Historisk arkiv

Betre konkurranse i finansnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

92/2005

For å betre konkurransen utvidar Finansdepartementet frå nyttår forbodet mot at finansinstitusjonane koplar produkt. Forbodet vil heretter gjelde også ved sal til næringslivet.

Pressemelding

Nr.: 92/2005
Dato: 02.12.05
Kontaktperson: Runar Malkenes, telefon 22 24 41 09 / mobil 95 21 42 83, Anders Lande, telefon 22 24 41 05 / mobil 48 05 33 51

Betre konkurranse i finansnæringa

For å betre konkurransen utvidar Finansdepartementet frå nyttår forbodet mot at finansinstitusjonane koplar produkt. Forbodet vil heretter gjelde også ved sal til næringslivet. - Ved å krevje separate tilbod vil kundane lettare kunne velje dei tenestene dei treng, utan å måtte kjøpe andre tenester i tillegg, seier finansminister Kristin Halvorsen.

Forbodet mot produktpakkar gjeld i dag berre ved sal til forbrukarar. Finansinstitusjonane kan derfor fritt kople saman produkt i produktpakkar ved sal av fleire tenester til andre enn forbrukarar. Finansdepartementet har no vedteke at det forbodet mot produktpakkar som gjeld ved sal til forbrukarar, også skal gjelde ved sal til andre enn forbrukarar.

- Vi har lagt vekt på å få på plass denne reguleringa av produktpakkar overfor næringslivet før reglar om obligatorisk tenestepensjon trer i kraft i 2006, seier Halvorsen.

Dei nye reglane gjeld frå komande årsskifte. Reglane, er fastsette som ei endring i den såkalla produktpakkeforskrifta, og inneber at finansinstitusjonane verken kan setje krav om at ein kunde skal kjøpe fleire tenester eller gi kunden særleg gunstige vilkår med føresetnad i kjøp av fleire tenester. Prisavslag som er grunngitt i kostnadsinnsparingar vil framleis vere tillate.

Forskrifta har to formål. For det fyrste skal forskrifta forhindre at finansinstitusjonar med eit breitt produktspekter innskrenkar konkurransen frå andre finansinstitusjonar ved å kople eigne kundar til ein totalpakke. Slike bindingar kan gjere det vanskeleg for nystarta eller meir spesialiserte finansinstitusjonar å delta i konkurransen på like vilkår. Forskrifta skal leggje forholda til rette for at finansinstitusjonane konkurrerer med kvarandre. I tillegg skal føresegnene gjere det enklare for kundane å orientere seg i marknaden.

I tillegg til å sikre at produkta blir gjorde tilgjengeleg enkeltvis, har Finansdepartementet vore opptekne av at prisane skal gå fram tydeleg for kunden. Departementet har likevel i denne omgangen kome til at det ikkje har vore behov for nye føresegner om kva informasjon som skal bli gitt kunden. Finansieringsvirksomhetsloven § 2 - 11 inneber allereie i dag at ein finansinstitusjon skal opplyse om tenester som inngår i ein produktpakke blir tilbode enkeltvis, og syne prisen på dei einskilde tenestene som inngår i pakken.

Reglane er også gjeve gjeldande for utanlandske finansinstitusjonar, som driv verksemd i Noreg (gjennom filial eller ved grensekryssande verksemd).