kan òg gi nye perspektiv for nynorsken si framtid.
I møtet med innvandrarane må vi bruke erfaringane frå vår tospråklege kultur. Eit levande mangfald treng møteplassar i samfunnet, både institusjonelle og meir uformelle. Truleg er skulen den viktigaste møteplassen og dermed den viktigaste arenaen for at det norske samfunnet skal lykkast i å utvikle eit positivt fleirkulturelt mangfald der alle er fullt integrert i samfunnet uansett etnisk eller kulturell bakgrunn.

Språk opnar nye dører.  Den som meistrar nynorsk, meistrar heilskapen i norsk kultur. Dette er ein påstand som finn støtte hos folk med innvandrarbakgrunn, mellom anna SV sin bystyrerepresentant  i Oslo, Reza Rezaee.  Det burde vere eit tankekors for alle som steller med integreringsspørsmål her til lands. La meg òg sitere den nynorske radioreporteren frå Telemark med fleirkulturell bakgrunn, Yasmin Syed, som seier at ”Er ein vaksen opp med hardingfele og heimebrent, og slekta er geitebønder på Haukeli, så føler ein seg veldig norsk”.
Det er mykje som tyder på at dei minoritetsspråklege elevane ofte har ei meir positiv haldning til nynorsk og til sidemålsopplæringa enn dei norske elevane, kanskje fordi dei ikkje har med seg dei same fordommane heimanfrå som det mange av dei andre elevane. Det er viktig at nordmenn med eit anna morsmål enn norsk blir fortrulege med den norske språkkulturen. Då må nynorsk må vere eit reelt alternativ. 

Nynorskopplæringa slit med stor mangel på læremiddel. Reza Rezaee, som i 2005 fekk heidersprisen Målblomen frå Noregs Mållag, arbeider for få gode læremiddel for vaksne innvandrarar slik at dei kan få høve til å lære nynorsk. Dette bør etter mitt syn få høg prioritet framover slik at innvandrarar kan sikrast reell og god opplæring lokalt. Så langt eg kjenner til er det foreløpig berre SV som har programfesta krav om læremiddel på nynorsk. 

Mange minoritetsspråklege elevar har opp gjennom åra valt bort norsk sidemål, kanskje utan at dei alltid har fått full informasjon om konsekvensane  m.a. når det gjeld tilsetjing i statlege stillingar med plikt til å nytte begge målformer.  Mange er rådde til dette ut frå den gode tanke at dette vil lette integrering. Det er slett ikkje sikkert at det er slik. Eg er redd at dette er å gjere innvandrarungdom ei bjørneteneste.

MIRA – Ressurssenter for innvandrar- og flyktningjenter viser til at ikkje finst forsking som tilseier at minoritetsspråklege barn skulle ha vanskelegare for å tileigne seg nynorsk (ref. brev til Likestillings- og diskrimineringsombodet av 5. oktober 2006). At minoritetsspråklege barn er rådde frå å velje nynorsk sidemål i skulen kan derfor, etter MIRA-senterets syn, ikkje grunngjevast i minoritetsspråklege årsaker. Å ta bort nynorsken gjer altså ikkje integrering lettare. Praksis tyder på at det kanskje i realiteten er motsatt, at det å fjerne nynorsken tvert imot gjer det vanskelegare.

Ved Holmlia skule i Oslo er det på ungdomsskulenivå gjennomført forsøk med nye undervisningsmetodar og vurderingsformer for å fornye sidemålsopplæringa. Om lag 30 prosent av dei elevane som deltok i prosjektet hadde minoritetsspråkleg bakgrunn. Ei av funna var at mange av desse meistrar begge målformer like godt som elevar med norsk som morsmål. 
Ein Oslo-lærar med innvandrarbakgrunn meiner at nynorsk kan vera lettare å lære for innvandrarbarn fordi dei i utgangspunktet ikkje har dei same negative haldningane som ein del norske medelevar har. Ved Tokerud ungdomsskule i Oslo var det jenter med pakistansk bakgrunn som klarte seg best i nynorsk, medan norske gutar var dei som sleit mest. (Ref. Nynorsk kultursentrum, årstale om tilstanden for nynorsk skriftkultur 2006).

Desse døma gir ikkje nødvendigvis eit uttømmande bilete av situasjonen, men dei kan tene som nyttig motvekt til dei som prøver å gi inntrykk av at nynorsk ikkje går i hop med integrering av fleirkulturelle minoritetsgrupper. Det er viktig å tilbakevise alle forsøk på å skape kunstig interessekonflikt mellom desse to gruppene.  Vi  har tvert imot alt å vinne på å knytte alliansar med kvarandre.

Eit anna spørsmål er om nynorskundervisninga, særleg  i Oslo-skulen, held mål. Det kan vere verd å merke seg meiningane til ein elev ved Fagerborg vidaregåande skule i Oslo. ”Opplæringa i nynorsk er altfor oppstykka og altfor dårleg” seier han og viste til at det ikkje er læraren si skuld, men læreplanen. Hans forslag er å gjere nynorsk obligatorisk for alle – utan unntak – og å konsentrere sidemålsundervisninga til å gjelde all norskundervisning i andre klasse, med avsluttande eksamen etter dette.  Det ville gi betre læringsvilkår, heve kunnskapsnivået og leggje eit grunnlag for alle til å lære nynorsk skikkeleg, og dermed også bli betre i bokmål. Undervisninga ville bli meir konsentrert, meir samanhengande og meir interessant… (Fagerborg vgs. har eit halvårsprosjekt i i 3. klasse med konsentrert nynorskundervisning).

