Historisk arkiv

Ny ordning med bokføringspålegg og betinga tvangsmulkt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Finansdepartementet

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2008 at skatteetaten skal kunne gje bokføringspålegg og betinga tvangsmulkt ved brot på bokføringslovgivinga.

Regjeringa foreslår i statsbudsjettet for 2008 at skatteetaten skal kunne gje bokføringspålegg og betinga tvangsmulkt ved brot på bokføringslovgivinga.

Ei rekkje undersøkingar som er gjennomførte av skatteetaten viser at det er eit klart behov for å betre kvaliteten på rekneskapane til dei næringsdrivande. Manglar i bokføringa gjer kontrollarbeidet i samband med likninga vanskeleg. I mange tilfelle er det og ein samanheng mellom manglar i bokføringa og ulike typar økonomisk kriminalitet, blant anna skatte- og avgiftsunndragingar.

Ordninga med bokføringspålegg og betinga tvangsmulkt inneber at bokføringspliktige som ikkje følgjer bokføringsreglane, kan få eit pålegg om å innrette seg etter regelverket innan ein bestemt frist. Dersom vedkommande rettar seg etter pålegget, blir det ikkje gjeve nokon økonomisk reaksjon. I motsett fall blir det pålagt ei løpande tvangsmulkt fram til bokføringa er retta i samsvar med pålegget. Tvangsmulkta skal maksimalt kunne utgjere 1 million kroner. Formålet med ordninga er å betre kvaliteten på rekneskapane og likningsoppgåvene til dei næringsdrivande.

Forslaget er tilpassa den nye organiseringa av skatteetaten som blir sett i verk 1. januar 2008. Fullmakt til å gje bokføringspålegg og betinga tvangsmulkt er derfor lagd til dei nye skattekontora.