Språkleg og kulturell toleranse heng saman
Nynorsk er ein del av norsk mangfald. Ein politikk for fleirkulturelt mangfald er samtidig ein politikk for nynorsk. Ein kan ikkje både vere for mangfald og mot nynorsk utan å vere inkonsekvent i sine haldningar.

Det er interessant å merke seg det samsvaret mellom språkleg og kulturell toleranse som vart avdekt i Norsk Monitor si store verdiundersøking i 1999 og 2001. Svara viste at dei som er positive til nynorsk, er meir positive til innvandrarar enn dei som er negative til nynorsk. Dess meir positive dei er til nynorsk, dess meir positive er dei òg til innvandrarar. No bur det relativt sett langt færre personar med innvandrarbakgrunn i det nynorske kjerneområdet på Vestlandet enn i resten av landet. Følgjeleg er det færre kontaktpunkt mellom innvandrarar og nynorskbrukarar. Enkelte vil kanskje kunne hevde at det er derfor lettare å vere positiv. Slik synes det ikkje å vere. Undersøkinga viser nemleg at  dei som var positive til nynorsk og som budde andre stader i landet var enno meir positive til innvandring enn vestlendingane.

Det er avgjerande for norsk språk og nynorsken si framtid at nynorsk blir brukt aktivt innanfor alle samfunnsområde. Innvandrarar bør sjølvsagt få høve til å lære nynorsk på linje med andre, uavhengig av kvar i landet dei bur. Det er eit stort problem at dei vaksne som buset seg i nynorskkommunar manglar læremidlar. Den siste tida har ein sett døme på at lokalt næringsliv som treng arbeidskraft, sjølv tek initiativ til å drive språkopplæring for innvandrarar på kveldstid (ref. Fjordenes Tidende mars 08).  Dette er positive haldningar og tiltak som vi må støtte opp om. Her er det snakk om ein vinn-vinn situasjon for både innvandrarar og lokalsamfunn. Vi må sørgje for at det fins egna læremiddel på nynorsk.

La meg heilt til slutt å komme tilbake til språkkrava i statsforvaltninga og rekruttering av innvandrarar:
Det er eit prioritert mål at den statlege arbeidsstyrken så langt råd er skal spegle folket elles i landet. Trongen for integrering tilseier at staten i større grad bør tilsetje personar med minoritetsbakgrunn utan norsk som morsmål. Dessutan representerer desse ein fleirspråkleg kompetanse som det er verdifullt å få inn i staten. Det vil i så fall vere trong for praktiske tiltak som legg til rette for dette. Vi kan ikkje krevje same språklege kompetanse av dei som er komne til Noreg i vaksen alder, som av dei som har vakse opp her. Det er viktig å hindre at lov om målbruk i offentleg teneste blir brukt til å stengje minoritetsspråklege søkjarar ute frå statlege stillingar, fordi dei manglar karakter i sidemål frå vidaregåande skule. Vi må finne måtar å løyse dette på.

Mållova slår fast at alle statsorgan skal ha ein stab som er i stand til å veksle mellom nynorsk og bokmål. I forskrift til lova heiter det at tilsette innan rimeleg tid skal få nødvendig opplæring i bokmål og nynorsk. Det er likevel ingen tvil om at svært mange tilsette i dag generelt har for dårleg språkkompetanse, først og fremst i nynorsk. Det trengs meir systematisk oppfølging og kartlegging av språkleg opplæringsbehov. Alle med minoritetsspråkleg bakgrunn bør ha høve til å kvalifisere seg i begge målformer både før og etter eventuell tilsetjing. Nynorsk og bokmål ligg kvarandre så nær at dei som har lært seg funksjonelt bokmål òg etter kvart vil kunne forstå ein moderne nynorsk tekst.  Det gjeld i enno større grad motsatt veg.

Det første spennande vegkrysset vi kjem til i språkpolitikken er den nye språkmeldinga  som er under utarbeiding i KKD, som det knyter seg stor interesse til. Eg har sjølvsagt ikkje detaljkunnskap om dette arbeidet, men ser fram til å få utkast til høyring når den tid kjem. Språk er truleg det mest sektorovergripande som fins. Meldinga skal etter planen skissere grunnlaget for ein sektorovergripande språkpolitikk. Tanken er at all relevant politikkutforming bør innehalde eit språkpolitisk perspektiv. Målet er å styrkje norsk språk, spesielt nynorsk innanfor alle sektorar i samfunnslivet.

Eit tiltak for å skape betre forståing for vårt indre språklege mangfald er t.d. å informere om språksituasjonen i andre land. Om folk forstår at dei fleste land i verda har fleire kulturar og språk innanfor landegrensene, er det antakeleg lettare å akseptere eit språkleg mangfald også i eit lite land som vårt. Slik informasjon kan setje den norske språksituasjonen inn i eit internasjonalt perspektiv som òg kan vere verdifull i arbeidet med mangfaldsåret.

Avslutning
Å skape alliansar er viktig òg i språkpolitikken. Vi treng målungdommen med på laget med omsyn til nye friske og kreative innspel for å styrke nynorsken som bruksspråk i samfunnet. I dette arbeidet kan innvandrarungdom vere ein viktig ressurs.
Vi har lært av fotballen at krefter utanfrå kan føre eit lag oppover på tabellen. Med nye landsmenn med på vår banehalvdel kan vi løfte spelet fleire hakk. Det er viktig å informere innvandrarane om dei mange føremonene ved å lære seg nynorsk. Vi har alt å tene på å knytte alliansar med kvarandre. Det er ein vinn-vinn situasjon som kan komme alle til gode.
Til dykk målungdom vil eg seie: Hald fram det gode arbeidet! Eller, som ei påminning om at det norske språk står ovanfor meir enn ei utfordring: ”Keep up the good work!”

Takk for meg!